Smakte fortreffelig. Kunne godt fått meir kimchi. «Sku ei hunden på dens hår For da kan det gå Som når du skuer trønderen på dialekten» - Fritt etter Otto Nielsen
Dette tror jeg er den første hovedretten hos AF jeg tenker at ser greit delikat ut ( kommenterer opplegging ikke smak) så fint at den smakte godt også, eller hva sier du @Sunnfjordingen ? Smakte det bra med Kvakk kvakk?
Du må jo gi beskjed når du kommer og leker på min lekeplass Ja, ja, mandag reiste jeg uansett tidlig til ICN for avreise til PEK. Hørtes ut som om du bodde på Central Park Hotel.
Det er framleis liv i meg. Dagane etter ankomst har blitt brukt til å slappe av, ete god mat, bade, ete, bade og drive dank. Mykje som heime med andre ord, pluss bading. Veiret er topp. Som forventa. Palawan er jo Filippinenes vestlegaste øy. For tida er vi på Astoria Palawan omlag ein og ein halv time nord for flyplassen i Puerto Princesa (PPS). Her blir vi til tysdag, då det er tid for heimreise. Hotellet her kan so absolutt anbefalast. Knappe 2700 for fire personar i tre netter inkludert frukost, tre basseng og ein dag i nabobadelandet må kunne kallast bra.
God morgon frå frukosten på Astoria Palawan. I dag skal vi reise herifrå til PPS. Eg set kursen heimover i morgon, medan madammen og ungane reiser torsdag. Det skuldast at eg hadde ymse arbeid med residensen heime å gjere, måtte booke seinare og at Saudi ikkje hadde ledige seter på flya resten skal med. Heldigvis hadde AF ledig C i 14 timar frå ICN til meg Astoria Palawan har vore ein god opplevelse. I alle fall tatt prisen i betraktning. Det hadde nok gjort seg med noko meir vedlikehald og reparasjonar her og der, men elles er det eit fint anlegg med tre badebasseng, eiga strand, badeland og stort sett god mat. Det blir nok fort fleire vitjingar her neste gong vi er på Palawan.
Då er heimreisa i gang. Snart skal eg fly PPS-MNL. Då eg kom inn i avgangahallen omlag 90 minutt før avgang var boarding allereie i gang. Jaujau. Mykje folk, men kva i alle dagar skal dette hastverket vere godt for? Det skal bli kjekt å fly litt i alle fall, sjølv om dagens flightar går i økonomi med Cebu Pacific.
Jammen blir det A330neo til MNL. No står vi og tankar og alt var tilsynelatande klart til avgang allereie 45 minutt før oppsett avgangstid. Skulle tru det var min gamle bestefar som dreiv dette her. «Du ska vere i ti-inje» sa han.
På plass på MNL terminal 3. Praktisk å sleppe å byte terminal. Dagens fyrste måltid skal no konsumerast. Eg saknar Sambandsstatsferie, so då vart det snøggmat frå Popeyes.
Prøvde meg på oppgradering i transfer desken, men trur du jammen ikkje Cebu Pacific ikkje har business class. Jaja.
Usikker. Det var i alle fall 100% økonomi. Fekk heldigvis naudutgangssete ved midtgangen, so eg sat veldig bra.
Ut frå Manila var det ein A321neo som stod for skyssen. Det er drygt med so mange timar i økonomiklasse når ein helst vil sove, men fram kom eg. Eg trur Cebu Pacific må vere ein lokal LCC. Berre økonomiklasse og ikkje ein gong inkludert kaffi i billetten. Flyet var uansett fint og ordentlig. Innreiinga såg ganske so ny ut.
Vel framme tok eg inn på Hotel Hu ved Incheon flyplassen. Det var ikkje særleg vellukka. Hotellet var ikkje bemanna nattestid og sjølvsagt gjekk dassdøra i lås. So eg er ein tannkremtube og ein tannkost fattigare. Heldigvis gjekk det greit so lenge eg var på badet og tok kveldsstellet. Eg kjem neppe tilbake her.
Lang og fin dagflight med AF til CDG. Eg fekk sett begge «Devil Wears Prada» filmane og drukke fleire glas med champagne enn eg kan telje. Flyturen starta med frukost i loungane til Korean Air ved gate 253. Her vart det konsumert ymse matvarer og ei øl før det var på tide å komme seg til gate. Der var boardinga allereie i gang. Vel ombord var det fort gjort å finne setet. Det vart sete i midten denne gangen og. AF insisterer på at dei skal ha over 1600 kroner for at eg skal få velje sjølv. Menyar vart delt ut, og dagens fyrste Pommery vart mottatt og ekspedert. Det var tunfisk til forrett og kylling til hovudrett. Det var dessverre tomt for biff. Maten vart skylt ned med Cola Zero, Pommery og armagnac. Etter at fyrste filmen var ferdig var det tid for ein lur. Då eg vakna nokre timar seinare var det tid for meir fargefjernsynsunderhaldning og champagne.