Eg har veldig god erfaring med det. Er p.t. berre gull, men i førre periode (som platinum) opplevde eg at det var fullt på begge flyplasshotella ved BGO då eg skulle bestille kvelden før. Då eg ringte hotellet (Comfort. Prøvde ikkje Clarion) og dama i andre enden såg at eg var platinum sa ho at eg var garantert rom. Ho ordna dermed rom (betale cash ved innsjekk) og ba meg ringe kundeservice dagen etter slik at dei kunne endre frå betale cash ved innsjekk til betaling med poeng. Fungerte veldig godt.
Eg har og lese her inne ein stad ein eller annan gong at det ofte er lurt å kontakte Strawberry sin kundeservice om hotella ikkje gjer som dei skal, so ordnar kundeservicen opp.
Last edited: 26. juni 2024