Ville ikkje tatt sånne rapportar for veldig god fisk enn så lenge. Etter kvart sånt error-fare salg så er det alltid ein drøss med personar som har meiningar om det mesta og som har fått "informasjon" frå ymse "kjelder".
Og det er jo berre eit tidsspørsmål før nokon dukkar opp og viftar med den moralske peikefingeren.
For oss som faktisk fekk gjennom booking(ar) er det berre å ta helg med godt samvet, og sjå på mandag om bookinga framleis er gyldig
Som
@tommy777 er inne på, så talar det i vår sak at dette nok faktisk var eit reelt salg, berre med feilaktige prisar. Og at prisane faktisk stod svart på kvitt på salgssida til BA.
Det som talar mot vår fordel er jo at feilen vart liggjande ute såpass lenge at x antall britar (som jo er nokon fleire enn om berre nordmenn hadde nytta seg av feilprisinga) har hoppa på tilbodet, og vil bruka posisjoneringsflightar for å få flydd. Så det kan jo godt tenkjast at tapet for BA/AA (i hovudsak) vert for stort å svelgja.
Det er jo strengt tatt det alt kokar ned til, størrelsen på "tapet" i kroner og ører. Trur ikkje økonomane, i fyste omgang, tenkjer så mykje på DOT-reglar eller EU-reglar.
Vis alt...