Tre storbyar på Balkan: Beograd, Sarajevo og Zagreb

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 26. mai 2017.

  1. Are

    Are EBD - Eurobonusekspert? InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    13,351
    Likes mottatt:
    19,585
    Bonuspoeng:
    293
    Som seg hør og bør :)

    Artig å se litt alternative destinasjoner.
    Bilferie i eks-Jogoslavia står ganske høyt på min liste etterhvert.

    Sliter forøvrig også med bildene. Lastet opp siden på nytt noen ganger og da kommer det i alle fall opp litt varierte bilder :)
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    På Balkan funka det ganske så bra. Grensepasseringar tok sjeldan meir enn 10–15 minutt og trafikkbiletet var ganske så oversiktleg :)

    Herr @Upsaker nemnde i ein heilt annan post noko om komprimering av bilete, noko eg har prøvd. No skal alle vere godt under 1MB store. Kanskje det gjer susen :)
     
    Edvard liker dette
  3. Are

    Are EBD - Eurobonusekspert? InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    13,351
    Likes mottatt:
    19,585
    Bonuspoeng:
    293
    Ser ut til å funke bra :)
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Vel, det tok tid før eg fekk ut fingeren for å skrive om den tredje byen slik at det blir samsvar mellom trådtittel og innhaldet, men no er vi der – endeleg (?).

    Zagreb
    Den kroatiske hovudstaden vart grunnlagt på 1100-talet. Zagreb ligg rundt 2–3 timars bilkøyring inn i landet frå Split. Gamlebyen blir omtalt som ‘Gornij grad’ (Øvrebyen) som er vel verdt å bruke tid på, men det er slett ikkje dumt å tasse rundt i resten av byen heller.

    001.jpg
    Utsikt frå Lotrščaktårnet som ligg midt i hjarta av gamlebyen i Zagreb

    Museumsrunde i Zagreb

    Det skal seiast at eg ikkje visste mykje om den kroatiske hovudstaden før reisefølgjet og eg kom dit, men det viste seg at byen har ganske mange fine museum som er vel verdt eit besøk. Fordelen med fleire av desse er at dei er veldig små og du treng berre ein knapp time eller så på kvart av dei.

    Illusjonsmuséet

    Muzej iluzija, eller Illusjonsmuséet, ligg ikkje så langt utanfor gamlebyen i Zagreb og er via til optiske illusjonar. Det er ingen tvil om at dette er artig for ungane, men ungar finst i alle aldrar, tenkjer no eg. Muséet er slett ikkje stort og det er rom for leik og testing av diverse ting.

    01.jpg

    02.jpg
    Illusjonsmuséet i Zagreb

    Diverre fekk eg ikkje tatt så mange eigne bilete her fordi det var ein skuleklasse på besøk der samstundes som vi var der. Difor har eg lånt eit bilete frå heimesida til muséet som får som eit bevis på at vårt besøk ikkje var ein illusjon.

    Modelljarnbanemuséet – Backo mini express

    I Zagreb finn du ein av verdast største modelljarnbanar. Dette muséet ligg rett borti gata frå Illusjonsmuséet og er rett og slett fantastisk. Kjærleiken til detaljar som entusiastane bak denne modelljarnbanen viser, er utruleg fascinerande å sjå på. Litt meir om prosjektet finn du på heimesida til gjengen. Her følgjer eit lite biletebonanza:

    0002.jpg

    0003.jpg

    0004.jpg

    0005.jpg
    Backo mini express i Zagreb

    Per i dag har karane bak dette prosjektet berre brukt eitt rom, men då vi var der, fortalde dei at dei skulle ta i bruk eit rom til samt leggja modelljarnbane ned til kjellaren under og då skulle det verkeleg bli stort. Dersom du har lyst til å sjå over 100 modelltog tøffe rundt på over 1 km modelljarnbane, er dette plassen for deg. Ventar du litt, blir det endå meir å sjå på.

    Grič-tunellen

    0006.jpg
    Tunellsystem under gamlebyen i Zagreb

    Under andre verdskrigen vart det bygd tunellar og tilfluktsrom under gamlebyen i Zagreb. Etter å ha fungert ei tid som tilfluktsrom for ‘byens lause fuglar’ er tunellane no nyrenoverte og er vel verdt å bruke som transportåre på veg hit eller dit i byen.

    0007.jpg
    Grič-tunellen, godt opplyst og litt kjølegare enn utanfor

    Bymuséet
    Sidan vi først hadde hamna på museumskøyret, gjekk turen òg innom Zagreb bymuseum, eller Muzej grada Zagreba om du vil. Det slaviske ordet grad er det same ordet som vi finn i det norske ordet gard og går tilbake til ei indoeuropeisk rot som vart brukt om eit inngjerda området.

    Vel, tilbake til bymuseet: Her var det utstillingar frå heile Zagrebs historie, frå arkeologiske utgravingar og fram til i dag. Det viste seg at dette muséet var digert og ikkje så veldig interessant fordi det meste av utstillingstekstande var berre tilgjengelege på kroatisk.

    Muséet hadde ei løype som det skulle vere logisk å følgje. Det var opp og ned trapper, inn og ut av større og mindre rom. Overalt var det ting og tang frå ein snart 1 000 år lang byhistorie.

    Til slutt enda eg opp i toppetasjen. På dette tidspunktet var eg ganske metta på alt som hadde med museum å gjere. Det hjelpte ikkje at eg der oppe gjekk meg på ekstremt mykje naken hud. Det viste seg at der var det aktmaling. Dette kom såpass bardust på at eg bråsnudde og småsprang tilbake der eg kom frå…

    0008.jpg
    Historiske Zagreb slik byen blir framstilt på bymuséet
     
    Avixlo, Edin, miura and 7 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre bilete av diverse rundt omkring i byen
    Vi tassa ein del rundt i byen og det vart teke eit par bilete. Her kjem eit lite knippe av dei:

    0009.jpg
    St. Markus-kyrkja i gamlebyen i Zagreb

    0010.jpg
    Det er ikkje fritt for grøne lunger i Zagreb

    0011.jpg
    Området rundt hovudtorget i byen

    0012.jpg
    Området rundt hovudtorget i byen

    0013.jpg
    Nedre del av «matgata» som startar rett bak hovudtorget


    0014.jpg
    Zagreb-katedralen

    0015.jpg
    Utsikt frå Lotrščaktårnet som ligg midt i hjarta av gamlebyen i Zagreb

    0016.jpg
    Utsikt frå Lotrščaktårnet som ligg midt i hjarta av gamlebyen i Zagreb

    0017.jpg
    Mimara kunstmuseum ligg i denne flotte bygninga på Roosevelt-plassen

    Generelt inntrykk av Zagreb
    Den kroatiske hovudstaden er slett ikkje dum for eit helgebesøk. Då vi var der i midten av mai hadde vi strålande sol og rundt 25–28 varmegrader. For meg som bur nord av moralsirkelen var det i varmaste laget, men tilgangen til iskrem er såpass grei at det er til halde ut.

    Dersom ein vil få i seg fast og/eller flytande føde tassar ein berre frå hovudtorget nede i «nybyen» oppover «matgata» som ligg langsmed ytterkanten av gamlebyen. Her er det mange trivelege fortausalternativ for svoltne og tørste sjeler til ein hyggjeleg pris.

    0018.jpg
    Ein av fleire stader der vi fekk stramma bukskinnet

    Samanlikna med Beograd og Sarajevo framstår Zagreb som litt reinare og folk ser ut til å ha litt meir mellom hendene enn i dei har i dei to andre byane.


    Drosjesjåføren som køyrde oss utover til flyplassen på avreisedagen delte villig sitt syn på livet dagens Zagreb. Han kunne forstå at turistar synst det er fint å gjeste byen ein kort periode, men han meinte at livet for det fastbuande var vanskeleg. Prisnivået vart på ingen måte avspegla av høge lønningar.

    I tillegg såg framtidsutsiktene i arbeidsmarknaden for unge svært dyster ut, meinte vår sjåfør, då ungane hans knapt fekk seg arbeid bortsett frå i turistindustrien ute ved Adriaterhavskysten og då berre i høgsesongen.

    0019.jpg
    Nasjonalteateret i Zagreb

    Sånn i ettertid vil eg påstå at Zagreb er kanskje minst spennande av Sarajevo, Beograd og Zagreb. Sistnemnde ser ut som ein europeisk storby og kjennast ut som ein. I Sarajevo opplevde eg at atmosfæren var distinkt annleis, meir prega av austleg påverknad. Beograd blir på ein måte ein mellomting.

    Når det er sagt er Zagreb ein stad eg kunne tenkt meg å reise tilbake til. Heller hit enn til dei badande hordane ute ved kysten. Til å vere ein hovudstad er livet ganske så ‘lungt’ og folk er trivelege.

    0020.jpg
    Eit bilete frå Øvrebyen i Zagreb til slutt
     
    Avixlo, Petter B-C, RoadKing and 10 others like this.

Del denne siden