Som ved alle andre slike tilbod så fylgjer me eit nøye tilrettelagt flytskjema med forskjellige fasar:
1) Tilbodet dukkar opp. Stor entusiasme og alle straumer til for å finne diverse andre routingar enn det som opprinneleg vart posta.
2) Folk har fått booka, diskusjonar om meet-ups oppstår. Forargelse for at nokon har funne ein endå bedre routing enn du sjølv har.
3) Tilbodet forsvinn. Dei som ikkje har booka sparkar seg sjølv i leggen for at dei ikkje leste forumene på denne tida, og dei som har booka byrjar debatten om desse kjem til å gå gjennom eller ikkje. Diskusjonar om dette var ei feilprising eller ikkje oppstår.
4a) Dei fyrste byrjar å fyka, ein unison eufori oppstår og resten bookar hoteller og connecting flights. Ein moralsk debatt oppstår, om det er rett å booke desse billettane.
4b) Hvis ikkje 4a; Flyselskapet kansellerer billettane. Truslar om søksmål oppstår, og folk svergar til å aldri fly med dette flyselskapet igjen.
5) Tråd dør ut, og går inn i forumets gløymebok.
Eg vil påstå me akkurat no er inne i fase 3
Vis alt...