Frå 0 til gull på 80 dager i Nordic Choice Club.

Nordic Choice Club Mastercard

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Eg har vore ivrig på å få meg flystatus og har stort sett brukt Viatrumf på hotellovernatting med Expedia. Status på hotell har stort sett vore avgrensa til gullmedlemskap hos Expedia og Radisson med aksjestatus. Eg synes ofte at Choice sine hotell leverer bra. I Norden kan ein kombinera ViaTrumf, NAF-rabatt og bygge status hos selskapet, så målet var satt! Fra 0 poeng og ingen status, til 51 000 poeng og gullstatus på under 3 månader og med ganske få overnattingar.

Choice har som hotellkjede vore aktive på kjøpe og oppussingsfronten den siste tida, og har ein aktiv eigar som viser seg fram til stadigheit, men er lojalitetsprogrammet Nordic Choice Club noko å gå etter? Eg tok sjansen.

Min status

  • Har 15+ reiser i året i jobbsamanheng, og frå 30 overnattingar, men ein del på uavhengige stadar
  • Privat reiser eg alt for mykje, og ender ofte med 10 lengre turar med overnatting gjennom året, då ofte med familien, og ofte litt lengre.

Slått saman har eg for lite overnattinger til å komme opp på toppstatus på nokon kjeder, og det er spreidd rundt i verda. Eg har også gått til innkjøp av aksjar i Radisson, noko som har ført til at eg har budd nokre netter der, men ofte så treff ikkje Radisson dei plassene eg kjem til, og då er det ofte Choice som gjeld.  Ein kan diskutere kor nyttigt det er med status for så få overnattingar, men eg har hatt 4 netter med born den siste tida, og større rom, tidleg innsjekk og sein utsjekk er kjekt å ha.

Nordic Choice Club

Nordic Choice Club har tre statusnivå, sølv på 10000 poeng eller 5 overnattinger, gull på 50 000 poeng og 30 overnattinger og Platinum på 100 000 poeng og 60 overnattinger. Det som er litt annleis for Choice samanlikna med andre lojalitetsprogram, er at ein kan få poeng frå andre ting en overnatting til å telle mot status. Du treng me andre ord ikkje bo ei natt på nokon hotell, og du kan strengt tatt kjøpe den med trumfpoeng. Gullstatus vert då 3334 trumf-kroner, og platinum 6667 trumfkroner.

Bonusopptening er best på hotellrom, der får ein eit poeng per krone, og bonus på 10% for kjøp på nett. I tillegg får ein statusbonus på 10-30%. Alle rom kan bookast med viatrumf, noko som gjer 5,5% på dei fleste hotell og 8 % på Comfort. Dette gjer eit tillegg frå 82,5 Choicepoeng per 100 lapp om du vekslar inn trumfen din i Choicepoeng. Ei overnatting på 1000 kr, vil då gje 1100 poeng på overnattinga utan status, og 825 poeng med Viatrumf.

I tillegg kan du tene poeng ved kjøp av partnarar, men ofte er dette tilbod som ligg omtrent på same nivå, eller under det ein får med Eurobonus eller Norwegian Reward. Men nett no har dei ei kampanje på Aftenposten digital til halv pris, og 5000 poeng, https://kundeweb.aftenposten.no/bestilling/skjema.htm?id=1599

Om ein er NAF medlem så får ein stort sett 15-20% på hotellrom. Dette let seg booke på nett og det kan også kombinerast med Viatrumf! Kode er 65668

Nordic Choice Club Mastercard

Kortet er utgjeve av SEB, og nett no får du det gratis og 10 000 ekstrapoeng. Dei har også kampanjar på doble poeng iblant. Kvar månad du bruker kortet får du to overnattinger mot statusen din. Har du kortet i 12 mnd og har aktivert til dømes Netflix her så får du 24 bonusgjevande netter, og du treng kun 6 til for å bli gull. Kortet garanterer sølvstatus, og kostar 595 for sølv, 495 for gull og 395 for platinum.

Det beste med kortet er bonusoppteninga du har på hotellovernattingar. Du får 30 poeng per 100 lapp og 20 poeng ekstra når du booker på net eller med app. På øvrige kjøp skil ikkje kortet seg ut, og gjer 10 poeng per 100 lapp i Norge og 20 poeng I utanlands valuta. Kortet kan brukast med Payr.

Frå 0 til gull

For min del så har eg hatt litt utvida reising no og har fått meg 10 overnattinger med dette. I tillegg har eg booka og betalt for nokre andre og då blir det poeng av det.

Min samanregning blir:
10 000 kr for romma blir til 12 000 poeng med bonus

Betalt med Choice Mastercard og booka på net, blir 5000 poeng, og i tillegg viatrumf og trumf for 9000 poeng

Eg har fått 10 000 poeng i velkomstbonus på mastercardet og då er dette samla 36 000 poeng. Nett no har eg overført 1000 friske trumfkroner inn på kontoen og eg tippa 50 000 poeng, og har gullstatus ut perioda og neste. I tillegg kjem fleire overnattingar og målet er å få seg platinum status før perioden er omme. Då med ca 25 000 poeng frå fleire overnattingar og reisten frå Trumf som gjer 15 poeng per trumfkrone.

Og korleis kan ein bruke poenga?

Det er brukbar tilgjengelegheit på rom om ein er ute i litt god til og ikkje reiser på dei travlaste tidene. Med platinumstatus har du garantert bonusuttak om det finnes standardrom ledig. Eg har funne ut at Comfort hotell er ein ypparleg plass å bruke dei på. Her får du ofte rom til 10000 poeng og på Comfort Express kan du få dei net i 7500 poeng. Om du skal flotte deg så ser også The Thief for 40000 poeng ut som ein god deal. Normalt sett koster det over 3500 for eit rom her.

Elles finn ein ei fin oversikt over kor ein kan få god verdi for poeng her.

Lifetime

Om ein samlar 500 000 poeng, så får ein også lifetime gold, og Platinum er på 1 million poeng. Her kan ein og kjøpe seg status med trumf-poeng. For min del så samlar eg no opp 100 000 poeng for platinum og skal halde den til statusen går ut, og kanskje ned i gull, for så å gjera eit aktivt grep for å komme opp på platinum att. Slik sett vil ein kunne komme seg opp på lifetime for gold etterkvart.

Konklusjon

Nordic Choice Club er ein fornuftig lojalitetsklubb for deg som overnatter mest i Noreg og Norden. Ein får status frå 5. natt eller med eit Nordic Choice Club Mastercard. Med seks overnattingar i året og Nordic Choice Club Mastercard i bruk kvar månad, har ein gullstatus på eit år. Kva statusen hos kjeda er verdt kan ein diskutere, og verdien er knytt til kor mange hotellnetter i kjeda i året. For meg som har rundt 30 netter i året, så er det fint å få ei oppgradering. Det blir også fleire bonusovernattingar framover.

I tillegg er det ein fin plass å få over trumfpoeng til 15 poeng til trumfkrona. For min del så har eg kunne kjøpe nokre hundrelappar av venner og kjende, og putta inn for å få status. Nå går eg for platinum (tips om ein skal overføre trumf frå tredjepart, er å få tak i eit telefonnummer som ikkje er registrert i korkje Trumf eller NCC og sette inn i begge kontoane, og ein kan overføre lett). For min del så kjem eg til å fokusere på Nordic Choice Club framover framfor Radisson, sjølv om eg har aksjepost her som gjer gull.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *