Iberia Plus tilbyr statusmatch

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Iberia Plus tilbyr statusmatch for medlemmar av Airberlin Topbonus- og Miles & More-medlemmar.

No når enden er nær for Airberlin er kampen om kundane deira i gong for fullt. Først såg vi at Finnair kom på bana med statusmatchtilbud, no kjem Iberia Plus etter.

Du kan nytte deg av dette tilbodet dersom du har ein av dei følgjande medlemsnivåa:

  • airberlin Topbonus Silver
  • airberlin Topbonus Gold
  • airberlin Topbonus Platinum

eller

  • Miles & More Frequent Traveller
  • Miles & More Senator
  • Miles & More Hon Circle

Diverre tilbyr ikkje Iberia Plus match til toppnivået sitt, 2-year Platinum status, so eg kan ikkje sjå føre meg at særleg mange Lufthansa Hon Circle-medlemmar kastar seg på dette tilbodet.

For dei med Topbonus Gull eller Platinum eller Miles & More medlemmar med Senator eller Hon Circle tilbyr Iberia Plus statusmatch til Gold, som er tilsvarande Oneworld Sapphire (det lågaste nivået innan Oneworld som gjev tilgang på lounge).

Dersom du er interessert må du besøke denne sida – dei tyske innstillingane tillet berre tysk eller spansk språk – og sende ein e-post til [email protected] med eit bilete av ditt Topbonus- eller M&M-kort.

Du kan diskutere airberlin sin konkurs på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Craig Sowerby for vår systerside Insideflyer.co.uk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *