KLM introduserar også nye billettypar til Nord-Amerika

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

KLM introduserar nye billettypar til USA og Canada. Dei rimelegaste billettane inkluderar berre handbagasje.

Konkurransen på flygingar mellom Europa og Nord-Amerika er hard. For nokon dagar sia meldte vi at SAS vil tilby Go Light-billettar til USA, Lufthansa innførte det same for nokon månadar sia. No kastar også KLM seg over den nye trenden med å tilby flybillettar over Atlanteren som ikkje inkluderar innsjekka bagasje.

KLM vil no tilby dei same billettane på transatlantiske flygingar som dei gjere på flygingar innan Europa. Det vert tre billettypar: Light, Standard og Standard+. Fleksibiliteten og innsjekka bagasje avhengar av billettypen. Det er første gong KLM introduserar billettar utan innsjekka bagasje på interkontinentale ruter. Også Air France, Delta Airlines og Alitalia vil innføre denne prisstrukturen som deltakarar i deira transatlantiske joint venture-avtale. Selskapa håpar med dette å kunne appellere til reisande på budsjett og at det vil halde konkurrentane på avstand.

Light, Standard og Standard+

I ein Light-billett er berre handbagasje inkludert. Passasjerar som har bestilt ein Light-billett og som seinare bestemmer seg for å ta med bagasje kan kjøpe dette. Dette vil då vere dyrare enn om du hadde kjøpt ein Standard-billett frå starten. Flying Blue Ivory-medlemmar får stadig rabatt på bagasje. Det vil koste €150 å endra ein Light-billett og den kan ikkje kansellerast.

Ein standard-billett inkluderar, som før, ein handbagasje på 23 kg, vilkåra rundt endringar og kansellering er dei same som på Light-billettane.

Billettar av typen Standard+ vil kunne endrast etter vilkåra, enten gratis eller mot betaling.

Servicen ombord er uansett en same og du vil opptene like mange miles i Flying Blue uansett billettype.

Flying Blue Elite

Flying Blue Elite-medlemmar, Sølv, Gull og Platinum får framleis ein ekstra bagasje inkludert. På ein Light-billett kan du dermed ta med ein bagasje, medan du kan ta to på Standard- eller Standard+-billettar.

Har du lest vår guide til Flying Blue?

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av The Flying Dutchboy for vår systerside Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *