Leig bil med Avis – få 10.000 Eurobonuspoeng

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Dersom du har eit SAS Eurobonus Mastercard eller SAS Eurobonus Mastercard Premium so kan du no få opp til 10.000 Eurobonuspoeng på ei leige med Avis.

Avis har akkurat lansert ein kampanje der du kan tene 10.000 Eurobonuspoeng på ein leigebil. For å få 10.000 poeng må du leige i 10 dagar eller meir. Dersom du har ei leige på 7 dagar eller meir vil du få 7.000 Eurobonuspoeng. Med 2-6 dagar vil du få 5.000 Eurobonuspoeng.

Du finn kampanjen her. Bilen må bestillast innan 31. mai.

Vi har tidlegare skrive om fjorårets største kredittkortnyheit, SAS Eurobonus Mastercard Premium. Vi har også skrive ein guide til korleis du kan tene mest mogleg bonuspoeng, leigebilar kan ofte vere ein god bidragsytar til dette.

Dette er definitivt ein interessant kampanje, og spesielt for korte helgeleiger vil du få god valuta for pengane.

På vårt forum kan du diskutere denne og andre leigebilkampanjar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *