Vegen til bonusreise i business- og første klasse – ein introduksjonsguide

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Det er naturleg å tenkje at ein er avhengig av å fly mykje dersom ein skal opptene mange bonuspoeng, dette er noko som ikkje stemmer lenger. I denne artikkelen vil vi gje deg nokre tips til kva du bør fokusera på når du skal starte karriera di som poengsamlar. Flybillettar i business- og førsteklasse er absolutt innanfor rekkevidde for dei fleste.

I denne guiden vil vi stort sett nytte Eurobonus som referanse, men det fins også liknande tilbod for andre bonusprogram. Noko av det som gjere SAS sitt Eurobonusprogram attraktivt er moglegheita for å ta ut bonusreiser hjå partnerane. Sjølv om SAS tilbyr ei god businessklasse so vil det ikkje kunne måle seg med førsteklasse hjå andre partnarar i Star Alliance. På forumet fins det ein tråd der medlemmar legg ut sine bestilte bonusreiser, dette kan vere ein god plass å hente inspirasjon. På forumet finn du også mange reisebrev frå turar i både business- og førsteklasse med forskjellege selskap. Om du brukar litt tid til å setje deg inn i alt dette vil du sjå at bonuspoeng kan opne dører du ikkje hadde sett føre deg.

Lufthansa First Class cabin, A380

Kredittkort

Kredittkort vil for dei fleste vere nøkkelen for å opptene mykje poeng per år. Tradisjonelt har vi som bur i Noreg mangla dei gode kredittkorttilboda som du til dømes kan finne i USA, dei seinare åra har dette derimot endra seg noko. Om du vil ha full oversikt over kva kredittkort du kan opptene bonuspoeng på kan du sjekke ut denne artikkelen. I denne guiden vil eg trekke fram tre kort.

SAS American Express Platinum

Det første kortet er SAS American Express Platinum, kortet har ei årsavgift på kr 1700, prisen kan verke avskrekkande men det fins gode grunnar til å ha kortet. Du får ein velkomstbonus på 12.000 Eurobonuspoeng som kan hjelpe litt på avgifta det første året. Med dette kortet opptenar du 20 Eurobonuspoeng per 100kr du omset. Hovudgrunnen til at du treng dette kortet at du får ein Companion Ticket (CT) dersom omset for over kr 100.000 innanfor eit kalenderår. Med ein Companion Ticket får du moglegheit til å reise to personar for prisen av ein på ei bonusreise i Star Alliance. På forumet finn du ein tråd med spørsmål og svar om Companion Ticket, her fins alt av tilgjengeleg informasjon og du har moglegheit for å stille dine spørsmål. Når du først har opptent poenga dine vil du gjerne at desse skal vare lengst mogleg, med ein Companion Ticket kan du få dobbel utnytting av poenga dine på ei reise i året. Du kan enten få halv pris på ein billett eller to billettar for prisen av ein.

Det offisielle kravet for SAS American Express Platinum har vore ei årsinntekt på kr 600.000. Dersom du ikkje innfrir dette vilkåret kan du starte på eit anna kort i serien (Classic eller Premium). Deretter kan du opparbeide deg ein god kreditthistorikk og søke igjen seinare. Tips for å få innvilga kortet etter først å ha fått avslag finn du i denne forumtråden.

SAS American Express Platinum

SAS Mastercard Premium

SEB Bank lanserte nyleg eit nytt Mastercard i samarbeid med SAS, nemleg SAS Mastercard Premium. Kortet har ei årsavgift på kr 1495 og ein velkomstbonus på 10.000 Eurobonuspoeng. Den største verdien av dette kortet får du dersom du har opptent 200.000 Eurobonuspoeng siste året. Då får du anledning til å bestille bonusbillettar i businessklasse med SAS for prisen av ein økonomibillett. Dette gjev noko dårlegare verdi enn ein Companion Ticket, men er eit fint supplement dersom ein har nok poeng. Full oversikt over poengoppteninga i dette kortet finn du i artikkelen over, den generelle satsen er 15 Eurobonuspoeng per 100 kr.

Shell Mastercard

Det siste kortet vi ynskjer å trekke fram er Shell Mastercard. Dette kortet gjev 1 Trumfpoeng per 100kr, noko som tilsvarar 13,88 Eurobonuspoeng på 100 kr. Den største fordelen med dette kortet er at det ikkje har noko årsavgift. Er du litt usikker på om du skal gå «all-in» på poengsamling kan dette vere kortet du skal starte med. Ein annan fordel med dette kortet er at du opptenar Trumf, desse går ikkje ut på dato og du risikerar difor ikkje å miste poenga dine. For meir informasjon om Trumf og konvertering til Eurobonus kan du sjekke ut denne guiden. Dette kredittkortet har heller ingen grenser utover kredittgrensa i Payr-appen.

Vi har her trekt fram tre forskjellege kredittkort, men det fins mange fleire. Bank Norwegian sitt kredittkort kan også nemnast, her opptenar du 1 Cashpoint per 100kr. Desse kan du ikkje nytte på førsteklasse eller businessklasse hjå andre selskap, men du kan fly Norwegian sitt eige premiumprodukt. Det kan også vere verd og nemne DNB sine Mastercard. Serien med ordinært kort, Saga og Private Banking gjev ordinær opptening på hhv. 15, 20 og 25 poeng per 100 kr. Vi kan også nemne DNB sine ordinære American Express-kort, som gjev 20 poeng per 100 kr.

Svært mange av kredittkorta gjev velkomstbonusar. Du kan difor få ein god del poeng om du startar med å bestille fleire kredittkort. Vi vil sjølvsagt oppmode om fornuftig kredittkortbruk, for at reknestykka skal gå opp må du betale fakturaane til forfall.

Daglegvarer

Alle butikkar innanfor Norgesgruppen tilbyr Trumf-opptening, her kan vi igjen vise til vår Trumf-guide. I tillegg har fleire av kjedane kampanjar eller program som gjev fast ekstra opptening eller ekstra opptening i periodar. Eit døme på dette er Trippel Trumf Torsdag som dukkar opp med jamne mellomrom. Andre eksempel er Kiwi Pluss som no gjev 15% bonus på frukt og grønt, eller Meny sin sunnhetsbonus som gjev 25% Trumf på ein sunn produktkategori kvar veke. Du finn alle desse kampanjane i Trumf-guiden. I tillegg til Trumfbonus kan du også tene poeng på kredittkortet. Eit tips når det gjeld Norgesgruppen sine butikkar er at du først skannar Trumfkortet og deretter betalar med kredittkort. Alle Kiwibutikkar tek American Express. Legg du all daglegvarehandel til denne kjeden vil du både kunne tene Trumfbonus og Eurobonuspoeng. Samtidig jobbar du deg opp mot årsomsetningsmålet på kr 100.000. Fleire andre daglegvarebutikkar tek også American Express, spesielt i turistområder, diskusjon rundt dette finn du på forumet vårt.

Shopping

Viatrumf

Viatrumf er ein portal der du kan få kickback når du handlar på deltakande hotellkjedar, reisebyrå, klesbutikkar og liknande. Bonusen er oftast ein gitt prosent, men nokre butikkar gjev også eit fast beløp per handel. Du finn portalen her. Viatrumf har definitivt gjort poengopptening mykje enklare. Som eit eksempel kan vi ta Expedia som gjev 8,5% Trumf via Viatrumf. Om du bestiller eit hotell for kr 2000 vil du opptene 170 Trumfpoeng. Desse Trumfpoenga kan deretter konverterast til 2360 Eurobonuspoeng, det tilsvarar over ein femtedel av poengprisen for ein bonustur til Svalbard (10.000 Eurobonuspoeng). Viatrumf har også ei utviding som du kan installere i nettlesaren din. Denne gjev deg eit hint kvar gong du besøkjer ei nettside som er med på Viatrumf.

nye nettbutikker hos viatrumf

SAS Online Shopping

SAS har også ein eigen portal tilsvarande Viatrumf. Via SAS Online Shopping kan du tene bonuspoeng på over 300 butikkar, typisk vil du opptene x-antal poeng per 100kr du handlar for. Satsane er generelt nokon lågare enn på Viatrumf, men det kan vere verd å sjekke ut dersom du skal handle noko på nett. Du finn denne portalen her.

Restaurantar og fysiske butikkar

SAS har i samarbeid med Loyalty Solutions lansert ein portal der du kan opptene bonuspoeng på restaurantar, fysiske klesbutikkar og liknande. Her må du ha me deg eit Eurobonuskort (ikkje kredittkort) og trekke dette før du betalar. Du finn ei oversikt over deltakande aktørar her.

Anna

Hotell

Fleire hotellkjedar tilbyr opptening til Eurobonus. Scandic Hotels og Thon Hotels gjev deg 500 Eurobonuspoeng per natt, Club Carlson (Radisson) gjev deg Club Carlson-poeng som kan konverterast til Eurobonus. Dersom du ikkje er lojal mot ein spesiell hotellkjede vil det oftast lønne seg å nytte Viatrumf for deretter å bestille via Expedia, Hotels.com eller liknande. Dersom du bestiller hotell via ein tredjepart vil du som oftast ikkje kunne nytte dine statusfordelar hjå hotellkjeden. På forumet vårt har vi ein eigen seksjon som omhandlar hotell og fordelsprogram. Her kan ein diskutere tilbod, dele erfaringar med hotell og stille dei spørsmål en måtte ha.

Leigebil

Både Hertz og Avis har med jamne mellomrom kampanjar der du kan tene ekstra Eurobonuspoeng. Her kan du ofte få 5000 eller 10.000 poeng per leige, gjerne med krav om eit visst tal dagar. Du kan få tips om slike kampanjar på forumet vårt og her kan du også diskutere alt rundt leigebil.

Avslutningsvis

Denne guiden er meint til å gje deg ein introduksjon og den kan også vere eit oppslagsverk når du skal byrja med poengsamlinga di. Vi har forsøkt å peike på ein del områder der du kan tene poeng, men det fins mange fleire. Frå ei tid til ei anna dukkar det også opp kampanjar som er ekstra gode. Vi kan tildømes nemne då SAS og Elkjøp hadde eit samarbeid, då dukka det opp eit tilbod som gav 30.000 poeng for kr 2211. Verdien i slike kampanjar vil alltid avhenge av korleis du verdset poenga dine, dette vil alltid vere individuelt og du må sjølv gjere denne vurderinga. Ei retningslinje kan kanskje vere Trumf-standarden som gjev ein pris på 7,2 øre per poeng. Til samanlikning sel SAS Eurobonuspoeng for 25 øre per poeng.

Det beste tipset eg kan gje deg er uansett å følgje med på Insideflyer.no, både på framsida og på forumet. Då vil du alltid vere oppdatert på dei siste kampanjane og dei tipsa som gjev deg ein litt enklare bonuskvardag.

Du er velkomen til å stille spørsmål og diskutera denne artikkelen både i kommentarfeltet og på forumet.

Då er det berre å ynskje lykke til med bonusjakta!

Framsidebilete: SAS Businessklasse

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *