Lounge: DFW Centurion Lounge

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

På ein flyplass som er dominert av American Airlines, med sine fire loungar, er det enkelt å gløyme at det fins eit anna særs godt alternativ, nemleg The American Express Centurion Lounge.

Lokalisasjon

Loungen er lokalisert rett over Dylan’s Candy Bar, ovanfor gate D-17. DFW-loungen er eit typisk American Express-produkt. Loungen er lett å oversjå på grunn av si lokalisering i andre etasje og dårlege merking. Vi gjekk rett forbi eit par gongar før vi fann skiltet som peika mot rulletrappa.

Inne i loungen

Når du har kome opp vil du sjå inngangen til loungen rett framfor deg. Dama bak skranken var veldig hyggjeleg, gav oss ein kjapp introduksjon og sa at vi måtte berekne litt betre tid neste gong, slik at vi kunne nytte spa-fasilitetane. Dette vil vi definitivt gjere.

Loungen hadde flott belysning og var designmessig veldig stilig. Der var arbeidsplassar på begge sider av matområdet, men dersom du ynskjer å arbeide bør du ta rett til høgre etter inngangen. Viss ikkje risikerar du å bli nedrent av alle passasjerane som ynskjer å hente seg ein matbit. Naturlegvis hadde dei grøne stolar, dette har blitt ein slags signatur for desse loungane.

Mat

DFW Centurion Lounge har satsa ein del på lokalmat. Dette inkluderte «smoked pecan crusted chicken thighs», «Texas spiced meatloaf» og «Corn Pablano chowder” (nokon andre må vurdere om dette faktisk er lokale rettar). Dersom du ikkje ynskjer sterk mat fins det er mange andre alternativ, inkludert ein relativt stor salatbar. Menyen er ein av områda Centurionloungen ynskjer å differensiere seg på, og dei gjer ein god jobb, i alle fall når det gjeld utvalet.

Amenities

Loungen har mange sitteplassar, datamaskiner, bra Wi-Fi og dusjar, stort sett det meste den reisande treng.

Tilgang

Du har tilgang til denne loungen dersom du har eit global Platinum Card eller er Centurion-medlem og har ein dagsaktuell flybillett. Du kan også ha gratis tilgang med andre American Express-kort, sjekk betingelsane på dine kort. Alle andre reisande med eit American Express-kort kan kjøpe tilgang for 50 USD.

Denne artikkelen vart først publisert av Mike Friedman på vår systerside, InsideFlyer.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *