Test: Andaz Prinsengracht, Amsterdam

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Andaz i Amsterdam er Hyatt sitt andre hotell i Europa under dette merkenamnet. Mange Andaz-hotell prøvar å framstå som noko eksentriske, med varierande hell. Dette hotellet, som ligg rett ved byen sine kjende kanalar, klarar dette bra. Hotellet har tidlegare vore eit bibliotek, og det ligg ein 15 minutts drosjetur frå Central Station. Togstasjonen har tog til Schipol 24 timar i døgnet.

Du kan også kome deg til hotellet ved hjelp av trikk frå Central Station, du får då ein ti minutts spasertur før du er framme ved hotellet. Dersom du har mykje bagasje kan det vere vanskeleg å navigere seg mellom bilane og syklistane i Amsterdam sine gater.

Lobbyen er liten,  dette heng nok saman med dei høge eigedomsprisane i Amsterdam. Resepsjonistane var hyggjelege og effektive. Rett bak resepsjonen finn du heisane som tek deg oppover i etasjane.

Eg klarte å ordne meg ei oppgradering til eit rom med utsikt over kanalen utanfor. Ei karakteristisk utsikt for byen.

Romma er ikkje store, og vasken er faktisk plassert inne i soverommet. Der er ei dør til badet med toalett og dusj.

Sengene var komfortable og over senga finn du ein stor fisk.

Eg fekk ei god natts søvn og Hyatt Diamond-frukosten tok eg på restauranten i første etasje. Der kunne du bestille varm mat frå kelneren, medan du kunne forsyne deg sjølv av dei kalde alternativa.

Rett utanfor restauranten finn du ein hage. I hagen finn du ein del kunst, som ein mann med ei krone. Slike skulpturar finn du over heile hotellet, sjølv i korridorane.

Alt i alt hadde eg eit fint opphald på eit flott, men litt dyrt, hotell. Her slepp du unna mykje av utdrikkingslaga som dominerar fleire av dei andre bydelane.

Artikkelen vart først publisert av Miles from Bligthy på vår systerside, InsideFlyer.co.uk

Oversikt

Publiseringsdato

3. February, 2017

Fordeler

God lokalisasjon, rett ved ein kanal
Uansett kor du snur deg vil der vere noko for auga, bilete møblar, lys og skulpturar lagar ei atmosfære

Ulemper

Små rom, typisk for Amsterdam
Dyrt, litt rimelegare i helgane, men prisen i vekene er høg

Service

Lokalisasjon

Rom

Fasilitetar

Pris

Overall Rating

Konklusjon

Eit flott hotell i ein fin by

3.2

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *