Meny endrar Sunnhetsbonusen, no får du 25% Trumf

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Meny har annonsert at dei vil endra måten du kan opptene Sunnhetsbonus. Fram til no har du fått 7% Trumf på sunne varer som grovt brød, frossen fisk og frukt, dette vil det bli slutt på 4. januar 2018.

Allereie frå 4. desember må du sjå etter skilt merka med «Ukens Sunnhetsbonus» i Meny-butikkane. Desse produkta vil variera frå veke til veke. Denne veka er det ferske urter som gjev 25% Trumf.

Skjermbilete frå meny.no

I ein overgangsperiode mellom 4. desember og 3. januar vil du få Sunnhetsbonus etter både den gamle og den nye ordninga. Når du handlar produkt som inngår i den nye kampanjen vil det vise få 1% + 24% Trumf på kvitteringa.

Veldig gode tider for bonusopptening

Slik vi ser det er dette ei veldig spanande ordning, og den føyer seg inn i rekka over kampanjar der du kan tene mykje Trumfpoeng. Vi kan også minna om kampanjen hjå Joker der du kan få 50% Trumf på Coca Cola-produkt.

Hugs å les vår guide til Trumf og Viatrumf.

Trumf er ein ypparleg måte å opptene Eurobonuspoeng på. Under den førre kampanjen frå SAS kunne bestille bonusturar i businessklasse for so lite som 48.000 poeng. Dette kravde riktig nok at du har høgste nivå på SAS Eurobonus Mastercard Premium. 48.000 poeng tilsvarar so lite som 3458 Trumfpoeng, og det er noko som bør vere oppnåeleg for dei fleste. Vi vil drista oss til å seie at det aldri har vore so enkelt å opptene Eurobonuspoeng som det er i desse tider.

Det fins allereie ein tråd på forumet der dette tilbodet vert diskutert, sjekk den gjerne ut her.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *