Oppsummering av 1. april

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I går var det 1. april, her kjem ei oppsummering av gårsdagens flyrelaterte aprilspøkar

Først kan vi nemne vår eigen. Vi meldte i går at Ryanair vil starte eighth freedom-flights frå Oslo til Bergen. Dette er nok ikkje tilfelle, men kanskje kan Michael O’Leary hente noko inspirasjon frå denne artikkelen.

Andre spøkar

SAS meldte på Twitter at dei vil leggje til ein selfie-knapp i panelet over setet. Her kunne du trykke på knappen, og bilete ville bli lasta opp til SAS-appen.

Lucky på One Mile at a Time meldte at Emirates ville ta kommersielle flygingar endå eit steg vidare. Flytypen APR001 ville vere ein triple-decker og mellom anna innehalde eit symjebassen og ein park!

Qatar Airways meldte på Facebook at dei lanserte YouSuite.

Widerøe meldte at dei ville vere første flyselskapet i verda med skiboks på taket.

Reisebyrået Berg-Hansen meldte om nye bagasjereglar frå 1. juni. No skulle kroppsvekta di avgjere kor mykje bagasje du får ta med deg.

 

Såg du nokon andre flyrelaterte aprilspøkar i går? Dei dei med oss på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *