Eksklusivt – Bli med behind the scenes og prøv ein «Delivery Flight» – Du flyg direkte frå Boeingfabrikken i Seattle til Europa

Norwegian Boeing 737 MAX 8

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

InsideFlyer kan saman med MegaDo gje deg ein unik moglegheit til å bli med på en «Delivery Flight» – direkte frå Boeingfabrikken i Seattle. Dette er ein «once in a lifetime opportunity».

Ein «Delivery Flight» er når eit flyselskap overtek eit nytt fly frå fabrikken, i dette tilfelle frå Boeing. Flyselskapet flyg det heim til den lufthavma flyet skal ha som base, eller der det skal klargjerast.

Normalt er ein slik tur øyremerkt to personar, kapteinen og piloten.

Det er ein slik Norwegian Boeing 737 MAX du kan vere med å hente på Boeingfabrikken i Seattle.

I anledning at Norwegian, som første europeiske flyselskap, får levert ein Boeing 737 MAX frå Boeingfabrikken i Seattle har flyselskapet bestemt seg for å gjere dette til ein heilt spesiell tur. I tillegg til kapteinen og piloten vil du få moglegheita til å delta på overleveringa av flyet, og fly med det heim til Europa. På denne flyginga vil du også få selskap av CEO i Norwegian, Bjørn Kjos, som du dermed kan få ein eksklusiv prat med om alt mellom himmel og jord.

Alt overskot går til UNICEF

Det som gjer denne turen endå betre er at alt overskotet går til det arbeidet som UNICEF utfører, so i tillegg til at du kan få ei unik oppleving kan du også vere med å bidra til det viktige arbeidet UNICEF gjer over heile verda.

Les meir om UNICEF her.

Programmet

Programmet for turen er slik:

  • Klippe det raude bandet for overdraginga av flyet på Boeing sitt eige «Delivery Center» i Seattle
  • Du får din eigen tre-setar på turen frå Seattle til Oslo
  • Ankomstseremoni i Oslo

Som ein del av pakken du kan by på er det også inkludert:

  • Utreisebillett i Premium Economy til ein valfri Norwegian-destinasjon i USA (New York, Los Angeles, San Francisco/Oakland, Boston, Fort Lauderdale/Florida eller Orlando/Florida)

Du må sjølv sørgje for den siste delen av turen til Seattle og Boeing sin fabrikk, i tillegg til eventuelle overnattingar.

Dato for turen

Seremonien på Boeingfabrikken er sett til den 13. juni klokka 10:00 lokal tid. Avgangen frå Boeingfabrikken er sett til klokka 13:00 lokal tid same dag, med ankomst Oslo dagen etter klokka 07:00 lokal tid.

Merk at dette er ein Delivery Flight og forseiningar kan skje. Det kan vere at du vert ein dag eller to forseinkingar på heimturen, dette må du ha plass til i kalenderen.

Korleis du kan by

Auksjonen går føre seg på MegaDo si heimeside, der det er ein auksjon på tolv ledige plassar.

Akkurat no startar alle plassane på 1.000 dollar. Dette er ein veldig god pris for ein slik unik moglegheit. Du kjem til å sjå noko ikkje mange andre har sett. Du kjem til å prøve eit fly på sin første lange tur – og før det har vore ordinære passasjerar i flyet.

Slik ser det ut på MegaDo si heimeside. Det er i alt 12 plassar du kan by på, og dei startar på 1.000 dollar.

Sjå meir her og by på ein heilt unik og fantastisk tur med Norwegian sin første Boeing 737 MAX.

Auksjonen går fram til 3. juni klokka 11:00 (pacific time zone).

Kommentar

  1. Bjørn Holthe Andersen sier

    Hei, jeg skal by på «Delivery Flight», og har et par spørsmål:
    – Når jeg legger inn et bud, vil dette øyeblikkelig bli registrert, eller vil det ta noe tid før det blir registrert siden det er et amerikansk auksjonsfirma?
    – Dersom jeg blir en av vinnerne, ønsker jeg å reise over til USA lørdag 10.juni til San Francisco Oakland. Er jeg da garantert plass på Premium Class (som jo er en av godene)?
    – Dersom jeg blir en av vinnerne, er det da kleskode i tilknytning til seremonien hos Boeing? Dress/slips eller casual?

    • Tommy Danielsen sier

      Heisann, du blir umiddelbart registrert for bud.

      Dersom det er seter tilgjengelig i Premium, er du garantert plass. Ser ut som det er det per i dag.

      Dresskode er smart casual

      Håper å se deg ombord!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *