Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Ryanair annonserar at dei vil starte opp med eighth freedom-flights mellom Gardermoen og Flesland
Som vi veit gjorde Ryanair sitt inntog på Gardermoen når vinterprogrammet starta opp i 2016. Etter at Rygge lufthavn vart nedlagd flytta dei to ruter til Gardermoen og dei opererar no tre daglege avgangar til London og ein til Vilnius.
I dag annonserte Ryanair at dei vil starte opp med eighth freedom-flights mellom Oslo og Bergen når vinterprogrammet 2017 trer i kraft. Dette vil i første omgang omfatte London-ruta og betyr at det vil kome tre daglege avgangar mellom Noregs to største byar. Ryanair melder at vi kan vente oss billettprisar ned i 99kr kvar veg. Ruta vil bli operert av Ryanair sine vante Boeing 737-800. Ryanair annonserar i same slengen at det kan bli aktuelt å utvide tal ruter frå Gardermoen, men at dette vil bli annonsert seinare.
Ryanair sine flygingar vi tilsvare 567 ekstra seter kvar dag mellom desse byane, dette er ikkje veldig mange, men det vert spanande å sjå korleis SAS og Norwegian svarer på denne nyheita. Kan vi vente oss lågare prisar på denne ruta i tida som kjem?
Kva er ein eighth freedom-flight?
Omgrepet eighth freedom vert nytta om retten til å fly mellom to land, med utviding innad i det framande landet. Dette er nokså uvanleg ute i verden, men EU har vedteke at desse rettigheitane skal gjelde i alle medlemsstatar. Som medlem av EØS vert også Noreg omfatta av dette regelverket.
Kva tenkjer InsideFlyer sine lesarar om denne nyheita?
Eivind sier
På tide og fjerne denne artikkelen nå, da det er en aprilspøk?