Test: Sheraton New York Times Square

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Alle val av hotell involverar tradeoffs, eit hotell med bra lokalisasjon vil bringe med seg alle dei geografiske fordelane, men det medfører også nokre ulemper. I dette tilfellet, alle vil sjå området du bur i. Dette var det inntrykket eg sat igjen med etter opphaldet.

Ankomst/innsjekk

Køa for innsjekk på Sheraton New York Times Square? Ikkje eigentleg, men det kunne ha vore. Kjelde Creative Commons

I lobbyen råda fullstendig kaos. På grunn av dette hotellet sin popularitet og sine konferansefasilitetar er det ofte 100% belegg, sjølv om dette hotellet ikkje er bygd for å handtere dette. Køane for innsjekk var lange, det skal dog seiast at resepsjonisten var svært hyggjeleg, og dei gjorde det beste dei kunne. Rommet vårt var ikkje klart, men dette visste vi før ankomst. Dei tok kredittkortet vårt, slik at vi kunne sleppe å gjennomføre ein full innsjekk seinare.

Du bur på dette hotellet dersom du har arbeid i nærleiken, eller at du berre ynskjer lett tilgang på Times Square. Dette hotellet skuffar ikkje i dette tilfellet, Times Square ligg berre eit par kvartal vekke. Der var mange inngangar til hotellet, og vi kunne enkelt snike oss ut bakvegen for å unngå trengselen.

Rommet

Soverommet i ein suite

Vi betalte (med poeng) for ein suite for vår familie på fire. Suitar kostar vanlegvis det doble tal poeng i forhold til eit standardrom.

Vi var godt fornøgde med rommet. Bra størrelse, passe stort bad og stove. Som følgje av nyleg renovasjon har også hotellet installert stikkontakter overalt, det var difor ingen problem å få lada våre elektriske einingar. Farta på internett var generelt bra.

Stova i suiten, om du vil ha sovesofa må du be om dette, ikkje alle suitar har dette.

Nokon ting trekk litt ned, sjølv om dette var ein toroms-suite var det berre ein sone på VVS-anlegget. Det var difor umogleg å ha det varmt på eine rommet og kaldt på andre, vi forventa litt meir av eit hotell som dette. Veggane var også for tynne, og vi høyrde naboane veldig godt, sjølv om dei ikkje var bråkete.

Badet

Fasilitetar

Dette hotellet har eit litt spesielt heissystemet. Der er ein touchpad ved inngangen til heisane, du trykker på etasjen og får beskjed om kva heis du skal gå til. Veldig mange misforstår dette systemet, og går inn i feil heis, når dei innser at der ikkje er knappar må dei gå ut igjen. I tillegg er det ein ulempe dersom nokon har veldig mykje bagasje. Heisane kan ikkje oppfatte dette, og vil difor stoppe i dei aktuelle etasjane, sjølv om kanskje ikkje passasjerane har fått plass. Dette systemet er ikkje heilt heldig på eit hotell.

Vi hadde også problem med airconditionanlegget og måtte vente tre timar før det kom ein vaktmeister for å ordne dette. Vi ringte også til resepsjonen for å be om sein utsjekk, dette medførte ti minutt på hold medan vi venta på ein resepsjonist.

Hotellet hadde ein typisk restaurant, gym og liknande, slik du forventar det på eit hotell som dette. Ulempa var at mange av desse fasilitetane ikkje var gratis. Dei tok også 5 USD per bag for å ta vare på bagasjen din, dette var dog gratis dersom dei berre lagra bagasjen medan du venta på rommet.

Pris/verdi

Prisen på dette hotellet er generelt god, vi betalte med poeng men eit søk på SPG sine nettsider viser at dette hotellet stort sett er eit av dei rimelagere hotella på Manhattan.

Framsidebilete: Sheraton Website

Denne artikkelen vart først publisert av Mike Friedman på vår systerside, InsideFlyer.com

Oversikt

Fordeler

Bra lokalisasjon, god pris. Hotellet hadde alle fasilitetar du forventar.

Ulemper

Hotellet er enormt og ofte fullt. Har ikkje nok betening til å handtere alle gjestane.

Lokalisasjon

Rom

Fasilitetar

Service

Pris

Overall Rating

Konklusjon

Dersom lokalisasjon og pris er dei viktigaste faktorane for ditt valg av hotell vil dette vere eit godt valg. Dersom du vil ha meir luksus bør du heller velje Four Seasons på austsida.

3.8

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *