Kampanje frå SAS: Plus til Europa

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

SAS har lansert ein kampanje der du kan finne enkelte brukbare prisar i Plus Saver til Europa.

For kr 300 ekstra skal du kunne fly i SAS Plus til utvalde destinasjonar i Europa. SAS Plus betyr mellom anna at du får ekstra bagasje, mat og drikke på flyet og fleire Eurobonuspoeng.

Om du vil nytte deg av kampanjen må du bestille innan 23. april. Reiseperioden er 1. juni til 30. september 2018.

Eit raskt søk på fleire destinasjonar viser at SAS Plus kostar meir enn kr 300 ekstra på flesteparten av avgangane. Mange av prisane er heller ikkje betre enn det som er normale prisar. Det er mogleg at SAS vil laste opp fleire tilbod etterkvart, men foreløpig er ikkje kampanjeprisane særleg imponerande.

Det er også verdt å merke seg at SAS har rulla ut SAS Plus Saver i både Norge og Europa. Der du før fekk ekstra fleksibilitet ved å bestille Plus-billettar må du no ytterlegare opp i pris for å få denne fordelen. Prisbilete på Plus-billettar har difor forandra seg ved at det du før betalte for ein fleksibel Plus-billett no er det du betalar for ein billett i Plus Saver.

Skjermbilete frå sas.no

Du finn kampanjen her.

Av priseksempel frå Oslo på denne kampanjen kan vi nemne Gdansk frå kr 946 ein veg. Berlin kan du få frå kr 949 og Manchester ser ut til å starte på kr 1079.

Er det nokon andre som har funne gode prisar på denne kampanjen? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *