SAS samarbeider med Live Nation – unike opplevingar for Eurobonus med førehandssal

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Frå og med 25. september gir SAS alle Eurobonus-medlemmer forkjøpsrett til billettar frå Live Nation. No vert det eksklusive slipp av billettar litt før ordinære slipp av billettar. Det skal vera Metallica som er fyrst ut med slepp eit døgn før dei ordinære billettane leggast ut.

 

Lenka https://sasmembersonly.no/ er ikkje oppe å går nett no, men me ventar at dette kjem opp etterkvart. Det vil også bli tilgang til eksklusive arrangement, med tilgang etter medlemsnivå.

Meirverdi for medlemmene

SAS uttaler:

– Det er med stor glede at vi nå gjør det mulig for EuroBonus-medlemmene våre å kjøpe og bestille spesielt utvalgte eksklusive opplevelser, slik medlemmene våre har etterspurt. I samarbeid med Live Nation kan vi nå gi tilgang til opplevelser som gir medlemmene våre en unik merverdi, seier Johan Mägi, EuroBonus-ansvarlig i SAS.


Personlege opplevingar

I fyrste omgang kjem det til å bli eit trettitals arrangement i året i dei Skandinaviske landa og Finland. I dei fleste tilfelle vil det vera ein lik rett, uavhengig av status hos SAS, til å førehandskjøpa billettane. Enkelte arrangement eller billettar vil likevel kun tilbys til dei høgaste nivåa. Samarbeidet er ein del av ein strategi, som SAS har, for å auke kjensla av personlege opplevingar, og målet til SAS er at det skal gjera livet enklare for SAS-kundar.

– Vi ser en tydelig trend der man reiser mye mer og lengre enn tidligere for å gå på våre konserter og arrangementa, og derfor er denne strategiske alliansen med SAS både logisk og spennende. Vi ser dette som starten på et langt samarbeid med SAS og EuroBonus-medlemmene, og vi ser frem til å utvikle disse eksklusive tilbudene videre, seier Thérése Liljedahl, Managing Director Live Nation Sweden & President Nordic Partnership.

Live nation har også festivalar i portefølja si, som til dømes Trondheim Rocks:

 

Foto: Live Nation

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *