Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Emirates er kjend for sitt fantastiske økonomi-produkt, som inkluderar mange tenestar heilt gratis. Trea veks ikkje inn i himmelen, heller ikkje i Dubai, og selskapet har den siste tida sett i verk fleire nedskjæringar.
Som mange andre selskap prøvar også Emirates å skaffe sokalla ancillary revenue, eksempelvis ved å ta gebyr for å velje sete eller å gjere det mogleg for økonomipassasjerar å kjøpe tilgang til lounge.
Det nyaste tiltaket er at det vert slutt på billeg WIFI hjå Emirates. Tidlegare har dei vore særs generøse, kanskje litt vel generøse, når det gjeld prisen på dette tilbodet. Direktøren har kalt WIFI for ein viktig del av produktet. Før har kvar passasjer fått 10MB gratis og tilbod om å kjøpe ein pakke på 500MB for 1 USD. På grunn av store investeringar i mottakarutstyr endrast no prisen på WIFI.
Nye prisar
Frå den 14. juni 2017 får alle passasjerar stadig 10MB gratis. Dersom du ynskjer meir kan 150MB kjøpast for 10 USD eller 500MB for 16 USD. Det er framleis rimeleg, samanlikna med andre selskap. Vi kan venta at færre vil nytta seg av dette tilbodet og det kan bety at dei so faktisk nyttar seg av dette vil få ei betre oppleving. Når ein fullstappa Airbus A380 kan kjøpe tilgang for 1 USD vert forbindelsen kraftig overbelasta og nærast ubrukeleg.
First og Business Class-passasjerar, som også er medlem av Emirates Skyward programmet, får uavgrensa WIFI. Du må vere medlem før avgang.
Emirates flyg dagleg ein Boeing 777 frå Oslo Gardermoen.
Har du fått med deg den diplomatiske konflikta i midtausten, som har medført mange innstilte avgangar?
Denne artikkelen vart først skriven av The Flying Dutchboy på vår systerside, Insideflyer.nl
Legg igjen en kommentar