Sommarkampanje på oppgraderingar til SAS Plus

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Mellom 30. juni og 11. august kan du få ekstra gode prisar på oppgraderingar til SAS Plus via Plusgrade.

Kampanjen gjeld for reiser frå Norden til Sør-Europa og på reiser frå Europa til Asia og USA. Med Sør-Europa meinast Austerrike, Bosnia, Tsjekkia, Frankrike, Hellas, Italia, Kosovo, Libanon, Malta, Portugal, Spania og Tyrkia. Prisane for oppgradering startar på kr 325.

To/from NOK
Scandinavia to southern Europe* 325
Scandinavia to San Francisco or Los Angeles 1400
Scandinavia to New York, Chicago, Boston, Washington or Miami 1200
Scandinavia to Hong Kong, Beijing or Shanghai 1500

Dette er absolutt ein interessant kampanje og dersom du kan sikre deg ei oppgradering for kr 325 so kan det gje deg mykje for pengane. Med SAS Plus får du tilgang på SAS Lounges, Fast Track (der tilgjengeleg) og mat og drikke på flyet. Prisane for oppgraderingar interkontinentalt er heller ikkje noko å seie på. Du får eit betre sete og betre skjerm, i tillegg til dei andre fordelane. Du får også fleire Eurobonuspoeng dersom du oppgraderar med Plusgrade. Det er verd å merke seg at du ikkje lenger får med bagasje dersom du oppgraderar ein Go Light-billett med Plusgrade.

Denne kampanjen og SAS Plus generelt gjev best verdi for reisande utan status. Reisande med gullkort eller høgare har uansett mange av dei fordelane du får i SAS Plus. No på sommaren har også sølvmedlemmar tilgang på lounge og fast track.

Du finn kampanjen her.

Har du testa Plusgrade? Diskuter det gjerne i den aktuelle tråden på forumet vårt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *