Test: Park Hyatt Vienna

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Park Hyatt Vienna er lokalisert i Innere Stadt, gamlebyen i Wien. Det er kort gangavstand til mange av dei store turistattraksjonane, som Stephansdomen og Den Spanske Rideskulen (Spanische Hofreitschule).

Dersom du tenker å nytte hotellpoeng i gamlebyen har du valet mellom Park Hyatt Vienna og Radisson Blu Style Hotel Vienna. Dersom du føretrekk eit meir moderne hotell er Radisson Blu eit godt val. Føretrekk du derimot eit meir tradisjonelt hotell, eller du ynskjer å bu i ein tidlegare bank bør du velje Park Hyatt Vienna.

Lokalisasjon/Ankomst/Innsjekking

Den enklaste måten å kome seg til Park Hyatt Vienna er ved hjelp av drosje, sjåførservice eller Uber. Den rimelegaste måten er via Metronettverket (S-Bahn). Litt avhengig av kva stopp du hoppar av på er det mellom 4 og 9 minutt gange til hotellet frå stasjonen.

Du kan også nytte City Airport Train (CAT) som er raskare enn S-Bahn, det kostar derimot tre gongar so mykje (12 euro mot 4,4 euro). Etter å ha ordna eit SIM-kort på flyplassen var CAT det neste toget inn til byen, vi gjekk difor for det raskare og dyrare alternativet.

CAT stoppar på Wien Mitte-stasjonen, deretter kan du ta S-Bahn til eit stopp litt nærare hotellet eller spasere 20 minutt.

Innsjekkinga var effektiv. Der var inga separat kø for Platinum- eller Diamant-gjestar, men vi fekk raskt hjelp. Resepsjonisten informerte om diamantfordelane, slik som gratis frukost, og gav oss nøklane til rommet.

Vi nytta ein Hyatt Diamond Suite Upgrade og fekk ein Park Suite med utsikt over plassen framfor hotellet.

Rommet/Suiten

Soverommet

Eg er veldig glad i Hyatt Grand-senger, men dette var ikkje Hyatt Grand-senger. Dette var derimot ei av dei hardaste sengene eg har sove i, lik nokon av dei du finn på asiatiske hotell. Når lyset er slege av vart rommet veldig mørkt. Du kan ikkje høyre naboen og vindauget kan opnast for lufting.

Der var ein stor flatskjerm framfor senga. Ved senga sto der to nattbord med ei vassflaske på kvart, ei med vanleg vatn og ei med kolsyre.

Badet

Her kan du sjå på TV medan du gjere deg klar for dagen

Badet var enormt, so stort at eg ikkje fekk plass til heile i eit bilete.

Til venstre var der eit rom med eit toalett. Badet har to separate vaskar, ein for kvinner og ein for menn. Dette kunne vi sjå av kva amenities som sto ved kvar vask.

Der var eit stort badekar og ein separat dusj. Dusjen hadde to dusjhaud, eit fast og eit ein kunne halde i handa. Trykket i dusjen var bra og det var ingen variasjonar i temperaturen. Det tok dog litt tid på morgonen før varmevatnet kom.

Sittegruppa

Slapp av i stova

Dersom du er i ein suite vil du ikkje berre ha ein komfortabel skinnstol eller ein ottoman, du vil ha ei heil stove der du kan strekke deg ut på sofaen.

Der var også ein minibar, kaffimaskin og ei tekanne. Dersom du elskar te vil du setje pris på utvalet, spesielt Chai-teen.

Klesskapet var eit gigantisk og av typen walk-in og kunne by på strykejern, strykebrett og ein safe. For å ikkje nemne fleire kleshengarar og plass enn vi hadde klede.

Du kan enkelt endre temperaturen på rommet ved hjelp av eit touch-panel.

Anerkjennelse av status og fordelar

Som diamantmedlem vil du få poeng eller ein fordel, og gratis frukost. Dette inkluderar frukostbuffet og alt du vil ha frå menyen.

Du vil ikkje gå svolten på Park Hyatt Vienna, frukostbuffeten er massiv med alt frå omelettar til frukostblandingar, kjøtpålegg, bakverk, nøtter og frukt. Normalt føretrekk vi å ete raskt og kome oss ut, men her enda vi opp med å bruke meir tid enn normalt på grunn av alle vala.

Eg er ikkje sikker på korleis dei handterar vanlege oppgraderingar, sia vi hadde brukt ein voucher for oppgradering var vi allereie oppgradert.

Fasilitetar

Her kan du symje i eit tidlegare bankhvelv

Park Hyatt Vienna er eit av dei hotella der du kan bruke ein heil dag. Her er eit treningssenter, eit stort basseng og spa. Her er også eit sigarrom og ein lounge.

Vi stakk innom loungen ein kveld, men det vart ingen drinkar då vi ikkje var heilt kledd for anledninga. Ikkje at du må vere kledd veldig fint, men mesteparten av gjestane såg ut til å ha stukke innom etter arbeid og hadde difor dress og kjolar medan vi var kledd meir casual.

Pris og samandrag

Sjølv på vinteren ligg prisen for eit standardrom på rundt kr 3500 per natt, medan ein suite kostar rundt kr 8300. Dette er eit veldig fint hotell å bruke Points & Cash på, spesielt om du ein ein Diamond Suite Upgrade. Fordi dette er eit kategori 6 hotell betalar du då 12,500 Hyattpoeng og kr 1250 per natt.

Lokalisasjonen i Wien er perfekt, det er gåavstand til alt og veldig kort avstand til S-bahn. Eg elska Park Hyatt Vienna og vil bu her igjen neste gong eg er i Wien.

 

Dette innlegget vart først publisert av Debra Schroeder på vår søsterside insideflyer.com

Oversikt

Publiseringsdato

2. March, 2017

Fordeler

Gamlebyen
Gåavstand til mange attraksjonar
Kort avstand til Metro
Stor frukostbuffet

Ulemper

Dyrt, dersom du ikkje har poeng

Samla Vurdering

Overall Rating

Konklusjon

Dersom du ser etter eit luksushotell i Wien og ynskjer å bu i sentrum burde Park Hyatt Vienna vere ditt førstevalg.

5

Kommentar

  1. Stuttfeiten sier

    Sidan Radisson Blu Style Vienna alt er nemnt kan eg anbefale dette hotellet for dei som ikkje har 12.500 hyattpoeng på konto.

    Hadde eit strålande opphald der like før jul 2016.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *