Wego Boutique Love – Lost in Translation i Taipei

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Ein seier at om ein er i Roma, så gjer ein som romerne. Me hadde ei natt i Taipei, og tenkte me skulle gjera som ein del taiwanere, bu på eit Love-motel!

Love Hotel stammer opprinneleg frå «Hotel Love» i Osaka, Japan, som var bygd i 1968 med eit roterande skilt. Kva hotellet er meint for, kan ein vel gjette sjølv, men siden 1968 så har dette spreid seg til mykja av Asia. Ein kan også finne tilsvarande hotell og motell rundt om kring i verda. Opprinneleg så var dette hotell som ofte vart leigd ut på timebasis, men no kan ein også bu der som ein vanleg hotell.

Love Hotel

Me hadde ein natt i Taipei, og syntes det hadde vore gøy å bu i eit litt unikt hotell, og me valgte i så måte korrekt hotell. Wego har to motell i Taipei, og me valgte det hotellet som var i sentrum, då me ikkje hadde for god tid.

Det tek litt lenger tid å komme seg til Taipei grunna ingen flygning over Pakistan. Me kom seint til TPE, men kom oss etterkvart i ein taxi, der sjåføren etterkvart forsto kvar vi skulle. Og når me omsider kjem oss i inn til byen, må me bistå litt med å peke på hotellet!

Me viste ikkje heilt kva me skulle forvente, men me viste at ein kunne kjøre inn til rommet og at enkelte rom hadde også eigen garasje. Me kjørte til resepsjonen, og fant nokon som kunne engelsk, og viste fram expediabookinga, og fekk nøkler. Allerede her forstår me at dette ikkje er som andre hotell. Her skjer alt med bil, og det er drive through sjekk inn. Taxien kjøre oss med andre ord inn gjennom inngangen til hotellet, som minnar mistenkeleg på eit parkeringhus.

Han kjører inn, og innerst i andre etasje så ser me eit skilt som blinker, og ein garasjeport som går opp.

Rommet

Vårt lille krypinn opnar seg. Dette var døra inn og ut, og her kan ein komme og gå som ein vil. Me fann ut at det var reingjøringspersonell på jobb heile tida, og dei var kledd i tydelig frenchmaid inspirerte antrekk. Me er litt omtåka av heile opplevinga, og forstår ikkje heilt kva me skal ut på, men finn nå fram til døra, og får også låst døra, som er garasjeporten

Rommet er ganske stort, og føles reint og velholdt, men me føler oss ureine. Det finnes ikkje andre vindu en det som er på toalettet. Overalt finnes det tekniske dingser med instruksjon kun på kinesisk eller andre språk som eg ikkje kan, og over ting me ikkje anar kva er til. Me føler oss godt Lost in Translation. Det er annonsert med at ein skal kunne få lagt inn bakgrunnsstøy som at du er på ein flyplass, undergrunn eller togstasjon. Rommet er ope inn til det viktigaste delen av rommet, nemleg eit boblebad med peis

Badet er stort, og har som sagt boblebad med peis. Det er også separate dusj og toalett. Alt er reint, men føles uansett veldig skittent. På disken på badet står det også eigne skrin med aminety-kits for begge kjønn

Det minner om det du finner på businessclass på lengre flyturen, men du finner ting her du ikkje finner der

Frukosten er veldig lokal, og me får ein fortsettelse av vårt lost in translation-moment. Alle bord kan skillast av med ei lett gardin og har eigen lysekrone. Me får i oss litt te, frukt og ein toast, og går uttatt med litt store auge.

Kva skal ein seie om dette hotellet? Er det ei oppleving? Ja, i høgste grad, og eg er glad for at eg har budd der. Om du spør meg om eg vil bu der att, så kan eg berre svare at det er ein grunn til at internasjonale hotell er blitt så populært!

Video med 5 min reklame frå hotellet

Oversikt

Fordeler

Mykje inkludert, og du kan kjøre bil heilt inn
Du kan få oppleve litt lost in translation feeling
Du får eingongsundertøy
Karamellpopcorn til frukost!
Eigen garasje på rommet!

Ulemper

Mykje inkludert, og du kan kjøre bil heilt inn
Du kan få oppleve litt lost in translation feeling
Du får eingongsundertøy?
Karamellpopcorn til frukost?
Eigen garasje på rommet?

Tackyness

Unike romfunksjoner som eg ikkje heilt forstår

Det er koselig med peis?

boblebad

Eingongs undertøy?

Overall Rating

Konklusjon

Eit unikt hotell, og ei oppleving eg ikkje vil gløyme med det fyrste.

5

Kommentar

  1. Trond Banan sier

    Humret godt av denne. Følte imidlertid at du utelot sentrale deler av opplevelsen, det var et påtagelig tidsgap mellom oppdagelsesferden på rommet/badet og frem til frokost påfølgende morgen. 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *