Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Airberlin som gjekk konkurs i midten av august har no opplyst at dei avsluttar alle operasjonar den 28. oktober 2017.
I løpet av dei siste vekene har selskapet stille og roleg avslutta fleire og fleire ruter. Det starta med at alle langrutene vart innstilte og no vert altså alle ruter innstilte om litt over to veker.
Det er Bloomberg som skriv at airberlin har sendt ut brev til alle sine 8.600 medarbeidarar og opplyste om at dei seinast den 28. oktober stoppar alle flyoperasjonar.
Airberlin har vore i forhandlingar med Lufthansa og Easyjet rundt overtaking av airberlin sine fly. Desse forhandlingane skulle ha vore avslutta førre veke. Når vi no får denne beskjeden er det grunn til å tru at desse forhandlingane ikkje gjekk slik dei håpa.
Airberlin har difor gjeve sine medarbeidarar klar beskjed om å prøve å finne ein ny jobb, sjølv om mange av flya kjem til å bli drifta vidare av andre flyselskap.
I brevet frå Chief Executive Officer Thomas Winkelmann og General Representative Frank Kebekus står at Lufthansa Group, ved Eurowings, allereie har annonsert 1000 nye jobbar.
Selskapa Niki og LGW fortsette si normale drift og vert ikkje påverka av at airberlin innstiller.
Kva med Topbonus?
Kva skjer som med bonusprogrammet Topbonus, som for kort tid sia gjenopna, er noko uvisst. Vi kan nok berre anbefala at du nyttar dine poeng so snart som mogleg for å minimere det eventuelle tapet.
Finnair har annonsert at dei kan tilby statusmatch for Topbonus-kundar.
Du er velkomen til å diskutere konkursen i bonusprogrammet på vårt forum.
Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Henrik Olsen for vår systerside Insideflyer.dk.
Legg igjen en kommentar