Bytt til Fjordkraft – få 10.000 Eurobonuspoeng

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Fjordkraft har akkurat lansert ein ny kampanje der du kan få 10.000 Eurobonuspoeng, mot dei vanlege 5.000 poenga.

Fjordkraft har frå ei tid til ei anna kampanjar der du kan få 10.000 Eurobonuspoeng for å bytte straumleverandør. Denne gongen varer kampanjen ut mai.

Eurobonus-avtalen har ein månadspris på kr 39 og eit påslag på 4,49 øre/kWh. Forbrukerrådet har utarbeida ein kalkulator der du kan rekne ut kor mykje du vil betala for straumen. Du finn kalkulatoren her, den vil gje deg ein indikasjon på kor mykje du vil betala for desse 10.000 Eurobonuspoenga. Eurobonusavtalen er ikkje spesielt god, men dersom du skiftar til eit nytt abonnement om tre månadar vil du kunne få god valuta for pengane.

Ein fordel med at Fjordkraft lanserar kampanjen no på forsommaren er at du truleg brukar mindre straum i sommarmånadane. Du kan difor få den noko rimelegare enn dersom du hadde slått til på kampanjen på vinteren. Dersom du endar opp med å betala kr 100 ekstra i månaden vil du ha ein totalpris på kr 300 for desse 10.000 poenga. I tillegg kjem sjølvsagt kostnaden for den tida du brukar på arbeidet. Dei fleste vil uansett rekne det som ein god pris, godt over «Trumf-satsen».

For fleire tips til korleis du kan tene Eurobonuspoeng kan det lønne seg å lese vår guide til bonusreiser i business- og førsteklasse.

Denne kampanjen kan du diskutere på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *