Ein introduksjon til Expedia Rewards

Expedia Rewards

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Expedia er for mange ei god kjelde til ekstra poeng knyta opp mot Viatrumf og gjer også kickback med andre kort, til dømes Remember. Som eit alternativ til å bygge seg status hos til dømes hotellkjeder, så har Expedia sitt eiget bonussystem som kallast +Expedia eller Expedia Rewards. Her har eg vore +Gold i to år no, og eg har stort sett brukt Expedia når eg har booka hotell utom Skandinavia.

Expedia.com vart lansert i 1996 som ein del av Microsoft, men er i dag eit friståande selskap i Expedia Group. Expedia Group inneheld også ein heil rekke andre selskap, blant anna Hotels.com

Expedia er eit online reiseselskap for booking av dei fleste typar reiser, og du kan også booke opplevingar og transfer her. På Expedia.com kan ein også booke cruise og andre produkt tilpassa den amerikanske marknaden. Expedia.no er omfatta av pakkereiselova og ein anbefaler å bruke dette selskapet for å booke pakkereiser(fly + hotell/leigebil).

Medlemsnivå

Økonomiske fordeler

Fordeler med Expedia Rewards +gold +silver +blue
Du fordobler verdien av Expedia Rewards-poengene dine når du bruker dem på et +VIP Access-hotell X X X
Bruk poengene dine på reiser for andre X X X
Gratis fasiliteter som rabatter på spa og gratis drikke på utvalgte +VIP Access-hoteller X X

Reiserelaterte fordeler

Fordeler med Expedia Rewards +gold +silver +blue
Samle 2 poeng hver gang du bruker 8 kr på bestilling av hotell, pakkereise, aktiviteter og leiebil. X X X
Samle 1 poeng hver gang du bruker 40 kr på en flybestilling, i tillegg til at du samler flybonuspoeng X X X
Ingen utilgjengelige datoer når du bruker poengene på reiser med Expedia X X X
Begynn å bruke poengene dine så snart du har tjent dem. Uten noe minstekrav for rabatt på hoteller. X X X
Ekstra mange poeng på alle kvalifiserte bestillinger (30% for +gold, 10% for +silver) X X
250 bonuspoeng ved å bestille +VIP Access-hotell X X
Eksklusive reisetilbud X X

Servicefordeler

Fordeler med Expedia Rewards +gold +silver +blue
Spesielt kundeservicenummer 22 31 08 75 X X
Eksklusive concierge-fordeler på Hawaii, i Orlando og på 5 andre toppdestinasjoner via Expedia Local Experts® X X
Oppgraderinger av rom og fleksibel innsjekking og utsjekking på +VIP Access-hoteller (avhengig av tilgjengelighet) X

+blue

  • Startnivået. Du kan tjene opp 2 poeng per 8 kr brukt
  • Dobbelt verdi på poeng om du booker +Vip Access-hotell
  • Elles ganske lite fordeler

+Silver

  • Brukt 40 000 kr eller 7 overnattinger på 1 år
  • Alle fordeler med +Blue
  • Gratis fasilitetar som rabatter på spa og gratis drikke på utvalgte +VIP Access-hoteller
  • 250 bonuspoeng ved å bestille +VIP Access-hotell
  • 10% ekstra opptjening av bonuspoeng
  • Eksklusive concierge-fordeler på Hawaii, i Orlando og på 5 andre toppdestinasjoner via Expedia Local Experts®. Har ikkje testa sjølv
  • Eiget kundesørviskundenummer,

+Gold

  • Brukt 80 000 kr eller 15 overnattinger på 1 år
  • Alle fordeler som +Silver
  • Oppgraderinger av rom og fleksibel innsjekking og utsjekking på +VIP Access-hoteller (avhengig av tilgjengelighet)
  • 30% ekstra opptjening av bonuspoeng

+VIP access-hotell

Dette seier Expedia om sine +VIP Access hotell:

Blant våre førsteklasses hotell over hele verden finner du et handplukket utval av hotell som kan tilby spesielle fordeler for våre Expedia Rewards-medlemmer. Disse hotella av høy kvalitet finner du på over 200 reisemål verden over.

Se etter +VIP Access-logoen når du bestiller hotell. Medlemmer av +silver og +gold kan få tilgang til bekvemmeligheter som gratis frukost og gåvekort på spa. Medlemmer av +gold kan dessutan få gratis oppgraderingar av rommet dersom det er tilgjengeleg.

Eg har budd litt på desse hotella, og kor utvalde dei er kan diskuterast, men det viktigaste for meg er dobbelt verdi av poeng, og at det er ein sjanse for å bli oppgradert som Gold+. Eg har budd på slike hotell rundt ti gonger og eg er vorte oppgradert seks av dei. To av gongene var hotellet stappa fullt. Beste eg har fått er Junior Suite på Langham i London og The Inn på Venice Beach. Ofte får ein avslag på kjøp på hotellets restaurantar og barar, samt ein drikkebong eller to.

Dobbelt Verdi av poeng, og ekstra fordeler for silver og gull.

 

ViaTrumf

ViaTrumf er vel den beste fordelen sett med bonusaugo, og det gjer normalt sett 8,5% Trumf på hotell og i blant gjer dei ekstra bonus.

Expedia har god opptening med ViaTrumf, og sjølv om utbetalinga er treig, så stemmer utbetalingane normalt sett med det ein forventar om ein følger ViaTrumf-rutinane nøye.

ViaTrumf bonus:

  • Aktivitetar 12%
  • Hotell 8.5%
  • Pakker 3%
  • Leigebil 8%
  • Flyreiser 0,5%

Poeng og kva er dette verdt?

Eg kjem fram til at kvart poeng har ein verdi på 0,71 kr, og at dette er ein prosentverdi på snautt 1,79%. Dette er ikkje all verda, men bruker ein det på +VIP Access hotell har det ein verdi på 3,57%, og når ein i tillegg får Viatrumf, så tipper det over totalt på 10% rabatt. På flyreiser er det mykje lågare, men om ein ikkje får betre rabatt gjennom andre kanalar er dette noko ein bør ta med seg.

Når det gjeld fordelane som +Gold medlem, så opplever eg desse som litt varierande og det er også meldt at det er litt varierande oppleving av desse fordelane. Men når det slår til, så er det flott å få med seg eit flott rom med utsikt og nokre drikkebongar, men det vil aldri følast som om du har toppstatus i hotellkjeda.

Bilete og kjelder frå Expedia.com og Expedia.no

Forsidefoto: Pexels / Pixabay

Kommentar

  1. Ingar Thu sier

    Hei
    Hvorfor bruker du Expedia bare på hoteller utenfor skandinavia? Er det ikke like lønnsomt i skandinavia?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *