Finnair med lynraskt internett i Europa

Finnair kutter i Europa, men øker til Lappland

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Denne månaden har Finnair byrja å rulle ut høghastigheitsinternett på sine narrowbody fly i Europa.

Vi har tidlegare skrive om SAS sitt nye samarbeid med Viasat og utrulling av det nye internettet på flåten. No har også Finnair inngått eit samarbeid med same aktør. Det betyr at du også med dei kan få internett «gate to gate» og med ein hastigheit som gjer at du kan streame video. No slepp du altså å vente til 10.000 fot før du får anledning til å sjekke e-post og sosiale media. Foreløpig er det nye internettet rulla ut på seks Airbusfly, mot slutten av sommaren skal 20 fly har fått det nye internettet. Internettet er avhengige av satellittar over havet og det er noko avgrensa dekning over enkelte områder i mellom anna Nordsjøen, Baltikum og Kviterussland.

I tillegg til høghastigheitsinternett har Finnair lansert «Nordic Sky Portal» som alle passasjerar har gratis tilgang til. Her kan ein lese gratis aviser, gjennomføre taxfree-handel, kontakte kundeservice og sjekke status på flyforbindelsar.

Dei to neste månadane inviterar Finnair alle passasjerar til å teste det nye internettet. Etter dette vil Finnair vurdere tilbakemeldingane. Prisen på tilbodet vil bli annonsert etter prøveperioden. På longhaul tilbyr Finnair internett på sine A350, men det har ikkje same hastigheit.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *