Valets kval!
Du har fått mange gode tips allereie, men sidan eg nyss kom heim etter tre veker i Australia, så kan eg kome med noko som liknar på kvalifisert synsing
Når det gjeld New Zealand er eg heilt samd i at Hobsyssel (eller Hobbiton) er sjølvskriven, i alle fall om du er glad i Midgard-universet skapt av Tolkien (og filmatiseringane gjort av Jackson).
I NZ er det mange fine stader og du har kanskje vore innom dei ulike reisebreva om landet som ligg her på forumet. La meg berre få føye til at for min del vil eg heller bruke tid i Wellington framfor Auckland (dersom valet står mellom dei to byane i NZ).
I Australia merka eg at tida gjekk fort fordi avstandane er så store. The Red Centre road/way mellom Alice Springs og Uluru (Ayers Rock) er brillefin køyring (for det meste på raud sand (eller den perfekte plassen å bli ståande fast leeeeeenge dersom det regner for då blir sanda til leire og det kan vere svært lite trafikk der (vi møtte fem bilar på 300 km))).
Kanskje rekk du å køyre frå Adelaide til Melbourne (ingen personleg erfaring derifrå, men ser du har fått tips), fly til Alice Springs for å køyre Red Centre road, og så fly frå Uluru (Ayers Rock) til Sydney? Kanskje i overkant hesblesande...
Som
@ValdresBjarne (og andre) skriv, Melbourne er fint og eg skulle meir enn gjerne ha køyrd Great Ocean road mellom Adelaide og Melbourne. Og eg seier meg einig med andre som held ein knapp på NZ framfor Aussie-land – men eg skal tilbake til begge landa på eit tidspunkt!
Lykke til med seleksjonsprosessen!
Vis alt...