Alaska, Denali, V2

Tråd i 'Reisebrev' startet av snus_mumrikken, 21. mai 2022.

  1. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    BaseCamp -> Camp1:
    Distanse: 8.79km
    Høgdemeter: 320m

    Denne dagen skal me ikkje opp så mange meter, me skal faktisk ikkje høgare enn Noregs tak omtrent. Me går over Kahiltna Glacier, for å sikre oss gode snøbruer så tar me denne etappa delvis på natta/tidleg morgon, såkalla alpin start.
    Sidan me ikkje skal så høgt så tar me med oss alt til denne campen, difor er dette alikevel ein relativt tung dag. Sidan me då har 50-60kg med oppakning i sekk&pulk. Usikker på akkuratt vekt i år, men i fjor var det meir enn eg vekta mi.

    På veg til Camp1, Denali i bakgrunnen.
    A6555AEB-4E2A-425D-B079-5A4D45ADFE75.jpeg Her ser me også Windy Corner og Camp3 (Geneva Basin) tydeleg i bakgrunnen
    D3B21581-025F-44D9-89A8-0BF74E9702D8.jpeg
    Inne frå loungen i Camp1
    5525A224-741E-4FAA-BFE9-D709B46986DA.jpeg
     
  2. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp 1->»Cashe» nær Camp2 -> Camp1:
    Distanse: 12.54km (t/r)
    Høgdemeter: 907m

    Denne dagen skulle me bære mat & utstyr me trengte høgare på fjellet opp mot Camp2/Kahiltna Pass. Dette er også ein viktig del av akklimatiseringa, samt for å ikkje ta med all vekt på 1flytting oppover fjellet.
    Sterkt team gjorde at me «casha» veldig nær Camp2.
    Kva er «cashe» ?
    Jau det skal eg fortelje dykk, det er så enkelt at me grev eit djupt hol i snoen der me då grev ned mat & utstyr. Merkar så dette med markeringar, då med permit nummeret vårt + lag navn. Samt også markerar det med GPS.

    Tok ikkje nokre bilder på veg opp, men litt andre bilder er her no.

    Ferdig å grave ned cash, tar pulkane oppi sekken eller festar dei til sekken

    Til middag denne kvelden så åt me pasta/tortellini med kjøttsaus & kjøttbollar
    22E402D7-9778-4A66-93FA-6088A9146E76.jpeg
    Nærmar oss Camp1, biletet er tatt rett over 1800 Ski Hill (1800 står for 1800fot)
    Kahiltna glacier i bakgrunnen som me kom opp i går.
    032AC66F-3AF9-4B64-83C8-802F9EBCF61A.jpeg
    Det er alltid litt jobbing med taug! Samt så ser dykk dei beste heimestrikka & tova vottane som madammen har laga
    EF761F5D-DAF3-4523-A43B-FDA9CC1452FB.jpeg
    Rigging av pulk på sekk, ja endå meire taug & knutar ;)
    4BD6C41F-2652-4E27-B147-62624F739E4F.jpeg
     
    Last edited: 13. juni 2022
  3. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    :)Camp1 -> Camp2:
    Distanse: 6.78km
    Høgdemeter: 1022m

    Det var tid for å flytte seg høgare på fjellet, ca 3352 ligg camp2.
    Visstnok, sidan Denali ligg så langt nord & nærme polarsirkelen så er visst følt høgde meir her enn på andre toppar. Det endrar seg også etter været. Eg har ikkje fått faktasjekka dette, men har litt klokkedata eg skal følge opp med blant ana.

    Me åt litt toast ute mens me kom opp & satte opp telta, så stakk eg, 2 av guidane & 2 andre ned for å hente «cashen» me hadde lagt igjen nedanfor dagen før. Sidan dette ville gje oss endå ein værdag, samt då altså øke sjansen for å nå toppen med 10-20% :)
    Sjølvsagt var dette blytungt, 5stk henta bagasje & mat til 9stk….
    Denne dagen feira me også Memorial Day med Thanksgiving Dinner

    Utsikt frå Camp2 Mt Foraker til venstre
    82CDC887-05B4-450E-A630-C48A429D6083.jpeg
    Nydelege campen vår
    79113147-0DA2-4857-A6D7-35C7376CB5E0.jpeg
    Kunne nesten vore reklame for Mountain Hardware
    35739B0D-E68C-4128-A22C-3398375E1560.jpeg
    Stemningsbilde frå loungen
    89034854-AB4D-421E-8078-B1572B4160F2.jpeg
    Father & Sons wall over Camp2, samt Motorcycle Hill der dykk ser alle spora.
    1E94CCD5-EC25-42E4-8608-190BAB5F9E2C.jpeg
    Her er eg med fullstappa 150liters bag. 75395863-5C4E-46D4-B334-5B65805C719F.jpeg
    Toast
    19A4E0CA-8F03-4139-A438-06302D1B652D.jpeg
    Thanksgiving Dinner, sabla godt.
    Mashed potatoes, Kalkun, Saus & Tranbær
    1D3A6B72-FC12-4A12-BBB3-657294C15CAB.jpeg 68D714C6-AF8D-448D-A508-CCCF61EA750E.jpeg
     

    Attached Files:

  4. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp 2 -> «cashe» forbi Windy Corner:
    Distanse: 6.22km (T/R)
    Høgdemeter: 767m

    Ny dag, no skulle me bære mat & utstyr opp mot Camp3 samt for akklimatiseringa. (Climb High/Sleep Low)
    No legg me frå oss trugane, heretter så er det stegjern & isøks som gjeld for resten av fjellet.
    Nokre av oss bruka pulk opp, andre tok sjansen på å få alt i sekken. Madammen & eg dela på 1pulk.

    Turen går først opp Motor Cycle Hill, Deretter Squirell Hill, så kjem med inn på Polar Fields, deretter ein ny bakke utan navn som me fant ut me kunne kalle Shit Hill ;) Før me kjem til Windy Corner, rett forbi Windy corner skulle me då cashe. Ca 1.5time før camp3.

    Windy Corner er notorisk kjent for ekstrem vind, samt så er deg veldig utsatt slik at ein må ha solide steg & god bruk av isøks.

    Motorcycle Hill er ca 30grader, omtrent det samme med Squirell Hill, som er noko meir eksponert.

    Akkuratt runda windy corner
    9D39916B-9AB8-4A6A-8F74-41D989243F5D.jpeg
    Pause
    BAD2AB9B-CC2D-4BD0-98B8-1DB215D332D4.jpeg
    På toppen av MotorCycle Hill
    0ABD27B9-6F3D-4CF3-A254-2E9E25806BBD.jpeg
    På toppen av Squirell Hill, med tundraen i bakgrunnen
    2D749034-9E8E-4D8A-BEA0-9ACB8D2D8E96.jpeg
    På veg opp Motor Cycle Hill, ser ikkje ut som 30grader men det er der faktisk….
    A17A1385-0760-49A8-89E7-7177E23B26A6.jpeg
    Squirell Hill, delvis like bratt samt stup ut til venstre
    8722994F-421D-4480-B903-E6EB429C1006.jpeg
     
  5. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,620
    Likes mottatt:
    24,727
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for spennende lesing og fantastiske bilder så langt!
     
    snus_mumrikken liker dette
  6. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    TusenTakk :) Kjem meir etterkvart, men har nettopp boarda fly no på humperuta heim :eek:
     
    Sonictravel liker dette
  7. Rscott

    Rscott Senior Medlem

    Innlegg:
    1,438
    Likes mottatt:
    3,259
    Bonuspoeng:
    113
    Takk for fantastisk reisebrev! Det lever helt opp til forventningene i år også :)

    En bitteliten kommentar dog. Et midlertidig lager heter vel en "cache" og ikke "cash"?
     
  8. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Takk :) Det har du 100% rett i, får skylde på at eg fortsatt er påvirka av tynn luft:rolleyes:
     
    Rscott liker dette
  9. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,879
    Likes mottatt:
    57,474
    Bonuspoeng:
    293
    Veldig fine bilder!
    Og spennende å følge. :)
     
    snus_mumrikken liker dette
  10. milehigh

    milehigh Veteran

    Innlegg:
    2,984
    Likes mottatt:
    8,364
    Bonuspoeng:
    183
    Nå er vi spente!
     
    holmen liker dette
  11. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Skal få oppdatert snart :) Jobbkvardagen tok meg bare litt med storm.
     
    holmen and milehigh like this.
  12. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp 2 -> Camp 3
    Distanse: 4.15km
    Høgdemeter: 984

    Me vakna i 6-7 tida, starta med og ta ned campen før frukost. Frukost blei havregraut, samt ein brødblings med mozarella.

    Det var tid for flytting til C3, ruta var som sist opp Motorcycle Hill over Polarfields, så bakken me kalla «shit hill» deretter rundt Windy corner før siste del opp mot C3.
    Eg hadde tung oppakning med pulk i dag, tok heile kjøkkenteltet.
    Men det gjekk bra oppover likevel, været var fint med litt sur vind var det.

    Vel oppe så hadde eit ana team smelta litt snø for oss slik at me fekk fylt på nalgene flaskene.
    Me fant oss ein fantastisk camp plass, utan nokon foran oss. Men det var litt av ein jobb for å bygge campen, så hovudpina sneik seg på. Greit å kjenne på høgda, ein er tross alt på 4300-4400moh.

    0BF0DDC5-B2F2-4034-990C-98B94F526311.jpeg
    Andre klatrerar har akkuratt runda windy corner
    BC3D597D-9774-4650-BA1F-B859C652689E.jpeg
    Mt Hunter
    574352BF-E8CC-4FE9-AF0D-0D1F1E822683.jpeg
    Pause 2741ABF5-8D6A-4C07-9153-57D8B7ED4398.jpeg
    Mt Foraker 5B3C69CF-DFB3-4A94-B353-B264E5868D0D.jpeg
    Utsikt frå campen vår i Camp 3
     
  13. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp 3 -> Cache ved windy corner -> Camp3
    Distanse: 2.5km
    Høgdemeter: 213

    Ny dag, ein merkar at det var kaldare samt at me hadde for lite lufting i teltet så var litt rim på innsida.
    Me hadde Quinoa til frukost, satt og preka ei stund. I 12 tida gjekk med ned for og hente mat og utstyr, me dela igjen på ein pulk + sekkane.

    Enkel dag i dag med 15min ned 1.5-2timar opp igjen, me kryssa og ein svær skummel bresprekk på vegen.
    Når me kom opp igjen, så fekk me jammen quesidilla til lunch. Namnam.
    Me pakka også ting me skal bære opp mot high camp, samt sø øva me litt på klippe inn og ut av faste taug + bruk av jumar.
    Til middag så hadde med pad thai, knallgodt igjen. Jammen bra, for all denne maten er tung og drasse på.

    DB0AC4AF-6383-4753-BE46-C2B7B9BA99A0.jpeg
    Ser rart ut med pulkane på ryggen, men praktisk 3490D332-8297-4A3E-8207-7CCEEB8CCBAD.jpeg
    Det er ganske sprøtt vakkert terreng, Mt Hunter i bakgrunnen 5B2DF9FE-B90D-4707-BF59-C2EB44310560.jpeg
    Kald på natta
    E4BEFD4A-D471-4FE8-8AA3-D8FBCAFF5DC4.jpeg
    Matlaging
    BCC77379-2D05-4DCB-9B4E-CC1EF0370330.jpeg
    Phad Thai
     
  14. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp 3 -> Cache på ryggen mot high camp -> Camp 3 (Dag 8)
    Distanse: 6.5km
    Høgdemeter: 844

    Enda ei kald natt, ca -18 i tidleg på morgonen. Var nok ikkje like kaldt som natta før.
    Brødskive med peanøttsmør og syltetøy til frukost + litt havregraut.

    I dag skulle me opp "headwall" til ryggen av fjellet så vidare mot high camp, med utstyr og for akklimatisering. Denne veggen er 50grader på det brattaste, her brukar med faste taug og jumar/tauklemme.
    Oppe på sjølve ryggen er det til tider veldig eksponert så her klypper me inn tauglaget til faste anker (snøboltar) som er slått ned.

    På veg opp så blei det litt action, me gjekk forbi ein ana gruppe der nokon hadde problem. Ikkje lenge etterpå kom redningshelikopteret. Eg snakka med han eine guiden på toppen av ryggen, han sa at i starten var dei sikker på at dei hadde mista han men fekk kontakt igjen etter ei stund. Sannsynlegvis infarkt eller liknande, godt at det var flyvær så helikopteret kunne komme.

    Me fekk gravd ned cashen vår på 5119moh, før me returnerte nedover, då gjekk eg først og klypte da inn alle sammen til ankera.
    Når me skulle ned igjen headwall, så løsna eit av ankera for tauglaget bak oss, skummelt med det gjekk bra. Ein blir minna på at ein alltid bør gå og bevege seg på ein slik måte at ein egentleg ikkje treng tauga.

    Til middag hadde med cheeseburger, samt litt sjokolade til dessert.
    Om det ikkje hadde vore nok drama, så hadde eit ana team hjelpt med og evakuere ein som hadde dødd på toppstøt denne dagen, fått han ned til High Camp. Slik at personen kunne bli evakuert ut, det set ein støkk i kroppen når helikopteret flyr ut med eit lik…. Fekk opplyst at her var det også hjerteproblem.

    I morgon skal me ha kviledag før planen er og flytte til High Camp.

    PS! Eg har eksportert bilda som small, så håpar det ikkje blir for vanskeleg med lasting av sida.

    F11E9DBA-74DE-4F85-8EAA-B03967EC0CC3.jpeg
    Kø opp headwall, dagen før me flytta. Me var utruleg heldige med dagane me flytta oppover fjellet med lite kø 08A1E387-E001-4585-8709-F9B498259AC8.jpeg
    Camp 3 0A08A1DE-7470-4049-BC1A-D42F5FD78240.jpeg
    Heli på veg 69E003D9-3D6E-492F-A763-169111CD1B5C.jpeg
    Mt Hunter igjen 8ED43505-E50E-4EC6-AE64-95EA96C668F8.jpeg
    Redninga kom heldigvis for personen som trengte det 41C1DD92-262A-4AE7-8233-4BA7082B87A3.jpeg
    Klar for siste del av headwall på faste taug D142FEF8-ED67-4267-AB84-E0EF59847CDA.jpeg BA072E9E-B5DF-425C-BFA3-E86F51A40710.jpeg EEF7AA2B-A5FE-4C00-BC1C-79431900A246.jpeg
    Ryggen er vakker 290DEA7D-A32D-4D20-9C80-5F4E0B3CF99A.jpeg
    På veg ned igjen 86FD6C60-AA8E-4136-86AE-F7C3697FCF95.jpeg 18B4BE01-1678-46A9-9F72-95C6EDE80DBC.jpeg
    På veg oppover ryggen 84D4AB98-FB4F-40AC-BF86-1F4F5F039FC5.jpeg 460535CF-73C8-4E46-BACC-A66BA41B79F5.jpeg
    Middag
     
  15. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Kviledag i Camp3 (Dag 9)
    Distanse: 0km
    Høgdemeter: 0

    Turens første kviledag, me skippa jo ein tidlegare ved camp2.
    Sein frukost klokka 10, men smakte godt med eggerøre, hasbrowns og bacon.
    Satt og snakka mykje, det som er fint med tur på denne måten er at ingen har mobilar eller andre ting. Slik at ein lever i nuet, mange gode samtaler. Det er faktisk veldig fint og vere isolert slik, ein liten gjeng med felles mål!

    Me var også på leit etter og fant cashen vår frå i fjor! Alt av snacks og Real var tatt men tinga våre var der.

    Denne dagen hadde me også litt snø/dårlegare vær men ikkje noko særleg vind, stor kontrast så langt i forhold til fjorårets tur.

    C1D2C8DC-59D3-4847-8C5F-CDA8C57D2474.jpeg BBDACEF2-F9EE-4821-A80D-3BBB40756B0D.jpeg 5FD36ABE-AF27-458E-978F-1CC92B160E01.jpeg
     
  16. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Camp3 -> High Camp (Dag 10)
    Distanse: 3.1km
    Høgdemeter: 968

    Endeleg var dagen der me skulle forflytte oss opp til High Camp! Havregraut, litt brød etc til frukost viktig å fylle på i dag.
    Det hadde vore litt pakking kvelden før, samt før avreise. Me var så heldig at eit ana team var på veg ned, så dei kunne låne telta våre så me slapp og pakke ned dei. Samt så lot dei telta stå oppe i High Camp det var kjekt. Ellers så er telt normalt casha/lagra i High Camp.

    Turen opp gjekk bra denne gongen også, visste jo litt meir kva me gikk til. Men det blei heftige tunge sekkar når me plukka opp cashen på vegen opp til high camp.
    Terrenget var også enda meir eksponert enn før cashen til tider, mot high camp.
    Me kom oss opp, her oppe så er det kun dry tech mat + havregryn. Me hadde med oss Real turmat heimafrå, sidan me veit kva me likar samt at magen tåler det.

    Det var heilt fantastisk og komme fram til high camp, sprøtt fin utsikt her opp. Men heilt klart ein plass ein ikkje vil tilbringe ved dårleg vær, veldig eksponert for vind.

    Egentleg skal me ha ein kviledag her oppe i morgon, men me leika med tanken om og gå direkte for toppstøt i morgon sidan værmeldingane er veldig bra. Me får sjå korleis folk føler seg i morgon tidleg, samt sjølvsagt sjå ann været.

    A549CF1D-411D-4CCE-ABC6-08162FC5106F.jpeg
    Klare for faste taug på headwall igjen 5087406F-6520-46F3-8D48-726CE0252FCD.jpeg 7612AF9B-132B-4B1E-B23E-39851FE681E1.jpeg 3953D993-DFEA-45BD-BF61-BD743BE136B0.jpeg DCE03F9C-D3A1-4BC0-9597-28F4FABCD376.jpeg
    Endeleg såg me high camp 3B4E193E-DE98-44A3-9146-A9C7003284F5.jpeg
    Bilda blei litt hulter til bulter, men viser gode spor opp headwall D15E9C7F-D677-4F63-A120-6351807015D6.jpeg
    549339F5-E097-4A7E-807E-18DDAB8A165C.jpeg
    Utsikt frå high camp og ryggen me kom opp 9171C95C-77A8-4A2E-94D2-1829C2CE5E97.jpeg
    Livet over skyene, men ikkje frå fly 851F4BA0-401F-43D5-A9DA-176B60FCF095.jpeg
    Klarna opp litt FFB615C1-42EB-4FCF-B738-224A97F8EEA5.jpeg
    På do om natta, vakkert.
     
    Kristian, kjeeli, mathiasfe and 14 others like this.
  17. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,737
    Likes mottatt:
    21,935
    Bonuspoeng:
    293
    Det er utrolig fasinerende og inspirerende det dere holder på med. Og for noen fantastiske bilder dere får i dette været. Veldig gøy å følge med og veldig glad for at det går (har gått?) bedre enn i fjor.
     
    anders82, RoadKing, Emma and 2 others like this.
  18. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Toppstøt! (Dag 11)

    Det var tatt ein liten prat på morgokvisten, om me skulle gå for toppen i dag. Me hadde tross alt økt sovehøgde med 1000meter, men med tanke at me var værfaste i fjor(faktisk 4 av oss) så vart med enige om og utnytte det det gode været. Været skulle være OK, også dagen etter men vinden skulle øke på samt fare for snø, effektive minusgrader blir fort heftig med mykje vind. Me hadde sovi ganske bra, høgda tatt i betraktning. Så me var klare for å gi toppen eit forsøk, vel vitande om at det ikkje er ein garanti.

    Me fekk termosar med varmt vatn og hadde havregryn til frukost.
    Me skulle starte med å gå inn i skyggen på "autobahn" som har fått navnet sidan nokon tyskerar døde her.
    Fekk beskjed om og kle på oss både store dunjakka og dunbukse, det tok kje lang tid før me nordbuearar syns dette var altfor varmt. Skulle stola på oss sjølv gitt….
    Gjekk ca 2timar før me fekk tatt av oss dei tjukke dun-laga.

    Etterkvart kom me forbi zebra rocks, etterkvart fotball fields, det store delar av eit fotball lag døde. (Her såg med også sekken til han som døde for eit par dagar sidan….)
    Før ein siste motbakken, etterpå så var det kun ein ganske eksponert rygg før me sto på toppen av Nord Amerika, Alaska og Denali 6190 moh den 6.Juni i år.
    Det var verkeleg eit følsomt øyeblikk, det blei mange tårer. Me starta denne reisa i 2019, så kom covid. Ein kamp med klokka for og få innreise tillatelse til eit forsøk i fjor, som enda med at me ikkje fekk gjere eit forsøk på toppen. 4-500treningstimar i året, håndtering av astmaen min og diabetes type1 og cøliakien til madammen. Med stor sannsynleghet har madammen skrivi historie og er den første jenta med type1 diabetes til og nå toppen av Denali! Det var definitivt eit følsomt augeblikk.

    Me var også eit av dei raskaste teama til toppen i år, altså da av guida team. Det er jo litt morosamt.

    Fakta om toppstøtet
    7.7km
    1014høgdmeter
    Ca 14timar med pauser

    Når me kom ned igjen var det bare og stupe i teltet og trykke i seg litt Real turmat.

    67F387B9-964D-4026-A059-9E4B9868480F.jpeg Her ser me autobahn, bildet er tatt dagen før så ingen skugge no.
    4C350519-789F-41AA-B847-43F9464ED88B.jpeg
    Zebra rocks 5D065124-EDB8-4425-847C-C7D87F7F6492.jpeg 9B299037-7746-461D-ADEA-244E78A07109.jpeg
    Pause på fotballfields 7672B5E8-CE2D-41A1-A6E3-DB84303863E5.jpeg
    Siste bakken før toppryggen FCF07CB7-84ED-42C7-BCD2-FAC379E83EE3.jpeg
    Toppryggen 49DF37BF-1840-4512-82AA-208FB75982E4.jpeg
    Toppryggen 33BD395E-3346-4796-B093-9505B46E6DD5.jpeg 77785ABA-6B1F-4E0A-9959-C07A6721E31E.jpeg BBD685D1-60D4-45CA-BAEC-F54034C193E1.jpeg 2D3B1166-705B-4B35-BBDD-F9C36638E64C.jpeg
    Her står me endeleg på toppen av Denali! Eit meget rørande øyeblikk. Hardt arbeid og tålmodighet gjev resultat.
     
  19. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen Takk for fine ord :)Bilda er litt miks av kamera og mobil, men det kjem nok 1 bilde eller 2 opp på veggen. Siste innlegg gjev svar på korleis det gikk.
     
  20. milehigh

    milehigh Veteran

    Innlegg:
    2,984
    Likes mottatt:
    8,364
    Bonuspoeng:
    183
    Ekstremt bra!!!!
     
    snus_mumrikken liker dette

Del denne siden