Då var dagen komen og ein er klar for og ut på nye eventyr i den store verda. Sit for tida på toget til Oslo S, så vidare til OSL og overnatte der. Reiseruta er som fylgjer: OSL-FRA LH (I) FRA-ICN OZ (O) ICN-SIN OZ (I) 359 4N SIN-BWN BI (Eco) 3N BWN-BKI BI (Eco) 3N BKI-KUL OD (Eco) KUL-DPS OD (Eco) 2N DPS-TIM ? 1N TIM-Puncak Yaya BC (Regjeringas helikopter) 4N Puncak Yaya BC-TIM TIM-DPS 6N DPS-SIN SQ (I) SIN-CPH SQ (O) CPH-OSL SK (I) Det største målet på turen er nok og bestiga det høgaste fjellet i Oceania, Puncak Yaya 4884moh (Carstenz Pyramid) Me skal ellers innom Singapore, Brunei, og i Malaysia skal me på Malaysias høgaste fjell Kinabalu, samt prøve oss på verdas høgaste liggande Via Ferrata. Det er også for og akklimatisere oss for Puncak Yaya. Er værgudane snille så avsluttar vi med bade ferie på Bali.
Heilt enig, hadde faktisk originalt SK med fekk varsel frå EF på tysdagen om denne så då booka eg om. Vel verdt endringsgebyret. Tusen Takk :-D
Radisson OSL: Dette er nok ikkje så spennande, men legg no likevel ut eit bilete sidan Hjorten smaka godt. Madammen hadde dagens kylling gryte, smaka OK. Vi hadde raudt i glaset til, Shiraz frå Australia. Heilt OK vin. Sidan ein ikkje klarte og holde på gull kortet hjå Radisson blei det ikkje rom oppgradering denne gongen.
Meet imponerende og stilig rute. En smule misunnelig... Selv skal jeg opp om 7 timer for å gå Skarverennet i regn og 10 m/s motvind...
Takk for det, gledar oss masse til denne ferien her! Det har vore litt planlegging for og sei det slik. Masse lukke til på Skarverennet, eit renn eg absolutt kunne tenkt meg og gått eingong! Men kanskje ikkje i regn og 10 m/s motvind.... hadde det endå vore snø. Men regn! Masse lykke til så håpar eg at været blir betre enn meldt.
LH859 OSL-FRA, sete 1a og 1c: Som dei fleste veit, ikkje noko spesielt men alikevel betre enn SAS + Sjølv om eg likar meg godt hos SAS. Så har det vore litt lounge safari på FRA, det er jo kanskje ikkje så spenande når det ikkje er F lounges men litt kommentarar. Business lounge ved A26: Som dei fleste her inne veit så er jo dette gammal F-Lounge, og ein kjenner igjen designet frå FCT. Men er kanskje litt slitt. Flott utsikt, men det var veldig varmt her. Så vi orka ikkje sitte så lenge. Panorama lounge ved A26: OBS! Denne er stengt i helgene, kun open Måndag-Fredag. Senator lounge ved B46: Syns det var triveleg her, litt betre matutval enn business loungen ved A26. Det er også egen bar, dusjar og spa(dyrt) Air Canada Loungen: Litt mindre, og nok kanskje litt trivelagare atmosfære enn dei andre loungane. Men kun ein type raudvin og velja i. Dei skal ha + for og merka maten med allergener. (Madammen har Cøliaki) Såg at flyet vårt landa istad så om ikkje så altfor lang tid så blir det og gå ombord på OZ542.
OZ542 FRA-ICN: Sete 3E,F Dette er jo etterkvart ei velkjent rute og godt dokumentert her inne, så går ikkje så veldig i detalj. Når vi kom ombord så fekk vi velkomstdrikke men kun juice, som vi jo også veit så serverar ikkje Asiana edle dropar før dei er i lufta. Me lika oss utruleg godt i denne kabinen, og sjølv om fargevalget kanskje er litt dølt så var det utruleg koseleg. Stjernehimmel har dei til og med klart og ordna. Personalet var ikkje masete, men samtidig alltid tilstades eller vertfall ikkje langt unna. Maten var veldig bra, men alikevel ikkje det beste eg har fått på fly. Eg orka ikkje alle rettane, så ba fint om eg kunne spare osten til seinare. Det var sjølvsagt ingen problem og eg fekk ostefatet til frokosten. Når det gjeld bobler, så blir ein vel sett på som litt smågal når ein seier her inne at ein ikkje er så glad i det? Alikevel så blei eg veldig positivt overaska over Barons de Rothschild, så det blei eindel påfyll av denne før biffen kom på bordet og deretter gjekk for raudt i glaset av forskjellige slag. Ja også likte eg kontrollen til setet veldig godt, både masse justeringar og kul slik viss ein likar litt gadgets.
ICN: Vi gjekk og såg litt rundt på flyplassen før vi gjekk mot loungen. Vi gjekk då inn mot Business Lounge East/First Class Lounge. Boarding korta gav oss ikkje tilgang til First lounge, men fekk litt hjelp av dei ansatte. Peka på flighten FRA-ICN og den fine «F» bokstaven. Dei diskuterte litt seg imellom og vipps så var vi inne i F loungen ;-) Så i utgangspunktet har ein nok ikkje tilgang, men sidan OZ ikkje har F frå ICN-SIN så var kanskje dette grunnen til at vi kom inn. Dette er jau ikkje akkuratt noko super lounge, men ein merkar med eingong kor mykje rolegare det er her i forhold til business/gold lounge. Det er og flott utsikt, dusjar og veldig reint. Tannbørstar og diverse på doane. Heilt OK på mat, dumplingane dei hadde var faktisk knall gode! Anbefalast! Dei hadde og private rom med TV, samt gode private lenestolar med utsikt.
OZ751 ICN-SIN (A350-900): Kom litt seint til gate, boarding hadde starta for litt sidan. Men det var ingen kø, separat for C passasjerar. Vi fekk valt oss sete 1 E,F og var nok nokre av dei siste ombord i C kabinen. Seta må vere akkuratt dei same som Thai har? Det var vertfall utruleg likt..... Fekk diverre ikkje tatt så mange bilete av kabinen då den var ganske full og eg var nok litt trøtt også. Eg må set at A350-900 er eit fantastisk fly! Det er jau så utruleg stille til og med under take-off, trur eg held ein knapp på dette framom Dreamliner. Sjølv om dei dimmbare glasa på Dreamliner er ganske kule.... Turen starta som seg hør og bør med bobler, og her vi fikk ved bobler med eingong vi kom ombord. Noko som vi ikkje fekk på F frå FRA. Vi fekk og fantastisk god mat! Dette er kanskje eit av dei betre flymåltida eg/vi har hatt. Vi valgte altså då den koreanske menyen og då Ssambap. Ein spennande rett! Dette er då ‘Bulgogi’ biff, og bønne pasta som ein pakkar inn i salat blad. Salat var også veldig fersk. Og til var store lukke dei hadde Malbec raudvin, så det blei nokre glas. Vi har vore litt hekta på Malbec etter at vi var i Mendoza i fjor.... Kabinpersonalet på denne flyginga var utruleg bra! Vi likar oss godt hos Asiana. Og fysj og skam til passasjeren på 1A.
Singapore: Først ut av flyet, og kjapt gjenom immigrasjonen. Bagasjen kom også kjapt, Priority FUNGERAR i Singapore. Det var litt taxi-kø, så når vi blei spurt om vi ville ha stor taxi sa vi ja. (Vi fekk då gå forbi andre i køen) Men dette kosta tydlegvis meir, og vi betalte 50SGD! Mykje meir enn venta... Jaja, veldig hyggeleg taxi dame som fekk oss effektivt og greit fram til Hotellet. Sjekk inn gjekk kjapt på Holiday Inn Singpore Atrium, som ligg fint til rett ovanfor Robertson Quay. Trur vi fekk ein liten rom oppgradering, rom i 20etasje. Fin utsikt frå rommet vårt, ein kunne frå den andre vinkelen også sjå Marine Bay båten stikke fram.
Universal Studios og Bukit Timah: Etter frokost og ein kikk på værmeldinga så bestemte vi oss for og ta turen til Sentosa for og ta litt berg og dalbanar.... Ein blir aldri for gamal for slikt ;-) Vi gjekk til næraste T-Bane og tok til slutt toget ut til Sentosa. Og JA! Du kan bare «tæppe» SAS MC Premium på T-banen i Singapore, fantatisk! Tips! Viss du ikkje gidd stå timasvis i kø så kjøp eit Express Pass, det kostar 90SGD og var verdt kvar krone syns no me vertfall.... Og her inne likar vel alle litt prioritet? Men kanskje ikkje karusellar? Etter Universal Studios, så blei det meir T-Bane.... Fant ut at me rakk innom Singpore sitt høgaste punkt Bukit Timah Summit, som er heile 163,63moh. Ikkje den største strabassen, men alikavel i varmen og fuktigheita i Singapore så blir ein sveitt gris alikavel ;-) Min nasjonstopp nummer 6, og faktisk den første under 3000moh. Etter dette så var klokka plutseleg blitt litt mykje, og me hadde bestilt bord på restaurant så då blei det ein Grab tilbake til Hotellet.... Meir om mat i neste post!
Me hadde bestilt bord på Braci Italiensk på Boat Quay, fant faktisk denne på Amex sine sider under reisetips. Dei hadde desverre bare bord ute på takterassen, dette gjorde absolutt ikkje noko sidan me fekk heile takterassen for oss sjøl. Skal no prøve meg på og beskrive måltidet, eg tok ikkje notater undervegs så dette går på minne.... Så det blir nok ikkje den beste matanmeldinga her inne. Me bestilte 4rettars «Surprise Menu» Førs fekk med Appetizer -Tørka tomat, blad med ein slags paste(veldig god) og sø noko med trøffel også veldig godt. Neste rett var biff tartar: Her pakka ein inn kjøtet i blad, som på flyet til SIN og bruke dei forskjellige sausane. Knallgodt! Og me likar denne alternative måten og ete på. Så fekk vi Spagetti med trøffel og 100yo balsamico, her bytta vi til raudt i glaset. Denne retten var også veldig god. Litt mektig, men ikkje så stor mengde at det gjorde noko. Så fekk vi «gakk gakk» eller andebryst då som det vel eigentleg heiter. Denne fekk me servert med kvit asparges og selleripure. Igjen ein veldig god rett, einaste minuset at det kanskje var tendens til noko slintrer i mitt andebryst. Så var det tid for dessert, den rosa var ei slags ostekake med Mascarpone ost og sorbet. Den andre var då ei pæretærte med ein fantastisk blanda frukt sorbet, denne sorbeten er kanskje den beste eg nokon gong har smakt! Då trudde vi at vi var ferdige, men neidå her kom det meir ;-) Sitronterte som var ei smaksbombe! den andre var karamell/sjokolade ting som også smakte veldig godt. Til slutt skulle vi avslutte måltidet med ein lakris/fløte likør oppi eit Quail egg. Her kom også kokken sjølv innom og sa vi ikkje måtte ete egget, og spurte også korleis vi hadde lika måltidet. Veldig hyggeleg. Konklusjon: Dette var ein veldig bra mat-oppleving, og sjølv om restauranten har eit open kitchen konsept så hadde vi det veldig bra på takterassen. Roleg og stille, kunne prate normalt. Dei tek også Amex. Og ja, dei har også ein stjerne frå dekkmannen fant vi ut etterpå. Syns dette var fortjent sjølv om vi kun har vore på 1restaurant før med stjerne frå dekkmannen så var denne mykje betre. Dei spurte om vi hadde spesille ynskjer til Suprise menyen, allergiar o.s.v Madammen fekk glutenfri pasta som smakte veldig godt. Alt i alt ei veldig bra oppleving, og vi anbefalar takterassen.
Eg har jo vore ein haug med gonger på jobb i Singapore, så denne dagen blei det litt sightseeing, river cruise o.s.v Slenger på litt bilete For meg så er det rart og ikkje måtte stå opp 05:30 når ein er her. Litt mat må og forfriskning må ein ha, Black Tap har ganske bra ølutval på Tap og god burger. Så tok vi t-banen til ChinaTown og rusla mot Hotellet. Plutseleg gjekk vi forbi Central Perk. Veit ikkje om folk hugsar denne frå Friends? Vi stakk uansett innom og tok ein kaffi! God kaffi og god stemning. Dette var visst einaste offisielle Warner Bros Cafe’n utanom Amerika sto det. Etterpå så måtte eg vedlikeholde formen litt så då blei det ein løpetur, svett som ein gris På kvelden så blei det Yakiniku på Boat Quay, kjempegodt og triveleg måltid. Gløymde og ta bilete. Stoppa med eit vannhull på veg heim og fekk litt ny Øl på Untappd.