Tusen Takk @IMartin det var hyggeleg og høyre, reisebrevet fortset. Mens sjølve reisa går mot slutten.... Diverre
TusenTakk, ja er litt utanom det vanlege her på IF. Men på slutten på reisebrevet så er vi nok tilbake på meir vanlege IF trakter ;-)
TusenTakk @holmen, ja er litt utanom det vanlege her på IF. Men på slutten på reisebrevet så er vi nok tilbake på meir vanlege IF trakter ;-)
Pitstop på Bali: Kort pit-stop før ferden vidare til Timika. Budde på Kutabex Beach Front Hotel, og dette levde ikkje opp til bilda på verdsveven i det heile. Romma låg i kjellaren, ikkje noko triveleg. Men greit nok for 1natt. Rusla litt rundt i byen, besøkte minneplassen etter bombinga i 2005. Så åt vi lunch på ein plass som heitte Kitchenette, god mat og dei serverte knallgod kaffe frå nabosjappa. Innom Kuta Beach ein liten tur vart det også. Kuta var masete, altfor mykje turistar etter mine augo. Men utelivet er nok veldig bra!
GA652 DPS-TIM: Kjapp og grei innsjekk, men så.... Gjennom sikkerhetskontrollen så ville dei ikkje la meg ha med selfiestanga til GoPro eller gorrilatripoden til kamera. Uhøyrd meinte eg, har jo reist med dette langt og lenger enn langt no. Men ein har jo ikkje sø mykje ein kan sei, så då vart det ut igjen. Og dette blei sjekka inn i ein konvulutt som eg måtte hente i lost&found i Timika. Jaja, sånn går nu dagan. Timika er ikkje akkuratt verdens navle, så av ein eller anna grunn så gjekk dette flyet 01:25 på natta. Jaja, Seat Alerts appen blei sjekka og eg fekk lura meg til ein 3radar for meg sjølv etter take-off. Dei prøvde og vekke meg for mat, men takka fint nei. God morgon Timika Og slik sto trallene klare ved ankomst Timika, dette varmar hjertet til ein FF.
Emerald Hotel, Timika: Me blei kjørt rett til Hotellet, rask innsjekk og me fekk romma våre klokka 7 om morgonen. Heldigvis, for ein var jo litt trøtt etter flyturen så då fekk ein litt søvn fram til lunch. Hotellet var ganske nytt, reint og fint. Men det lukta røyk på rommet, så måtte lufte eindel. Men over all min forventing, så vi var nøgde. Utsikten Og rommet
Så etter litt lunch på hotellet, som tok ein evighet og få så var det tid for og få godkjent klatre «permits» det er mykje politikk og uro på Papua så det er veldig viktig at det presiserast at vi er her kun med 1mål og det er og klatre fjellet. Fjellet er då altså Carstenz Pyramid også kjent som Puncak Yaya, 4884moh. Fjellet er det høgste i Indonesia og det høgaste fjellet i Oseania. Og derav ein av «7Summits» Det var heile 5permits som måtte til for at me skulle få klatre, me var kun innom ein plass, bilde, underskrift +++ Her har me nettopp blitt godkjent, og då har vi tillatelse på plass. Rett utanfor der me åt i Timika, me fekk god mat på ein plass som heitte Oriental. Anbefalast dersom du forvillar deg til Timika ;-)
Det vart tidleg kvelden for og stå opp 05:15 slik at me kunne prøve og komme oss med helikopter til Base Campen på fjellet. Sidan dette var under ramadan så var det tidleg frokost på hotellet, flaks for oss. Inn på flyplassen, sikkerhetskontroll og alt dette vanlege styret. Så var det bare og vente på at været skulle klarne opp. Vi må nemleg ha klar sikt inn til fjellet for og få flydd. Etter og ha venta i 3timar måtte vi bare konstantere at i dag vart det ikkje flyvær....
Klokka var jo bare rundt 9, så da farta med litt rundt i Timika på jakt etter kaffi. Me fekk treff, ein koseleg liten kafe. Og her var det bare og velge kva type bønner ein ville ha, så det var bare og lukte seg fram. Rett og slett fantastisk! Så det blei nokre koppar med kaffi (Eg er litt nerd på fleire ting, blant ana kaffi, øl, fjell og sjølvsagt bonus) Litt kort om Timika og kvifor vi må fly helikopter og ikkje kan gjere som vante nordmenn og gå.... Timika har verdas største gullgruve, Grasberg gruva. Det er også verdas nest største kopar gruve. https://en.m.wikipedia.org/wiki/Grasberg_mine Sjølv om gruva ligg tett opptil fjellet, og har bilveg så er det bare og gløyme og bruke denne. Gruva er strengt bevokta, og det er historiar om klatrerar som har gått ned frå basecamp og har blitt tatt til fange for så og måtte betale seg ut. Så har du den andre opsjonen, via jungelen på andre sida av fjellet. Her må ein gjennom fleire landsbyar, der er det fort at ein blir krevd for store pengesummar for og kunne passere. Folk har også blitt drept her, kanibalar har det også vore i denne jungelen. Lokale myndighetar jobbar for og få lært opp stammefolket i engelsk, og lære dei opp som guidar. Men dette er ein lang prosess, så kanskje om nokre år så er dette mogleg. Så derav einaste trygge måte er då og fly helikopter, og helikopter er jau ganske kult Sidan me skal fly rett inn til nesten 4400moh så har me start og tygge Diamox førebyggande. Utanom det så er følgande medisin med: -Dexametason -Paracet og Aspirin (knallbra mot høgfjellshovudpine) -Afipran (Mot kvalme, slik at ein får i seg mat) -Imodium -Ido Form -Malarone (Tilfelle, slik at ein kan ta stor dose) Så få får ein satse på at doktoren @drsyk syns det er ei grei liste.
TIM-Carstenz Pyramid Base Camp Airbus AS350B3e: Hurra! I dag var det verdt og stå opp i 5tida, for no var det klarvær Her ser ein at morgotåka lettar! Og her er den fine fuggelen som skal frakte oss inn til foten av fjellet.
Det blei 2turar med helikopter for og få alle og alt utstyr inn til BaseCamp. Og fytti katta for ei kul innflyging me hadde, me flaug jo rett over gullgruva og deretter lågt og nærme fjella. Sjølvsagt for at helikopteret ikkje skulle fly høgare enn nødvendig. Både med tanke på drivstoff og med tanke på co-piloten/hjelparen som tok O2 frå ein liten boks.... Helikopter altså, det er rett og slett tøft! På desse 2bilda så ser ein fjellet til høgre i biletet!
Så vel framme i BC så var det og få ut utstyr frå helikopteret og så rigge opp leiren vår. Det skulle vise seg at me 6 var dei einaste som var på fjellet denne gongen, heldigvis. Det er mykje laus stein som ein må passe seg for. Me reiste med Eventyrturer til dette fjellet. Han har vore her før, og hadde ein meget fordelaktig pris. Og for vår del så ville vi reise med nokon der vi kjente til dei andre deltakerane også, nettop p.g.a faren for laus stein. Huset vårt klart for natta Kan ikkje klage på utsikten frå huset akkurat Då var mat-teltet også på plass.
Me fekk oss litt mat og kaffi, og rigga klart klatreutstyr. Så skulle me ein tur oppi fjellet for og akklimatisere, samt gå gjennom klatre og rapellerings rutiner.
Etter ein liten tur i fjellet var det avslapping, litt pakking og meir mat. Bilde her viss klatreruta på fjellet: Ein kan faktisk ha det ganske så behagelig i telt, har x2 liggeunderlag så blir det ganske digg faktisk!
Alle følte seg pigge og fine på kvelden, så me bestemte og skippe kviledagen og gå rett for toppen førstkommande natt. Dette p.g.a værmelding så veldig dårleg ut, og me kunne då risikere og bli stranda i fjellet i ei veke. Sidan det ikkje ville vere vær for helikopteret til og komme og hente oss. Og gruva den skulle me vertfall ikkje gå ned til! Så me skulle då starta og gå mot toppen 02:00/02:30, starte på natta sidan det alltid regnar frå midt på dagen i dette området. Våkna tidleg, var så jækla pissatrengt men fekk tatt nokon kule nattbilete.