Så då var me klare for toppstøt, ikkje så lett og ta bilde om natta og heller ikkje med alt av klatreutstyr på. Drikke er veldig viktig i høgda, men eg ville nok ikkje anbefalt bobler..... Det får ein heller feire med etterpå. Vår lokale guide, tok seg like godt ein røyk på turen.... Jaja.
Først når vi nærma oss toppen så gjekk natt mot dag. Vi kryssa fleire «krux» i mørket (vanskeleg parti på klatrespråket) og samt ei vaierbru (Tyrolertravers) Og etter litt under 4timar klatring, ca klokka 06:10 den 13.Mai sto vi på toppen av Carstenz Pyramid Ein heilt fantastisk følelse, vi har planlagt, trent og spart $ til denne turen i over 1år
Wow, fantastisk. Dette var fredagsunderholdningen sin det. For en fantastisk tur og utrolig bra bilder.
TusenTakk, ja målet og draumen er og ta alle 7. Og sikkert litt meir for og bygge nødvendig erfaring.
Så etter litt fotografering på toppen så var det tid for og snu nasen og koma seg ned i låglandet, vertfall ned til BaseCamp.
Så slenger eg med nokre bilete frå traversen vi måtte krysse, den var ganske skummel og krysse i tussemørket på veg opp. Men gjekk overraskande fint og krysse i dagslys. Bileta er snapshot frå GoPro så ikkje beste kvalitet. Men det får duge.
Så kom me oss trygt ned fjellet, me var eit veldig bra team. Klatra tett saman, og derav ingen til minimal risiko for og at laus stein skulle få fart på seg. Men ein blir jo minna på at det ikkje er risikofritt når ein ser desse minna, men me følte oss trygge og at me hadde eit godt opplegg for og minimere risiko. Det set allikevel tankar i ein, og det er trist og sjå at liv har gått tapt. Eg var usikker på om eg skulle poste desse bileta, men syns at det er viktig del av historia. RIP.
Nede i BC så vart det avslapping, kaffi og mat. Me var jo nede rundt 09:30 så etterkvart fann me ut at me skulle prøve lukka og leite etter litt gull, me var jo tross alt rett ved verdas største gullgruve Det vart dårleg meg gull gitt.... Kanskje like greit, er ikkje sikkert det hadde vore så populært om me hadde funne gull og tatt det med ut akkuratt Men eg ser for meg at hadde ein funne noke, så hadde ein fort blitt hekta
Etterkvart så plukka me litt søppel og brant litt, greit og gjere ein innsats frå andre som hadde lagt i frå seg søppel her dessverre Knipsa så litt fleire bilete Litt seint på ettermiddagen så høyrde me eit skudd/smell, me lura om det var dynamitt frå gruva eller noko ana? Tenkte ikkje så mykje meir over det. Så var det tidleg kvelden, me var jo ganske slitne for og sei det slik. Og me skulle jau tidleg opp neste morgon, for og forhåpentlegvis pakke saman og bli henta av helikopter
Natt gjekk til morgon, me var vel igjen oppe godt før fuglane feis Været såg veldig bra ut, så då var det bare og pakke saman og satse på at det vart helikopter for og kome oss ut, været dei neste 5dagane såg nemleg veldig dårleg ut så dette var vår sjanse. Og det ville også bety fleire dagar til meir ferie Litt over klokka 6, så fekk me beskjed om at helikopteret var på veg. Her ser ein litt av gruva, den er rett og slett gigantisk! Og det er sabla kult og fly helikopter! Helikopteret er Airbus AS350B3 som tidlegare nevnt. Og vipps var me framme i Timika igjen Når me så kom til Timika så var det masse politi og militær, me blei fortald at det hadde vore skuddveksling i jungelen og ein militær hadde dødd. Det hadde vore mykje skuddveksling så ikkje sikkert at det var det me høyrde dagen før. Men glad for at me flyr helikopter ja, også er det jau veldig stas og fly helikopter då