Del to.
Når ein reiser på pakketur, så må ein ha pakker. Inkludert var drikkepakke classic, som inneheld alt som var billig. Og om ein kun treng drikke for å føle effekten, så følte eg at dette var vegen å gå, men for undertegna(som også liker Champagne mot for cava og andre bobler) som reiste med unger, så var smaken viktigst(noko den også er elles), og me gjekk for oppgradering. Då var vegen kort til ei pakke som inkluderte to flasker vin, litt kreditt på kasino og fri minibar. Då slapp ungene å få eigen drikkepakke!
Elles fant me ut at skipet var rundt 20 år gammalt, og skulle inn til til total overhaling neste år. Litt blanda drops når det gjald attendemeldinger på dette, men det verka som Celebrity hadde det på stell.
Medlemskap på skipsgruppa på face, check, og påmelding til arrangement på facebook check. Då er det berre å starte reisa:
Flyet vårt hadde avgang kl 0915 frå CPH til MIA, og var med SAS. Og siden det ikkje frista å stå opp kl 0300 for å kjøre gjennom eit usikkert vinterføre til OSL, og eg hadde litt choice-poeng til bruk, så vart det booka kveldsavgang til CPH og lagt inn ei natt på Clarion i gangavstand.
Frøkna på 12 har floge pluss før, og tek med seg matpakke ombord....
View attachment 66330
Clarion på CPH var eit godt val, med kort avstand og eit flott hotell.
Booka rom til heile familien med 20 000 NCC poeng, og fekk oppgradering til eit familierom/deluxe-rom som platinum. Det var suite ledig, men eg gadd ikkje bråke med det. Dette var bra nok, og me fekk lakris sjokolade!!
View attachment 66326
View attachment 66325
View attachment 66327
View attachment 66332
Frukosten var også bra, og det var også særs god bemanning der, mot for enkelte hotell i Norge. Dei gjekk til og med rundt å ga oss nybakt kringle!
View attachment 66329
Etter ei drøy veke i muslimske Uzbekistan, så var det også fint å sjå at eg var i baconhimmelen!
View attachment 66324
Men det kan vera me kom litt tidleg, då me tenkte me måtte vera på flyplassen 2 timer før.
Me endte med å gå frå hotellet 2 timer før.
Alt var sjekka inn frå før, og CPH var effektiv denne morgonen, og etter å ha tatt to vendinger til venstre, så var me inne i Gullstova.
Det var som vanlig veldig mange folk her, så me satte oss nede med utsikt til passkøa, og etter ein brukbar kopp med kaffi, så var det 45 min før avgang, og me tusla inn mot flyet
View attachment 66328
Ein A330 kalla Birk.
CPH sin Non-Schengen er ikkje verdas beste terminal, og det var pakka når me kom inn.
Etter ca 20 minutter begynner det å skje noko, og dei skal boarde store deler av flyet som priority. Både pluss og gull fekk gå ombord med oss som hadde biz og bedre. Makan altså, måtte jo nesten stå i kø for å komme inn på flyet.
Men det kom seg når ein kom inn i hiarkiet på flyet, og fekk lov å gå til venstre.
I dag var rad 1 vår!
View attachment 66331
Boblene kom etter nokre minutt, og me følte oss godt ivaretatt.
Vis alt...