Dama som sit i 1A tok bilete bakover i kabinen, men passa på å setje kameraet slik at eg ikkje kom med. Eg får ikkje håpe eg er for stygg. Champagnen er god, og el capitan seier vi skal klare turen på 10t20min. Han kunne vel ha strekt seg ein time lenger? Jaja. Eg skal kose meg.
God tur! Ta vare på deg sjøl i Amerika. Og hugs, du må ikkje stole på alle du treff (Ber om orsak om nynorsken ikkje stend til Laud)
Hipp hurra! Det var godt å lese at ting har gått fint så langt og at du er på veg. Kos deg og ha ein strålande tur vidare, eg gledar meg til vidare rapportering.
Etter vel to timar i lufta gledar eg meg til resten. CC er ivrige å servere drikke. Eg trur eg har fått i meg tre eller fire glas med Charles Hide and Seek eller noko slikt. Maten smakar jo faktisk slik mat skal smake. Det er eg ikkje vand med. Det vart biff til hovudrett. Eg er allereie byrja å gjespe, men har igrunn ikkje lyst å sove. Difor ser eg Kominsky Method på fargefjernsynet.
Aaaaah. Godt å kvile augo litt. Dette var noko anna enn ein økonomikvil ja. Ein søv jo faktisk ganske godt når ein hugsar på ein har øyrepluggar i ammenitysettet. Da som ikkje ville ha meg med på bilete snorka ein del. Trur eg. No lyt eg finne eitkvart å leske meg med.
Ingen skal beskylde SAS for ikke å være luftens gourmet Riktig god tur videre! Vi gleder oss til å følge med på turen!
Eg har framleis ein «sandwich» frå Norwegian frå oktober 2018 (Bergen - Praha). Det trur eg er fyrste gong eg ikkje klarte å ete mat eg fekk på eit fly. Dette er fyrste biz turen min sidan Cathay C HKG-MNL i 2009, so at flymat smakar godt er ganske nytt for meg.
Mikkelleren fekk 3,0 på Untappd, @snus_mumrikken har berre gitt den 2,5. Godt øl med alt for lite fylde. Deretter gjekk turen til galley for litt påfyll. Då eg var komen attende til setet mitt sette eg på ein ny episode av Kominsky Method (prostatahumor). Etter vel 14 minutt var det tomt. Eg lyt visst returnere til galley (og toaletet).
Nytt champagneglas. Vi fyk over Alberta. Under meg har eg mange slektningar med røter i indre Jølster der oldefar var ifrå. Slikt lyt ein skåle for. Vi nærmar oss amerikansk luftrom.
Dette er uten tvil det reisebrevet med høyes feelgood-faktor jeg har kommet over her inne. Du har en så gjennomgående snill og jovial skrivemåte at gleden automatisk sprer seg! Ønsker deg alt vel for turen og gleder meg til å lese oppdateringene!
Mange takk! Det er fyrste lange businessturen min. Eg er vand med økonomi både kort og langt. Gjerne med Widerøe, so dette var eit bra steg opp. Setet er framifrå. Både til sitjing og ligging.