Ber ikke om mer Det er innmari fint med 4k på pc, men når man sitter på mobil med så som så forbindelse er det ikke så artig å sitte å vente på at det laster ferdig. La meg for all del presisere at dette er et generelt hjertesukk, du har på ingen måte utmerket deg spesielt negativt. Kos deg i California, noen må ta til takke med 321 innenriks til Trøndelag.
Då er dagens gjeremål i gang. Kroppen er nydusja og eg skal opp i vegen her og ete breakfast burrito. Deretter blir det shopping og lunch (Japansk buffet) i Glendale. Vurderer ein tur til Marina del Rey for middag seinare. Halv åtte i kveld er det fotballkamp i Carson.
Det vart ein solid frukost på Fred62. Breakfast burrito, kaffi, vatn og Cola. Eg hadde heilt gløymt at amerikanske porsjonar er mykje større enn norske. Lunchapetitten er omlag fråværande. No har eg handla inn litt ymse både til meg og ungane. Madammen vart det verre med. Eg lyt nok setje kursen for Citadel Outlets etterpå. Fyrst er det kaffi på Starbucks og vonaleg kjem lunchapetitten og finn meg.
Etter mang ein time med trakking frå butikk til butikk på kjøpesenteret har eg nobtele tol fornuft og gått ut at i bilen. Det vart ikkje nokon kjole til madammen. Ingen av butikkane hadde nokon som tilfredsstilte hennar krav. Då vert det ein litt tidleg middag før eg skal til forstaden Carson litt seinare og sjå fotballkamp.
Du satte jo lista rimelig høyt med kjolekjøp da Den hadde nok feila for meg uansett by/sted Du skal ha for forsøket!
Eg tykker det er særs modig bare å tenke på å kjøpe kjole til madammen … Eg kjøpte noke undertøy på Heathrow for ca 40 år siden, dama bak disken sa at det var One-size og heilt sikkert ville passe! Det gjorde ikkje det og kommentaren heime var at eg nok ynskte meg ein smalare kjerring. Det gjekk over ..
Etter handleturen i Glendale tok eg turen til Fuji Buffet & Grill. Den turen kunne eg visdt spart meg. Mykje ymse i buffeten. Akkarringen eg prøvde meg på kom nesten i retur. Deretter bar det til Citadel Outlets. Framleis ingen kjole til ho heime, men eg har no i alle fall lagt inn eit godt forsøk. Etter ein vaksen kopp med frozen yugurt og ein halvliter med americano frå Starbucks sette eg kursen vidare sørover for å nå fram til avspark i «El traffico», som dei kallar lokalderbya mellom LA Galaxy og LAFC. Eg brukar å få med meg heimekampane til Galaxy når eg er her. I går enda det 3-1, etter mål av mellom anna den gamle Unitedspissen Javier Hernandez. Amerikanarane er litt flinkare til å lage show enn vi er i Europa. Etter kampen streva eg fyrst med å finne bilen min før eg deretter streva med å finne fram til hotellet. Eg hadde gløymt å taste inn «North» i gatenamnet. Klokka var blitt nesten 23 då eg kom meg heim, so då var det berre å binge. I dag er planen å køyre ned til San Pedro for å vitje USS Iowa, eit krigsskip frå andre verdskrigen. Vonaleg skal eg og vitje ein kammerat frå studietida i Huntington Beach.
Gårsdagen vart lang og kjekk. Etter frukost sette eg kursen for San Pedro og USS Iowa. Ein spennande stad å vitje for historieinteresserte. Etter rundturen om bord sette eg kursen for Anaheim for å møte ein kammerat for øl, mat og baseballkamp. Vi fann fram til både øl, mat og kamp til slutt. Forferdelig med traffikk forseinka oss begge. Jammen var det kjekt å sjå han att etter åtte år utan ei einaste vitjing til Sambandsstatane. Resultatet av kampen vart dessverre ikkje det vi håpa på, men artig var det. Etter kampen var det berre å bile heimover og finne senga. No er klokka passert ni her borte og eg er ute blant stolar, sofaer og raude vasskanner for å drikke ein siste kaffikopp før eg set snuten nordover mot San Francisco.
Jammen er det vemodig å skulle reise herifrå. Det blir sikkert bra med San Francisco og. Eg gledar meg.
Då er eg omsider komen til Santa Barbara. Det var kø både på vegen vest i Ventura County, og utanfor Bluewater Grill då dei opna. Det lova godt, og maten skuffa ikkje. Nydeleg. Og noko meir europeisk storleik på porsjonen. Vurderer å droppe HWY1 og heller gå for 101 heile vegen nordover. Det er vel kjappast og tek «berre» 6 ish timar. Etter lunchen skal eg handle inn litt øl og svinse meg ein tur i mitt gamle nabolag
Etter ca tre timar på vegen er eg no komen til King City. På tide med ein pitstop og litt påfyll av mat og drikke. Det vart ein pizza på King City Pizza og ei Sierra Pale Ale. Ein har lov å ta seg ein styreøl her borte. Når eg er ferdigeten er det vel vel ca 3t att gitt at ikkje trafikken er alt for håplaus.
Etter å ha handla inn litt smågodt på Lama Room begynte den lange vegen mot SFO. Det vart 101 etter at ein kammerat sa det ville ta nokre timar lenger å køyre HW1. Eg leverte leigebilen på SFO og tok ein Uber til Chancellor Hotel ved Union Square. Hotellet er nokre år gammalt. Det merkast her og der, mellom anna i heisen, som sikkert snart skal feire 50-årsdag. Rommet er ganske lite, men passar greit for ein på egotrip. No skal det sovast.