Ein sunnfjording til Sambandsstatane

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 22. mai 2022.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Då var eg oppe og i sving. Her har eg badekar på hotellet, so då lyt ein nytte høve til å nyte det. Eg kom meg ut frå hotellet litt over 11 og gjekk lutt rundt Union Square, innom ein butikk for å sjå om dei har kjolar som kan behage madammen, men no go. Eg trur eg gjer opp den no. No sit eg på Tonton Restaurant eit steinkast frå Union Square og ventar på å få servert ramen.
     
    EndreD, Sonictravel, OyvindN and 10 others like this.
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Dette var godt! Svin og kimchi. Igjen ein enorm porsjon, som med ein colaboks kom på $18.41. Ganske rimeleg og. Restauranten har berre fem små bord, men dei ser ut til stort sett å vere okkupert. No treng eg å gå litt rundt for å gå av meg maten. Hadde gjort seg med kaffi no.

    5DC046F1-F345-49B2-A349-E4087061278D.jpeg
     
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter ein liten strekk på rommet begynte eg å sjå meg omkring på Google etter pubar i nærområdet. Før avreise fann eg at dei fleste låg i nærleiken av Oracle Park, men etter litt småleiting fann eg ut at naboen til hotellet er kombinert tap room og sportsbar. Då gjer det ikkje noko at hotellet snart skal gå av med AFP. Skål!

    E5E38349-20B5-4C4E-997A-9AB059ABA18E.jpeg
     
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Golden Gate Tap Room er verdt eit besøk for dei som er glade i øl og sport. Søtpotetfriesen deira var so absolutt verdt kronasjane. Det var for so vidt pissoara og. Eit bilete skal visst seie meir enn 1000 ord.

    3E3300B4-E45E-4020-84C9-0E2763061A6A.jpeg
     
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Ein anna ting som er verdt å nemne ved Golden Gate Tap Room er at ei av servitrisene er eksepsjonelt lik på min favoritt-Kardashian (Kourtney for alle som lurer) frå sida.

    No er eg flytta meg vidare til Bartlett. Her har eg tinga meg ein burger og ein ny øl.
     
  6. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    God morgon frå Mason Cafe. Skal bli godt med ein dugeleg frukost med omelett, hash browns og brød. Dagens fyrste kaffikopp er på veg ned i gapet. Snart vert det litt meir handling før eg skal trakke ned til Fishermans Warf og vase rundt. Det blir vel fort eit stopp eller to ved ein cafe eller sjekestove på vegen. Kjem eg meg nokelunde heilskinna fram skal eg etter planen vitje USS Pamponito og/eller USS Jeremiah O’Brien, i tilllegg skal vedlikehalde sangstemma med litt leskedrikk og halde svolten i sjakk.
     
    snus_mumrikken, runese, Elmo and 11 others like this.
  7. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,145
    Likes mottatt:
    869,597
    Bonuspoeng:
    293
    Du lyt ta skjenebussen (eller trikken som vi sier i mer urbane strøk)
    upload_2022-5-29_18-39-6.jpeg
    upload_2022-5-29_18-39-40.jpeg
     
    snus_mumrikken, Elmo, Earl and 3 others like this.
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Det skulle eg ha gjort ja. Vi får sjå kva eg får tid til i morgon. Eventuelt i kveld. Det vart ein liten omveg på veg til Fisherman’s Warf.
     
    Eddie47 liker dette
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Då har eg omsider klart å sause meg fram til Fisherman’s Warf. Eg gjekk litt feil på vegen frå Union Square. Berre litt. Ca 90 grader i eit kryss. Eg fann ut av det då eg var komen ned til Embarcadero og hadde brua til Oakland på høgrehanda. Då var det berre å vende snuten mot venstre og «marsjere inn i framtida» som Obama ville sagt. No er eg omsider komen fram til Pier 39 og funne meg ein plass å fukte strupen. Alt med måte, heiter det, og då kan ein ikkje overdrive edruskapen.

    F95D2BD3-9777-46FD-84DD-FEC457D24889.jpeg
     
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Då har eg vitja ubåten USS Pampanito. Eit interessant besøk. Jammen hadde dei det trangt under der. Torpedoar og bunk beds stabla oppå kvarandre.
    3515BF70-7A4A-46CF-AC5D-EF21DA83CABF.jpeg A342AEEE-5B62-479E-836F-5CE0FFCF812A.jpeg

    Før eg skal vitje neste krigsskip, USS Jeremiah O’Brien lyt eg fylle på med vått og tørt. Det er fint og varmt i San Francisco i dag, og når ein vasar seg vill i tillegg treng ein litt ekstra påfyll.
     
  11. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter litt påfyll av fast og flytande gjekk turen til SS Jeremiah O’Brien. Dette skal visst vere det einaste gjenverande Liberty-skipet på kloden som ikkje er særlig modifisert. Dette var lasteskip som frakta krigsmateriell. Tek eg ikkje feil hadde og Nortraship fleire slike skip. Lounge hadde dei om bord og.

    22C51F49-21DD-4E0D-ADA0-2893E76A8134.jpeg C8422358-24EB-4149-B031-6D37B9523715.jpeg 31EA96D5-6145-4997-A65C-49D278D7A4A3.jpeg

    Etter litt meir surring rundt på Fisherman’s Warf fann eg ut at det var på tide å setje kursen for hotellet igjen. Sjølvsagt til fots. Då lyt ein stoppe og fylle på litt. Her har eg fått meg ein Almanac IPA. Bartenderen tok seg like godt eit lite glas med øl han og, og skåla med meg.
     
    Last edited: 30. mai 2022
    MilageRune, Elmo, kjeeli and 20 others like this.
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Attende på hotellet. Ein liten strekk på senga før eg skal ut og handle Peppa Gris leikar på Macys Union Square. Dr Pepper er jammen godt.
     
    Earl, paron, RoadKing and 2 others like this.
  13. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Då var handlerunden over, middagen innteken. Det vart sushi i dag. Det tok lang tid å få maten, men den smakte ikkje so verst. No er eg tilbake på Golden Gate Tap Room. Her har dei mykje godt som eg ikkje har smakt på, so då er det berre å drikke i veg. Dessverre køyrer dei plastglas i dag.

    3F558BF4-024E-43C3-A481-B4D893714907.jpeg

    Sculpin IPA hadde litt vel kraftig humlesmak for min gane, men eg skal nok få den i meg.
     
    Last edited: 30. mai 2022
    Calling, kjeeli, OyvindN and 12 others like this.
  14. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter ein lang gåtur rundt om i San Francisco har eg omsider funne ein plass dei har noko kaldt å drikke. Jammen var det godt med øl etter knappe 8500 steg. Dagen starta med ein kubanar (ikkje slik som Bill Clinton brukte, men ein sandwich) før eg vasa meg vidare i retning av Full House huset. Det var ein del lenger enn eg trudde, men eg kom no fram.

    0524B264-011C-4436-BF4C-40283536425F.jpeg

    Deretter gjekk turen opp til Alta Plaza Park. Her var det fin utsikt over byen. No har eg tatt ein pit stop for å få meg øl før eg går vidare mot Lombard Street. Vassmelonøl frå 21st Ammendment Brewery. Frisk og god i varmen.

    Dagen i dag er min siste heile dag i SF for denne gongen. I morgon set eg kursen for gamlelandet igjen. Eg gledar meg allereie til flyturen. Det blir både kjekt og vemodig å komme heim att. Eg har alltid kjent meg heime i California etter studieopphaldet her.
     
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter vatningspausen bar det vidare mot Lombard Street, før eg gjekk vidare nedover bakkane til San Francisco Brewing Company. Her vart det både øl og pizza. No har eg fått lada meg opp at, so då er det berre å setje kursen for den skjenegåande køyregreia som vonaleg skal køyre meg til ein stad i nærleiken av Union Square.

    10928EAA-A776-4F21-B824-C9D86F767527.jpeg

    5D37BE04-B372-4431-9E2E-0B9087B6BE1A.jpeg
     
  16. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter å ha innteke kurrante mengder med vått og tørt sette eg kursen for trådbusstoppen. Det heiter visst trådbuss på nynorsk, skal ein tru @Stuttfeiten sin avlidne sambygding, tidlegare Stortingsrepresentant Stavang.
    427CD99C-AA54-432B-B37A-5F0032DC5B72.jpeg

    D4CA55C5-6992-460D-9AD5-06ED9F069C2C.jpeg

    Denne tok meg attende til Union Square der hotellet mitt ligg. No ligg eg og slappar av og vurderer mitt neste (og siste?) gjeremål. Eg lyt i alle fall innom apoteket på hjørnet og handle litt medisinar. Burde vel gjerne ete litt og, men finst ikkje svolten. Mykje god mat i godt øl.
     
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,419
    Bonuspoeng:
    183
    Etter ein kvil på hotellet sette eg kursen over Nob Hill til Rural Ramen.

    9E77AB8F-2789-4D16-A788-2EE8AB1E8309.jpeg

    Meget god ramen, men eg synst at Tonton sin, som eg var på hin dagen, var hakket betre. God og mett vart eg i alle fall. På vegen attende svinsa eg innom Wallgreens og fekk med meg litt meir fyll til medisinskapet. Koffertane vert nok fulle og gode ja.
     
  18. Spielhaug

    Spielhaug Veteran

    Innlegg:
    3,147
    Likes mottatt:
    7,884
    Bonuspoeng:
    183
    Du kan glede deg til ny Mikkelervariant forresten, denne gangen en pale ale. Syntes den var bedre enn Ipa’en
     
    tobeornot999 and Eddie47 like this.
  19. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,878
    Likes mottatt:
    57,467
    Bonuspoeng:
    293
    Nå er nynorsken min relativt dårlig, men trikken i SF er vel ikke skjenelaus?
     
    runese and Sunnfjordingen like this.
  20. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,145
    Likes mottatt:
    869,597
    Bonuspoeng:
    293
    Sitat: Etter å ha innteke kurrante mengder med vått og tørt sette eg kursen for trådbusstoppen.

    Så et bilde fra innsiden av kableltrikken

    Sitat: Denne tok meg attende til Union Square der hotellet mitt ligg.
     

Del denne siden