Er det forskjell på kabeltrikk og trolley? Eg er visst ikkje heilt oppdatert. Det var ein slik klassisk San Francisco «cable car» eg tok attende til hotellet
Då var eg sjekka ut av hotellet. No skal eg sitje her og slappe av ein times tid før eg set kursen for SFO. Her har eg stått over både frukost og lunch for å spare apetitt til United Polaris. Innsjekken har eg forstått opnar tre timar før, so då er det berre å vere klar slik at ein får seg nokre glas før boardinga startar. Eg kjenner eg er klar for heimreise no. Det skal bli kjekt å sjå madammen og ungane igjen, men å reise frå California er aldri noko moro. Det kunne vore verre. Det sit nokre britar her i hotellresepsjonen som er nedgradert frå Premium Øko til Øko. Stakkars folk. Vi får sende våre «thoughts and prayers»
Jupp. Trolley bus er en buss (med gummihjul) som går på strøm fra kabler over veien. Som trikken i Oslo eller Bybanen i Bergen, men buss. Sånn du tok bilde av her om dagen. Kabeltrikken i SF går på skinner, men ikke på strøm. Den blir dratt av en kabel som går under bakken.
I Bergen har vi også en trolleybuss-linje …..det har vi hatt siden 1950 linje 5 og trolleybuss erstattet den trikken på linje 2. Linje 5 er nedlagt som trolleybuss, mens linje 2 er fortsatt trolleybuss på den samme linjen bare utvidet i begge ender … og byttet navn til linje 6
Då er eg på plass på SFO. Det vart ein Lyft til flyplassen frå hotellet. Eg har berre fått i meg nokre kjeks og kaffi, begge frå hotellresepsjonen. Dei var veldig gode, men no ser eg fram til å komme meg i United Polaris loungen. SAS opnar vonaleg for innsjekk om ein halv time. Øko-køen er lang, medan Plus/Biz/Gold ikkje har begynt å stille seg opp endå. Eg har og fått konstatert at bagasjen min er innanfor akseptable vektgrenser, både for flighten over fjorden og over fjella heim til Sunnfjord.
Aaah. Forbi innsjekken tre timar før departure, ein liten snartur innom taxfreen for å riste på hovudet av M&M-prisane seinare er eg på plass i United Polaris-loungen. Det er jammen den svenske snorkfrøkena frå 1A som ikkje ville ha meg med på biletet ho tok av kabinen på CPH-LAX førre veke og. No er det nokre timar med champagnekos, burger og litt ølsmaking før boarding.
Her gjeld det å halde frmadrifta. Eg måtte på venteliste for å få burger, so då vert det ein liten smakebete frå buffeten før burgeren. Ølutvalet er var veldig bra. Drakes 1500 er fyrstemann ut. Pale Ale som er det beste eg har fått til no på turen. Rai rai!
Eg må seie United imponerer på ølsida. Eg har fått meg to øl og eit glas champagne og øla er nokon av dei beste eg har fått på turen.
Då var eg på plass for å få i meg ein burger, som vert utan brød. Er det eit hint frå serveringa om at eg bør på lågkarbo? Eller er dei litt småirritert over at eg har på meg ei tskjorte som syner sympati for Los Angeles Angles of Anaheim? Eg får vel heller kompensere med litt flytande karbo.
Eit asiatisk ektepar på nabobordet tok selfie på ein slik måte at underskrive kom imellom dei. Er det innanfor å be om å få oversendt bildet? No skulle ho snorkfrøkena frå 1A på turen over her sett meg…
Etegilde i United Polaris. Den mannlige halvdelen av det asiatiske (ekte?)paret ved sidan av tinga seg ein bao bun, det ville eg og ha, so då vart det det. Bao buns passar godt saman med eit glas champagne.
Då sit eg og nyt den siste tida før eg skal til gate i baren. Snorkfrøkena frå 1A på turen over sit to stolar til venstre for meg med ein bloody mary. Eg munsar på ein stout. Kveiteøl next.
Korleis er taktikken for å komme seg fra SAS terminal til United ? Tenker å prøve United Polaris ved retur fra New York i juni
Eg flyr frå SFO. Her er United Polaris umiddelbart etter sikkerheitskontrollen. SAS sin gate er ca 100 meter etter, so her er det «rai rai». Eg har sett YouTube-videoar av dei som flyr berre med handbagasje og som flyr inn til avreiseflyplass med ein annan Star Alliance carrier på avreisedagen for å få lenger tid i loungen…