Artig lesing og veldig imponerande av deg, og takk for at du delar og at du er åpen og ærlig.
Når det gjeld cøliaki i Japan og på reise generelt så har eg eindel erfaring då madammen har cøliaki. Eg ser dykk allereie har prøva sushi, men også Yakitori (Normalt kylling grilla på spyd, men har masse anna godt også) er veldig bra glutenfritt alternativ. Soya saus etc tek ein som regel på sjølv i etterkant. Samme med Yakiniku, som er japanerane sin form for korean BBQ.
Me brukar også glutenfri korta som me har fått via Cøliaki forbundet eller andre som ein finn på nett. Det funkar stort sett veldig bra, og ofte blir dei meir redde og bekymra enn og servere noko som har gluten i seg.
@Insomnia4u har også eindel erfaring med gluten mat i Japan/Asia. Skjønnar godt om dykk vil holde dykk til medbrakt mat, men tenkte vertfall og tipse litt basert på egne erfaringar. Og ja den einaste plassen madammen har fått i seg gluten på restaurant var her heime i Norge.... Då ho ikkje fekk glutenfri pizzabotn. Me har vore i Japan, Sør Korea, Vietnam, Brunei, Malaysia, Indonesia, USA, Sverige, Canada, Tyskland og kanskje fleire land med Cøliaki på slep men det skjedde altså i Noreg at ho fekk i seg gluten...
Vis alt...