Mat i Roma – Taverna Lucifero Det er ingen tvil om at Roma kan by på god mat og drikke. Det beste måltidet, etter mi meining, vart meg servert på Taverna Lucifero, ei lita familieverksemd som ser ut til å vita kva ho driv med. Enkelt interiør på Taverna Lucifero Vin til maten på Taverna Lucifero Innehavaren tilrådde forrettar som smakte nydeleg Ein nydeleg pasta med trøflar El diablo, ein nydeleg dessert Taverna Lucifero vart besøkt etter råd frå ein matkunnig ven som nærmast snubla over denne vetle perla i Roma. Prisnivået er nok litt stivt, men eigentleg ikkje noko å seia på med tanke på kvaliteten på maten. I tillegg var innehavaren på pletten, kom med gode råd, men gav samstundes tid og rom for å berre eta og slappa av. Taverna Lucifero ligg litt gøymt i ei mindre trafikkert bakgate, men her er litt hjelp til sjølvhjelp frå vår ven Google.
Mat i Roma – Ara Pacis – la Capricciosa Der Taverna Lucifero var eit planlagt besøk, så var Ara Pacis – la Capricciosa meir eit tilfeldig stopp. Det var likevel ikkje illle der. Dette var ein fin stad å eta lønsj etter å ha vore på museum og sett Piazza del Popolo. Eg fekk servert ein nydeleg havabbor. Havabbor på Ara Pacis – la Capricciosa Vår ven Google kan fortelja deg kor plassen ligg.
Mat i Roma – La Taverna dei Fori Imperiali Namnet skjemmar ingen, blir det sagt. Her vil eg påstå at ei heller maten legg skam på namet. Etter å ha rusla rundt i Forum Romanum var det på tide med litt mat. Ved Forum Traiano ligg det ei usjenert lita gate og her fann vi La Taverna dei Fori Imperiali. Her kunne dei by på nydeleg pasta og ein heilfrekk dessert. Pasta, sjølvsagt, ved La Taverna dei Fori Imperiali Det er viktig med dessert til lønsj! Interiøret ved La Taverna dei Fori Imperiali er litt spesielt. Stemninga er litt hektisk. Kanskje er det med på å gjera staden litt autentisk italiensk? Eg veit ikkje, men absolutt ikkje dumt. Igjen kan du finna tilbake til plassen ved hjelp av Google.
Fantastisk! Her må en gi stående applaus, for en herlig skildring og skape lysten til å besøke Roma igjen Hvor mye pizza og gelato ble det på reisen
Det vart ikkje veldig mykje iskrem, men kanskje eit par? Det var litt kjøleg i Roma, så eg gjekk ikkje fullstendig bananas i gelatodiskane. Pizza vart det berre éin gong. Det er jo ikkje noko poeng å prøva på noko som Stabburet med sin Grandioza-pizza er ekspertar på!