God føremiddag frå eit heimekontor i solbadande Sunnfjord. I dag har eg vore å henta meg ny automobil. Det vart ein Peugeot e2008.
I går hadde eg litt av nokre opplevelsar med SAS Kundeservice. Då eg ringte fyrste gong var det ei engelsk dame som tok telefonen og sa dei hadde det so travelt at ho ikkje kunne snakke med meg, men om ho fekk kontaktinfo skulle ho ringe attende. Det fekk ho, men eg høyrde aldri noko.
I staden ringte eg rett opp att og kom til ei svensk frøken som hjalp meg, men då ho gjekk igjennom bookingen min (BGO-AMS-NBO-MBA, MBA-NBO-CDG-OSL) presterte ho å avslutte med å seie "åka hemm til Oslo". Skrekk og gru. Tenk å bu der...
Jaja, sola skin, og vonaleg gir vinden seg snart, slik at eg får tatt meg ein kveldstur i dag og. Og kanskje får SAS ut finger'n og billetterar bookingane eg har liggande klare?
Last edited: 04. april 2025