God morgon frå Aust-Finnmark!
Det viktigaste først:
Eg stiller meg i køa av gratulantar!
Forhåpentlegvis står det bra til både med mor og den nytilkomne
Så til dagens dilemma: Hjelp!
Eg har mottatt tilbod om å by på oppgradering (Plusgrade) med Aerolíneas Argentinas frå slumklasse til bermeklasse (frå Economy til Club Economy). Er det verdt det?
– Flyturen er med ein Boeng 737-800
– Per i dag har eg sete 9D og 15 kg inkl. bagasje
– Vi snakkar innanriksflyging som tar 1 time og 45 minutt
– Minstebod på oppgradering er 35 dollar
– Flyginga kosta i utgangspunktet 168 euro
– Med oppgradering får eg 2x 23 kg bagasje
– Andre fordelar er litt i dimman fordi e-posten er på spansk
Kort sagt: Er det verdt å gi eit skambod på 35 dollar for spenningas skuld? Kva seier folket?
Vis alt...