Som kongen gjerne startar: Kjære alle saman!
No er det ikkje mange timane før Argentina-eventyret er slutt. For eit land! Det blir eit reisebrev etter kvart, tankar og bilete må sorterast litt først
I dag kom vi over det norske flagget i lag med det argentinske i hamneområdet her i Buenos Aires:
View attachment 30871
Kongeparet er her på statsbesøk og eg vurderte å ropa 'Harald, du er konge!', men reisefølgjet nekta meg og mumla noko om folkeskikk og 'det skulle ha tatt seg ut'. Etter å ha venta lenge og vel kom både hans majestet kongen og ikkje minst dronninga. Stor stas! Og får å få med det flyrelevante her på forumet: Ikkje lenge før hadde herr Kjos tassa forbi.
På tre veker har vi ikkje møtt ein einaste nordmann her i landet. Siste kvelden i Buenos Aires såg vi både forsvarsminister Eriksen, næringsminister Isaksen og diverse andre frå diverse firma, inkludert sjefen for Statoil, Sæthre. Ingenting av dette øydela for ein fin kveld i den argentinske hovudstaden:
View attachment 30870
View attachment 30872
Beatles spælt aljdri så vakkert som vinsjan på kaia heiter det seg i ei lyrisk skildring av livet i eit lite hamneområde i Nord-Trøndelag. Med havet som reiseveg er det ikkje langt til Buenos Aires, ein stad min onkel var innom fleire gongar som sjømann på seint 60-tal. Med fly er det endå kortare, snart skal Lufthansa få æren av å fly meg heim
Måtte alle få ein dikterisk og bonusrik onsdag!
Vis alt...