Heim til jul: Eit minireisebrev frå årets travlaste dag: VDS--HFT--TOS--OSL--TRD

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 22. des 2017.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Widerøe og SAS skal fly meg heim til jul!

    Reisa startar frå Kiby internasjonale lufthamn:
    20171222_110207.jpg 20171222_110217.jpg

    Med 25 minutt på TOS etter opphaveleg plan og 45 minutt forseinking ut frå VDS ser det ut til at heimreisa ikkje blir som planlagt...
     
    SAJblue, Earl, Lnbre and 8 others like this.
  2. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,414
    Bonuspoeng:
    293
    Huff da, lykke til.
     
    Kristian liker dette
  3. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,394
    Bonuspoeng:
    183
    Håpar det går seg til, god tur!
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk!

    Tusen takk!

    No køyrer vi ei frekk mellomlanding på Hamerfest lufthamn.
     
    Last edited: 22. des 2017
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Undervegs frå Vadsø til Hammerfest, ein flakserunde på vel tre kvarter, var det ingenting å seie på humøret til flyvertinna. Servering vart det òg:
    20171222_123422.jpg

    Boka, 'Med Stalin som gudfar' er absolutt lesverdig og eg siterer følgjande, tilfeldigvis eit stev:

    Rom og vodka drikker vi,
    i morra er vi på tiggersti.
    Gi oss for Guds skyld det vi ber om,
    ellers tar vi merra di.

    Ingen avstigande i Hammerfest, men det kryr på med folk og det har sjølvsagt kome ein branne ved sidan av meg som har to kilometer breie skuldrer. Makan!!
     
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,078
    Likes mottatt:
    68,762
    Bonuspoeng:
    293
    Har de ikke hørt om seatblock?

    Stomperud kommer alltid hjem til jul uansett hva som skjer underveis .... det går nok bra!

    Fly pent
     
    Earl and Kristian like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Effektivt bakkestopp på Hammerfest. Kapteinen lovar flytid på 40 minutt til Langnes, noko som gir ankomst TOS cirka fem minutt etter at det neste flyet mitt skal gå vidare... Kanskje ventar SAS? o_O

    Og her eit stemningsbilete som viser Vadsø sett frå fugleperspektiv:
    20171222_122526.jpg

    Litt uklårt bilete, vi ber om orsaking for det.

    Her i Vest-Finnmark er ting så internasjonalt at oppropa jamvel skjer på engelsk! :eek::eek:
     
  8. ArthurDent

    ArthurDent Veteran

    Innlegg:
    1,701
    Likes mottatt:
    5,876
    Bonuspoeng:
    183
    Dette har stoff i seg til å bli en ordentlig jule-odyssee. Vi følge med - med angstfylt fryd på sidelinjen
    Lykke til!
     
    Kristian liker dette
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Den brannen i nabosetet var jo fanden meg ein flyblock!
     
    ArthurDent, RoadKing and Eddie47 like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Vel framme på Langnes. Den søte flyvertinna kunne fortelje at SAS-flyet ventar på meg. Og ho kunne by på sjokolade!
    20171222_133851.jpg

    Lykke!
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Takk! Eg skal gjere mitt beste! :)

    Tusen takk! Det trengst! Meir om det straks..
     
    Eddie47 liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Hit til TOS kom eg med denne rakkaren:
    20171222_141656.jpg

    Det viser seg at 1355-avgangen til Gardermoen frå Langnes er forseinka til 1445. Det betyr at dei 30 minutta eg hadde på OSL før SAS skulle ta meg til Værnes er redusert til -20 minutt :confused:
     
    SAJblue, Stuttfeiten, Upsaker and 2 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Forseinkinga var akkurat nok til at eg rakk ein snartur innom kanelsnurrebua her på Langnes -- her på eit litt improvisert fat:
    20171222_142055.jpg

    Unnskuld meg for at bileta er litt uklåre, men fram til no har mykje vorte fotografert 'i farta' :rolleyes:
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Makan! SAS har ikkje pilotar til meg! Dei er på veg inn for landing med eit anna forseinka fly, men eg håpar dei finn flyet som skulle ha gått til Gardermoen 1355:
    20171222_142250.jpg

    SAS meiner no at vi ikkje kjem oss av garde før kl. 1520, i alle fall seier dei det på SMS. Vi får sjå om flygarane våre finn fram i snøføyka :p
     
    Last edited: 22. des 2017
    SAJblue, Upsaker, RoadKing and 2 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Vent no litt! Eg tenestegjorde jo i si tid på ØHF (Ørland hovudflystasjon) og har dermed sett store mengder fly (stort sett F-16) ta av og lande. Det burde vel gjere meg kvalifisert til å fly ein relativt tam Boeing 737-800, sant? :cool:

    Elles ser det ut til at vi må innom snøplogen for å få rein vengene:
    20171222_145039.jpg

    Pilotane våre har i alle høve landa (med eit anna fly), så no stig håpet :)
     
    Earl, RoadKing, pgaa and 2 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    No er spørsmålet om SK358, opphaveleg avgang frå OSL 1620, kjem til å vente på meg eller ikkje. Med avgang frå TOS 1520 er ikkje SK4417 framme på Gardis før ei god stund etter 1620...

    Og eg som hadde sikra meg ein tresetar for meg sjølv på SK358! Skal SAS la meg rotna i innanriksloungen no, då??? Det er så mykje å uroe seg for!
     
    Chrisbgg, ArthurDent, Upsaker and 2 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Pilot Camilla kom nyss inn døra, blid som ei sol! Trass i forseinkingar, er no det ikkje så ille likevel :)
     
    jvsandem, Earl, ArthurDent and 2 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Frå 1F, enn så lenge med ledig midtsete, er det god utsikt til kva som skjer utanfor. Denne røvaren står der ute:
    20171222_151414.jpg
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Kaptein Camilla lovar flytid på 1 1/2 time sørover til G-moen. Ho kom frå Værnes via Bodø og måtte liggje og sirkle over Langnes i 40 minutt medan dei brøyta rullebanen her i Tromsø. Det er mange brikker som skal spele på lag i denne flyverda :)
     
  20. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,414
    Bonuspoeng:
    293
    OSL - TRD er en av Europas top 5 når det gjelder flygninger, så du får nok plass på et senere fly.
     
    Kristian liker dette

Del denne siden