Hurtigruten om Geiranger:
Nordlys:
Frå september til april (jo lengre netter, jo større sjanse, men aldri nokon garanti). Nordlysturismen er vel på sin mest intense i desember, januar og februar i Alta og Tromsø (i tillegg til finsk og svensk Lappland) og andre stader her i nord.
Uvêr:
Hurtigruten går innaskjers omtrent heile vegen frå Bergen til Kirkenes med følgjande unnatak:
– Stadt (mellom Florø og Ålesund)
– Folda (mellom Trondheim og Røyrvik)
– Østhavet (mellom Mehamn og Vardø)
Det er berre her det blir nemneverdig sjø, i alle fall.
Stormane er fleire og villare om vinteren (men du kan likegodt kome ut for sommarblåsten), men fartøya går til hamn dersom det blir for hustrig. På førespurnad kan du sikkert få lastestropp utdelt for å feste deg sjølv til køya slik at du ikkje vaknar på dørken der inne på lugaren din
Fartøy:
Merk at ingen fartøy er like. Nostalgiskipet M/S Lofoten er trangast, men har mest sjel. Her må ein gå ut av lugaren for å skifte meining, men sjarmen er på topp.
Dei andre skipa er nyare og har ein litt betre standard. Sjekk ut alle på nettsida til Hurtigruten for info om alle saman.
Når:
Med ei så lang reise som det er frå Bergen til Kirkenes, så er sjansen stor for at du startar i éi årstid og kjem fram til ei anna.
Eg ville ha reist i mars/april fordi då er det så mykje dagslys at eg får sett nesten alt eg vil sjå, men det er lite nordlys då.
Retning:
Hurtigruten er innom hamnene til ulik tid. Somme stadar er nattestopp nordover, men dagstopp sørover. Les meir på ruteplanen for dei ulike sesongane her.
EDIT:
To mattilbod om bord:
Restauranten for dei som har betalt fullpensjonsbillett (alle måltid) er desidert dyrast. Kafeteriaen (som får mat frå same kjøken som restauranten) ligg nede på halv pris. Mange stader kan du ete middag i land. Frukost er alltid med i lugarprisen (meiner eg).
ENDÅ ein EDIT:
Livsrytmen om bord:
Den første dagen kjeder ein seg, men så synk ein inn i livsrytmen som høyrer med ein saktegåande seglas langs kysten av Noreg. Hurtigruten har marsjfart på 12–14 knop, sjølv om dei kan presse skroga opp i over 20 knop.
Det er føredrag og utflukter, men eg har ikkje meldt meg på desse. Eg surrer i mi eiga verd, ser på kystlandskapet og les bok. Avkopling er kanskje eit høveleg ord.
Tilkopling:
Det er jo Internett-tilgang overalt, så Insta-kontoen kan oppdaterast kva tid som helst
Mogleg ALLER SISTE edit:
Aktivitetar:
For turistane er det dåp ved kryssing av polarsirkelen (eller moralsirkelen) samt visse typar opplegg i baren (dans og sang til dømes (neppe til same tid)), men det varierer frå skip til skip og frå tur til tur, meiner eg.
OBS:
Stor fare for store mengder gråhåra folk (høg snittalder (ikkje negativt i seg sjølv, men verdt å ha in mente (ser ofte barnefamiliar òg (gjerne innom kortare strekningar))), men òg stor sjanse for å kunne slå av ein prat med trivelege menneske – om ein vil. Eg har ikkje vore borti tvangssosialisering.
Last edited: 23. aug 2018
chrt, Earl, TJT and 10 others like this.