Iguazu Falls via New Zealand, Fransk Polynesia, Santiago, Seychellene og diverse anna snacks

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 27. febr 2019.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Du kommer deg ikke frem sånn helt uten Widerøe

    Det er dessverre av og til slik at Du kommer deg ikke Widerøe...
    :D
     
    Eddie47, afirm and Kristian like this.
  2. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Aerolineas skulle ha 12.000 lokale pengar for einvegsbillett. Kunne sjølvsagt ha gått for det, men tykte det var litt stivt. Latam hadde fly litt seint, men kosta ca 4000 lokale. Tykte uansett det var litt lenge å vente på dette.

    Angrar uansett ikkje veldig på at eg vart i Buenos Aires. Biff på Don Julio og heimekamp med Boca Juniors. I køa til Don Julio trefte eg to amerikanarar som hadde den eigenskapen eg har sakna heilt sia eg kom til Påskeøya, nemleg evna til å tale og forstå spansk. Delte bord med desse og vi reiste også på kamp ilag. Heilt strålande.
    20190309_232041.jpg 20190309_234603.jpg
    Eg er ganske sikker på at det skulle stå noko i mellom her. Mest truleg at eg var anbefalt Don Julio og at nokon har anbefalt heimekamp med Boca Juniors..

    Eg kan i alle fall trygt anbefala begge deler! No går snart turen tilbake til Santiago før eg flyg til Madrid i morgon. Turen går mot slutten, skal berre innom Madrid, Dubai x2, Seychellene og Tokyo.
     
    drsyk, Bernd, animals and 12 others like this.
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    No har eg kome meg til Dubai, via Madrid. Kjem tilbake med litt meir utfyllande flyturane med både Iberia og Emirates. Det har vore litt lite fly i denne tråden, so eg får prøve å retta opp dette. Kan i alle fall avsløre at Iberia ikkje er noko veldig å trakte etter medan Emirates i A380 slett ikkje var verst. Hadde 10t mellomlanding og tok meg difor ein tur inn til sentrum.
    20190312_085532.jpg
    20190312_092645.jpg 20190312_093654.jpg

    Fly til Seychellen om 1t45min, so blir det ein ettermiddag og ein kveld der før eg flyg tilbake til DXB for eit knapt døgn her før Tokyo.
     
    jgroneng, drsyk, Bernd and 10 others like this.
  4. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Skulle eigentleg leggje ut mange bilete frå Seychellene no, men eg fann champagnebaren i enden av EK sin lounge på T3. Gode greier, og Seychellene kjem i morgon. Boarding til NRT etterkvart. Gledeleg nytt om at eg endeleg skal få oppleve klubbflyet, LN-RKP heim frå Tokyo på laurdag.

    20190315_001417.jpg 20190315_001403.jpg 20190315_003343.jpg
    20190315_001517.jpg 20190315_003402.jpg
    2012-vintagen seglar opp som kveldens favoritt. I tillegg til desse tre hadde dei den vanlege Imperial Brut. Nectar Imperial var noko søt for min smak. Rosé var bra.
     
    jgroneng, kjeeli, Kalsnes and 15 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Hatar når det skjer... :rolleyes: Ønskjer god tur vidare!
     
    afirm liker dette
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Når eg landa på Seychellene so hølja regnet ned, i det vi gjekk av flyet sto flyplasspersonalet klare med paraplyar til alle av det kvinnelege kjønn. Vi andre måtte klare oss utan dei 20 metrane vi måtte gå til døra på flyplassen.Eg hadde åtte timar på Seychellene. På immigrasjonsskjemaet tok eg sjansen på å skrive "daytrip" der ein skulle oppgje hotell. Dette var noko dei tydelegvis ikkje var heilt vande med. Supervisor vart difor tilkalla. Han tilkalla deretter ein supersupervisor. Eg måtte hente den innsjekka bagasjen som låg på bandet og deretter var det full gjennomgang av alt eg hadde med meg. Steminga var god heile vegen, det var ingen problem der. Vi prata om flybonus og flyturar. Til slutt konkluderte supervisor med at han også gjerne skulle ha vore slik som oss på dette forumet. Eg fekk stempelet mitt og nokre anbefalingar til kva eg burde sjå på den korte tida eg hadde her.

    LRM_EXPORT_196856324713792_20190316_083616982.jpeg

    Når eg sat i Dubai kom eg fram til at det sikkert var hensiktsmessig med ein leigebil, når eg søkte på dette online so var alt utseld. Eg måtte difor ta sjansen på at det fans ein skranke på flyplassen der eg kunne få ordna ein slik. Classic Cars, eller noko slikt, fiksa biffen. "Can you drive a manual car?", eg svarte positivt og fekk leige ein Hyundai i10 for den nette sum av 72 dollar, heilt greit. Regnet hadde no gjeve seg og eg hoppa i leigebilen. Det starta med at eg kjaurde nordover, gjennom hovudstaden Victoria. Det tok litt tid å kome seg igjennom Victoria. Nettet på flyplassen var heller ikkje heilt ideelt, og eg fekk berre lasta inn 64% av kartet for Seychellene. Dette skulle vise seg å vere godt nok til at eg fekk manøvrert meg rundt på øya.

    LRM_EXPORT_196888786333461_20190316_083649443.jpeg LRM_EXPORT_196873783061088_20190316_083634440.jpeg LRM_EXPORT_196867398653708_20190316_083628056.jpeg LRM_EXPORT_196853653360064_20190316_083614310.jpeg

    Kjaurde langs kysten i nord og sette deretter kursen mot vestkysten. Valde det vestlegaste punktet på kartet og Google viste veg. Vegen gjekk over høgdedraga midt på øya og eg kom etterkvart til vestkysten. Når det var 2 km igjen til målet vart vegen sopass smal at det ikkje var mogleg å møte bilar. Heldigvis var det ingen andre som prøvde seg på å kome heilt fram hit. Til slutt møtte eg på ein bom og eg måtte ty til beina for å kome meg heilt fram til stranda eg hadde valgt ut. Det verka særs aude og etterkvart kom eg til nokre falleferdige bygningar med diverse taggingar. Eine plassen var det tagga ein person som vart hengt og på eit anna bygg sto det "break the law for the independence". Før eg landa på øya hadde eg verken sjekka om det var noko opprør på gong eller korleis det låg an med kriminalitet. Det var lite teikn til folk, sett vekk i frå at eg haurde nokon som dreiv med noko tømmerarbeid. Det var uansett berre eit par hundre meter att til stranda so eg tok sjansen på at eg skulle nå heilt fram med livet i behald.

    LRM_EXPORT_196843704645378_20190316_083604362.jpeg LRM_EXPORT_196863955972056_20190316_083624613.jpeg LRM_EXPORT_196860909303366_20190316_083621566.jpeg LRM_EXPORT_196847599552722_20190316_083608256.jpeg

    Til slutt kom eg til ei strand, den var forsovidt fin nok men ikkje noko eg ville ofra livet for å sjå.
    LRM_EXPORT_196882252356582_20190316_083642909.jpeg

    Gjekk tilbake til bilen og tasta inn ein destinasjon på austkysten, sør for flyplassen. Det var byrja å bli mørkt og eg måtte nå bensinstasjonen ved flyplassen før kl 20.00. Stogga nokre plassar på vegen og var ved bensinstasjonen rundt 19.50.

    LRM_EXPORT_196878078492777_20190316_083638736.jpeg LRM_EXPORT_196850405365989_20190316_083611061.jpeg

    Leverte leigebilen på anvist parkeringsplass og leverte nøklane i ein boks. Deretter tok fann eg meg eit bord på ein restaurant som var merka med Seychelles Breweries, dei hadde også nokre leskande drikkevarer til sals. Etter innsjekk fann eg fram til flyplassen sin lounge og der dukka også @Sonictravel (+1) opp etterkvart. Det vart eit særs triveleg møte. Deretter hoppa han på TK sitt fly og eg hoppa på EK.

    Sørkysten får eg ta att neste gong. Om eg skulle valgt igjen so hadde eg for det første satsa på litt meir enn åtte timar. For det andre so hadde eg truleg kjaurt sørover først. Uansett såg Seychellene ut som ein fin destinasjon.
     
    jgroneng, kjeeli, mathiasfe and 10 others like this.
  7. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Landa på NRT rundt kl 17.30 i går etter ein ni timar lang flight frå DXB. Flighten vil eg kome tilbake til, men det vart i alle fall noko mindre søvn enn eg hadde håpt. Hovudproblemet er loungen som ligg mellom seta og toalettet. Når eg tok turen for å pusse tenna var det lite passasjerar og mykje crew der. Eg tenkte difor at eg kjapt skulle smake på den eine vinen som sto på menyen. Tre timar seinare sat eg framleis og prata med det særs trivelege crewet pluss ein forretningsmann frå Japan. Fekk uansett sikra meg eit par timar søvn før ankomst. Emirates starta frukostservering 2,5t før ankomst, visstnok grunna forventa turbulens over Japan. Eg fekk difor sjansen til ein ny tur innom loungeområdet før ankomst.

    LRM_EXPORT_204545290363830_20190316_112932477.jpeg

    Hadde booka Radisson Narita og etter ein kjapp immigration hoppa eg på ein shuttlebuss dit. Sjekka inn og fekk tildelt eit businessrom. Hadde noko forefallande arbeid som eg måtte ta meg av før eg bestilte noko mat i restauranten. Var i seng rundt kl 21. Oppe kl 05.30 i dag tidleg, litt arbeid før frukost og deretter utsjekk. Fekk ikkje sett noko særleg av Japan denne gongen, det får eg ta igjen. No ventar klubbflyet, LN-RKP, på å ta meg heimatt til Europa. Ein fin tur går mot slutten. I kveld ventar eit lite slektsbesøk i Gjerdrum før eg hoppa på eit Widerøefly til Sogn i morgon kl 12.
    LRM_EXPORT_204538784615489_20190316_112925971.jpeg
    LRM_EXPORT_204542761421447_20190316_112929948.jpeg
     
    jgroneng, kjeeli, Kalsnes and 18 others like this.
  8. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,624
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    God tur hjemover, og takk for flott reisebrev!

    Veldig hyggelig og kunne møtes til en prat over en øl i loungen i SEZ. :)
     
    afirm liker dette
  9. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Utrolig tur :)
     
    afirm liker dette
  10. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Iberia flight 6830
    SCL-MAD
    Sete: 8L
    Flytype A340-600

    Var ein av dei første som gjekk ombord og fann sete 8L. Annakvart vindaugssete er inn mot midtgangen og ut mot vindauget. Eg valde eit av dei som var nærast vindauget.

    2019-03-11 13.00.26-1.jpg 2019-03-11 13.00.29-1.jpg 2019-03-11 13.01.37-1.jpg 2019-03-11 13.01.49-1.jpg 2019-03-11 13.01.52-1.jpg 2019-03-11 13.02.49-1.jpg 2019-03-11 13.03.19-1.jpg 2019-03-11 13.03.27-1.jpg 2019-03-11 13.08.20-1.jpg

    Før avgang vart det servert musserande vin. Ein cava som kosta ca 120kr. Utifrå at det er eit spansk selskap so kan det nok forsvarast at dei ikkje serverar champagne, men dei kunne kanskje strekt seg litt lenger på cavaen.

    Flyet hadde wifi og eg meiner at alle reisande fekk 20 mb gratis.

    2019-03-11 13.20.03-1.jpg 2019-03-11 14.58.34-1.jpg

    Etter avreise frå SCL kryssa vi ganske kjapt Andesfjella.

    2019-03-11 14.14.05-1.jpg

    Sjølv om ikkje cavaen var av beste slag so gjekk eg, lite kresen som eg er, for eit lite glas til. No vart den servert i fryst tilstand.. Eg gjekk for laks til forrett og til hovudrett gjekk eg for kyllingen (menyen kjem i neste post grunna avgrensing på tal bilete). Forretten var heilt ok, men eg er ingen stor fan av quinoa, laksen smakte greit. Hovudretten var definitivt ingen slager. Ikkje såg den særleg bra ut, og ikkje smakte den særleg godt. Eg åt vel ca halvparten før eg avslutta det prosjektet. Til dessert gjekk eg for litt is, den var i alle fall god.

    2019-03-11 14.59.55-1.jpg 2019-03-11 15.26.06-1.jpg 2019-03-11 15.37.15-1.jpg 2019-03-11 15.56.56-1.jpg 2019-03-11 16.14.30-1.jpg

    Til frukost gjekk eg for omelett, den var heilt ok - verken meir eller mindre. Spekeskinka som følgde med var god.
    2019-03-12 00.56.41-1.jpg

    Dommen over Iberia vert samla sett rett under middels. Det er ikkje eit selskap eg kjem til å oppsøke igjen, men eg har ikkje noko imot å fly dei igjen. Fordelen er grei tilgjengelegheit på bonusbillettar og dersom ein har avios med BA so kan desse enkelt flyttast til Iberia og takast ut i bonusbillettar til greie prisar. Eg hadde booka ein tur med Iberia business til Quito med retur frå Bogota i påska, men denne vart avbestilt grunna endra planar.

    Seta var litt trange slik at eg ikkje sov veldig godt. Hovudtelefonane var elendige og desse vart sovidt eg hugsa også samla inn 30 min før landing. Eg tykkjer ikkje det er særleg bra av selskapa å samle inn hovudtelefonane før landing då ein kan misse moglegheitene til å sjå ferdig filmar. Med adapter kan ein uansett nytte sine eigne hovudtelefonar, og det bør ein definitivt nytte seg av.

    Skal ein fly Iberia bør ein definitivt ta seta som er ut mot vindauget eller dersom ein reiser saman med nokon dei midtseta som peikar innover. Fleire hadde problem med at føta datt ned i midtgongen når dei sov, og at folk difor kom borti når ein skulle gå forbi.

    Eg vil uansett ikkje svartmale Iberia, dei har trass alt 1-2-1 i business, ting kunne vore mykje verre. Alltid interessant å teste nye selskap.
     
    jgroneng, kjeeli, Kalsnes and 11 others like this.
  11. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Grunna avgrensing på tal bilete i førre post so kjem menyen her:
    2019-03-11 14.14.28-1.jpg 2019-03-11 14.14.37-1.jpg 2019-03-11 14.14.41-1.jpg 2019-03-11 14.14.47-1.jpg 2019-03-11 14.14.51-1.jpg 2019-03-11 14.14.57-1.jpg
    Amenity kitet såg slik ut:

    2019-03-11 17.08.37-1.jpg 20190317_203814.jpg
    Det låg ikkje amenity kit i mitt sete, og eg måtte be crew om å få dette.
     
    jgroneng, kjeeli, drsyk and 6 others like this.
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Emirates A380-800.
    MAD-DXB og DXB-NRT
    Sete 23K og 9K

    Dette vert ei samanfatning av mi erfaring på dei to flygingane med Emirates A380.

    På første flyginga fekk eg ein litt nyare versjon av setet.

    Nytt sete:
    2019-03-12 13.57.06-1.jpg 2019-03-13 00.08.04-1.jpg

    Gammalt sete:

    2019-03-15 02.18.01-1.jpg 2019-03-15 02.18.32-1.jpg
    2019-03-15 02.23.17-1.jpg
    På det nye setet har du ein Ipad som du kan styre underhaldningssystemet med, på den gamle typen var det ein mindre skjerm som ikkje fungerte særleg godt. Det gamle setet hadde ein skoboks under fotpallen.

    Eg fekk kun amenity kit på ei av fire flygingar med Emirates, det var på DXB-NRT. Til gjengjeld var dette ganske bra. Det står uansett noko tilbake for Qatar Airways som har amenity kit på alle flygingar (sovidt meg bekjent?) og QR har i tillegg pysjamas i business på flygingar til Tokyo.

    20190317_214313.jpg 20190317_214344.jpg 20190317_214405.jpg

    Mat:

    2019-03-12 15.28.09-1.jpg 2019-03-12 15.48.30-1.jpg 2019-03-12 15.59.47-1.jpg 2019-03-12 16.15.43-1.jpg 2019-03-15 04.20.46-1.jpg 2019-03-15 04.55.34-1.jpg

    På flyginga frå Madrid til Dubai gjekk eg for biff til hovudrett. Denne var ganske god, men eg var på dette tidspunktet byrja å bli noko lei av flymat. På flyginga til Japan vart det berre servert light meal då det var ei nattflyging. Eg gjekk for sushi. Kvaliteten var veldig bra, men kvantiteten sto ikkje heilt i stil. Eg spurte om det var mogleg å få ein porsjon til, men det var tomt. I baren hadde dei nokon små bitar som ein kunne bestille, heller ikkje den store kvantiteten men alt hjelp. Alt i alt var maten grei på Emirates, men eg vil hevde at til dømes SAS har betre mat.

    Champagne:

    Emirates servear Veuve Clcquot Yellow Label NV på flygingar til og frå Europa og Möet & Chandon Imperial Brut på flygingar til og frå Afrika og Asia.

    Bar:

    Ein ting som er festleg med A380 er sjølvsagt baren. Det var ikkje mykje folk i baren på nokon av flygingane. På turen frå DXB-NRT fekk eg aldri tilbod om noko drikke til maten, etter måltidet måtte eg difor ta saka i eigne hender og hente meg drikke i baren. Etterkvart fann eg ut at det var på tide å pusse tenna og kome seg i seng. Problemet er at toalettet var på andre sia av baren. Som referert til tidlegare i ein post vart eg sitjande å prate med crewet i ein folketom bar i tre timar, noko som var særs triveleg. Kjekt å få eit godt innblikk i korleis det er å arbeide for Emirates. Fekk mellom anna anbefalt ein drink som heitte Espresso Martini, den fall i smak. Når crew starta på tredje runde med pausar tok også eg kvelden.
    2019-03-12 19.31.28-1.jpg 2019-03-15 04.52.06-1.jpg 2019-03-15 04.54.00-1.jpg 2019-03-15 06.54.00-1.jpg

    Mi vurdering av Emirates er at dei stort sett leverar eit bra produkt, utan at dei er best på noko. Påfyll av champagne før avgong skal dei få pluss for, generelt var dei også veldig proaktive på service utanom på flyginga frå DXB til NRT. Eg trur at ho som serverte meg stressa veldig med å bli kjapt ferdige med måltidet. Emirates var effektive med måltida. På MAD-DXB var businesskabinen berre 1/3 full, men DXB-NRT var den overbooka, dette har sjølvsagt også hatt mykje å seie på servicen.

    Om eg no skulle velje eit av sandkasseselskapa hadde eg nok gått for Qatar framfor Emirates, dette også om vi held QSuite utanom.
     
    jgroneng, kjeeli, drsyk and 11 others like this.
  13. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg hadde også to flygingar i B777-200.
    Begge flygingane var i A6-ECP.
    Seta var 7A og 7K.

    På returen spurte eg kva dei skulle ha for upgrade til First, det var 1200 USD og dermed særs uaktuelt for ei nattflyging på fire timar.

    Sete:

    2019-03-13 09.42.54-1.jpg 2019-03-13 23.11.03-1.jpg 2019-03-14 00.04.01-1.jpg

    Skjermen i sete 7K fungerte ikkje særleg godt på utreisa, den oppfatta touch utan at eg vart borti og det var difor litt klønete å sjå film. På returen var problema endå større. Men etter ein halvtime med fleire restartar fekk dei ordna det. Seta er i ein noko utdatert 2-3-2 config. På utreisa hadde eg ein kar ved sia av meg, men på returen hadde eg ledig nabosete. Det er ein fordel å sleppe å klarte over nokon dersom ein skal ut. Ein har ei plate mellom seta som ein kan heve elektornisk. Det er difor ikkje veldig problematisk å ha nokon mellom seg. Crewet eg prata med på A380'en likte denne configen særs dårleg då det spesielt var noko klønete å servere den som sit i midtsetet i midten.

    Mat:
    2019-03-13 09.45.29-1.jpg 2019-03-13 11.08.51-1.jpg 2019-03-13 11.24.35-1.jpg 2019-03-14 00.29.50-1.jpg 2019-03-14 00.44.05-1.jpg 2019-03-14 03.19.28-1.jpg

    Kurant mat begge vegar.

    2019-03-13 14.15.45-1.jpg
    Daytrip er ikkje særleg vanleg på Seychellene og kan medføre nokre ekstra spørsmål. Det bør dog ikkje liggje til hinder for innreise.

    2019-03-14 01.09.35-1.jpg
    Mobilen min likar ikkje å ta bilete i mørket, men Emirates prøvde i alle fall å laga ein stjernehimmel.

    Emirates B777-200 får ein kaktus for dårleg config, elles var servicen grei. Funkar på kortare turar.
     
    jgroneng, Bolle, kjeeli and 11 others like this.
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    I dag forlet eg snøven på austlandet til fordel for snøfri rullebane på Haukåsen. I Lærdal fins det heldigvis ikkje antydning til snøv, og eg anser difor både vinteren og reisebrevet som avslutta.

    Takk for følget i det som har vore eit spennande prosjekt! Eg har fått sett mykje, og nokon av plassane kunne eg definitivt tenkt meg å besøke på nytt. Kanskje spesielt Påskeøya og Buenos Aires. Ved neste høve skal eg også booke noko backup for Norwegian Argentina slik at eg kanskje får sett Iguazu Falls.

    Vil eg anbefala ein slik tur? Tja, det er i alle fall god utnytting av feriedagar og dersom ein ikkje slit med jetlag so er det i alle fall ein måte ein kan få sett mykje på. Eg har stort sett aldri problem med jetlag og det har heller ikkje vore noko problem på den reisa her. Eg ville dog ikkje gjennomført heile den reisa her i økonomiklasse.

    Neste reiseprosjekt ut av Europa vert Philippines Airlines til Manilla (ca 24t) og Hong Kong (ca 8t) i mai og Cathay Pacific F frå Vietnam til JFK (24t) i juli. Sistnemnde tur vert kombinert med litt CA F og SQ F, i tillegg til litt fleire dagar i Vietnam.

    Igjen, takk for følgjet og safe travels!

    2019-03-17 11.55.37-1.jpg Snapchat-911254688.jpg 2019-03-17 15.25.06.jpg
     
  15. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,750
    Likes mottatt:
    21,956
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for et fint reisebrev fra galskepen med selskaper vi sjelden hører noe til her inne.
     
    afirm liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Vel overstått, @afirm! Alltid fint med reisebrev, spesielt dei som gir oss eit innblikk i litt andre selskap. Ser fram til neste reisebrev :)
     
    afirm liker dette
  17. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,898
    Likes mottatt:
    57,529
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for deilig reisebrev fra en herlig gal reiserute.

    Interiøret hos Emirates er så himla harry, med treverk og gull. Og den loungen ser jo ut som en blanding av danskebåten og strippeklubb.. Synes folk virkelig at det er fint? (Spør for en venn. :rolleyes:)
     
  18. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    521
    Likes mottatt:
    2,691
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for en utmerket reiseskildring.
    Velkommen hjem!
     
    afirm liker dette
  19. artanis

    artanis Senior Medlem

    Innlegg:
    690
    Likes mottatt:
    2,101
    Bonuspoeng:
    93
    Herre min hatt. Tusen takk for et supert reisebrev, med både selskap og destinasjoner vi ikke hører om så ofte her inne. Herlig galskap!
     
    afirm liker dette
  20. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Som flere andre skriver; tusen takk for ett knallgodt reisebrev fra en crazy tur! Ser allerede frem til din neste tur! :)
     
    afirm liker dette

Del denne siden