Med LH-CRammstein til Barceona, uten bybesøk og kun una cerveza, por favor som handbagasje

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 03. juni 2019.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Eg var så heldig at eg vart kalt ut som norsk deltager på eit årsmøte i ein europeisk bygdeorganisajson, og dette skulle foregå i Penedes!
    Det var også ein del problem knytta til dette. For det fyrste var fruen borte, bestemor var også på ferie, samt at det skjedde på himmelspretten, og mens det var Rammstein i Barcelona, og storkamp i Madrid. Eg hadde med andre ord ikkje tid. Men eg booka med fleksible billetter med SAS Plus Pussy(eller var det pro?) som vart til LH-C(Z) som var fullstendig avbookbare.
    Men eg må komme attende til det, for desse sidene er bortimot umoglege å bruke om dagen
     
    Last edited: 15. juni 2019
  2. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,737
    Likes mottatt:
    21,935
    Bonuspoeng:
    293
    Sidene er friske og raske igjen nå :)
     
    RoadKing and Eddie47 like this.
  3. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,531
    Likes mottatt:
    6,716
    Bonuspoeng:
    183
    Jepp, vi venter spent på fortsettelsen her...
     
    Jonkebassen liker dette
  4. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Ja vist, det ventes...........................
     
  5. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Eg hører rykter om at sidene er oppe å går, og eg skal ta informasjonen til etternetting og sette ned ein undersøkelseskommisjon for å sjå på kva som gjekk feil i overgangen mellom stor motivasjon i å skrive ei tåpeleg reisebeskriving av min flyskamfullereise, som ender i stor frustrasjon over sider som konstant gjer meg feilmelding. I tillegg skal eg prøve å lære meg kunsten i å dele opp setninger, men det er ofte litt vanskeleg når ein skal bruke store og større ord, og til slutt ender alt opp med at ein ikkje klarer det, og avslutningsvis burde ein også ha lært seg å bruke avsnitt og linjeskift som eg trur var populært på 90 tallet når eg lærte meg å skrive på tastaturet mitt som stort sett blei brukt til å spille på og enkelt programering samt diverse koder dos 6,22 som eg saknar så voldsomt at eg må gå inn på ledetekst for føle litt på barndommens store gleder.
     
  6. haifinn

    haifinn If u are bored flying, your standards are too low

    Innlegg:
    1,403
    Likes mottatt:
    12,284
    Bonuspoeng:
    183
    20190601_221118.jpg

    Rammstein Barcelona var helt konge.. fyi :)
     
    Sonictravel and ValdresBjarne like this.
  7. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Då føler eg at eg kan gå god for at forumet er attende på topp, og soga kan byrje

    Eg er usikker på om det er det at eg trur eg sparer pengar, eller batteriet på min lille i3, som gjer at eg ikkje ladar den opp kvar gong eg stopper opp heime ved heimeladeren min. For, når eg vaknar om morgonen på avreise, så kjem eg på at eg må sjekke status på batteriet på bilen. Appen som hørte med til vidunderet fungerer alltid supert når eg strengt tatt ikkje treng den, og den låser seg eller ber om ny innlogging når eg begynner å få det travelt, og i dag viser den seg frå sin normale side. Og eg går ut i morgenkåpe for å plugge inn elbilen, og går videre inn og får på kaffi, klær på unger og far. Ungene blir så fordelt, siste arbeid fordelt, og eg må reise litt før då elbilen trenger juice på veg til OSL.

    Eg likar å køyre bil, kanskje ikkje så mykje som eg likar å kjøre champagne-ekspress på 35000 fot, men eg synes det er fint å sette seg inn i ein elbil for å få på ein podcast eller sette på noko hjernedød musikk. Og dagen viser seg frå ein køyrevennleg dag, der regner har falt frå seg før eg begynte å køyre, og sola ligg pakka inn bak skyer som kun er der for å gje skygge og ikkje styrte ned med regn. I dag er det er det slaget om Vicksburg som står på programmet. Vår fasinasjon av Amerika er eigentleg ikkje så rart, då utfardstrangen vår gjer at me kan samanlikne oss med dei som reiste over dammen for å søke eit betre liv uten håp om å returnere er spanande. Og alt me har sett og hørt om det store landet, gjer at det er litt spannande. Og eg er fasinert av dette landet, som er så ulikt, men som på så mange måter er tufta på mykje av det samme som her, men i ein litt meir fundamentalisisk retning. Eg har ikkje sett mykje av landet, men skal i løpet av 2020 kanskje ha tre turer tid, og få sett California, Chicago, og kanskje eg får meg ein tur til Washington og ein tur rundt om kring i Virginia og få ei oppleving av slagmarkene der.

    OSL nærmar seg, og etter to korte ladestopp, så har eg bestilt Park n fly, og skal berre parkere bilen og spasere inn til SAS innsjekk og videre inn mot de gyldne loungemarker, og deretter inn i ein 320 NEO!

    La oss fly!
     
    jgroneng, drsyk, snartur and 12 others like this.
  8. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Den hemmelege flyplassen

    Folk flest hatar flyplassar. Dei er store, uoversiktlige, stressfylte, kaotiske og særs dyre. Eg elsker flyplassar!
    Dette er ikkje generelt, då det finnes flyplassar som kan øydelegge nattesøvnen og dagen, men veldig ofte er er det brukt mange gode tanker, arkitekter og materiale på desse. OSL er ein god flyplass, og på denne onsdagen er det ganske travelt. På utsiden, så skal eg prøve å parkere på Park'n'Fly, og dette var akkuratt slik det skulle vera, og det einaste negative var at dei ikkje kan sette bilen på lading.
    Eg hadde ombordstigningskort digitalt, og eg gjekk inn på den hemmelege flyplassen min. Sjølv om den ligg parallelt med den andre flyplassen, og me bruker dei same gangar og område, så er den spekka med engelske ord som Fast Track, Lounge, Priority og Business. Eg kjem kjapt gjennom fast tracken, snor meg rundt taxfreee, og kjem meg inn i gullstova.
    Eg har eit fly midt på dagen, og det er ein dag for fritidsreiser, og gullstova er ikkje veldig travel. Eg har ein time for litt forberedelser, litt mat, og kanskje litt å drikke. Tida flyr, og eg får ein familie med to ungdommar som skal fly til Tokyo. Far har gullkort, og tek dei med seg inn. Det er ein spent familie skal oppleve noko nytt, og ein kan føle spenninga, både på det å reise, og ikkje minst at dei har med seg ei dotter som står mellom det å vera born og vaksne, det å vera ein som samarbeider og ein som motarbeider, ja, ei som skal finne seg sjølv, men det påverkar ikkje meg i større grad, utover at eg har ei på 12 år heime, og eg veit kva eg som kjem.

    25 minutt før boarding er det på tide å gå mot flybrua, og eg er satt opp med NEO i dag, og dette er eit fly eg ikkje har flydd med for mykje. Eg skal også sitte foran gardina på Lufthansa sin tur. Om morgonen var eg satt opp med heile treseteren for meg sjølv, men no var flyet heilt fullt.
    Foran portene inn på herligheita så er det satt opp to rekker som er fylt opp når eg kjem meg til ombordstigningsområde, og eg ser ingen grunn til å stå i kø, og ser meg heller litt rundt. På andre sida står ein 757 på veg til Island, og som mangler nokre passasjerar og roper stadig på dei, og mitt fly blir klar til å ta imot sine gjester etter nokre minutt, og me får gå nøyaktig 50 meter før me finn eit nytt band og må vente litt.

    På veg inn i flyet, så får ein tid til å tenke litt på skoletysken sin, og eg er ein slik kar som liker å bruke språket når eg kan, sjølv om engelsken er det enklaste. Og i dag klarer eg også å prate litt om flyet på tysk.
    NEO.jpg

    Den store motoren buldrer ikkje som andre motorer, og me får ein veldig behageleg tur opp mot himmelen. Litt turbulens treffer ein på, men det ein behageleg flytur som er slik eg forventer på veg til FRA.
    Mot FRA finn me eit lappeteppe av jorder som vil bli til mat framover.
    lappeteppe.jpg
     
    jgroneng, drsyk, snartur and 12 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Fin-fin skildring! Ser fram til meir!
     
    ValdresBjarne liker dette
  10. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Frankfurt lufthavn, FRA eller som ein eller anna lur marknadsfører har tjent mykje peng på å merkevarebygge til Fraport, er eit gigant av ein flyplass. Når eg begynte å fly på starten av 2000 tallet, så var det om å gjera å unngå dette monsteret av ein flyplass. Det var lange avstander, busser hit og dit, skilt som er verdig plassar lenger sør, voksesmerter og ikkje minst tysk sørvis.
    Eg hukser at me kom inn i ein røykfylt, mørk flyplass som lyste motstand mot meg. Men me rakk alltid å komme dit me skulle, og med tida har flyplassen også vorte betre og det er ikkje berre den tyske sørvisen som møter deg, det er også tendenser til tysk struktur og planlegging. Det er ikkje ein av mine favorittflyplassar, men det kan vera like mykje at lounge-hopping er litt vanskeleg her, då Lufthansa har kontroll på alt.

    Ein sjelden gong er ynskje stort for å få bussgate, men denne gongen skulle eg kun videre til BCN, og eg forventa å få bussgate. Men flyet takser forbi oppstillinga av det eine flyet større en det andre, og eg får bekrefta mi kjensle om at A380 i utgangspunktet er eit ganske vulgært fly, der det buler ut her og der. Sjølv om eg liker flyet, og eg kjem til å sakne det, så er det eit ganske stygt fly. Og når ein ser det attende ein 747 så veit eg kvifor eg elskar dette flyet, som viser kva eleganse er. Eg tenker at Donald Trump burde hatt ein A380 som sitt fly.

    Me kjem til gate, og me kjem raskt inn i enden av ein pir. Eg veit det går eit fly tidligare til BCN, men eg har ikkje så stort håp, då min SAS Plus Pro Pussy J, vart til LH-C(Z), og når flyet var stappa fult, så hjalp ikkje min diamant i Lufthansaland, og eg tuslar gjennom den fulle flyplassen mot dei gyldne gemakker. Eg finn ein LH Business Lounge, men tenker at eg kan ikkje nedlate meg til det, men kjem på at eg er eigentleg ikkje slik, kun når eg flyg. Og når eg kjem til meg sjølv, så har den flygende snobben gått forbi og satt kursen mot Senator salongen, og mitt gyldne kort får det til å lyse grønt. Eg vuderte å gjeste inn dama som sto foran meg i køen og som kun hadde tilgang til business loungen, men det var snobben som styrer showet.

    Senator Salongen var ganske så full, men var i ferd med å tømmas. Det er orden hos Lufthansa, og det ryddast plass til meg når eg på veg bort til plassen eg har sett meg ut, mens eg balanserer gulasj, sovjetiske nudler og eit glass med riesling, samt koffert og taske. I dag var det kun pølser frå Wien, og det er ein dårleg erstatning samanlikna med dei frå Frankfurt eller Nurnberg, eller frå Bratwurst...

    Utanfor buldrer flya, og eg tek på meg mine støydempande hovudtelefoner og reiser på tur mot Black Hills for å drøyme meg til det ville vesten, og tenker eigentleg at det ikkje er noko å lengte attende til. Tida tikker videre, og eg får i meg litt meir gulasj, riesling, og ei dose til med Deadwood. Så er det på tide å finne flyet
     
    jgroneng, drsyk, Stuttfeiten and 7 others like this.

Del denne siden