Med Luftwaffe(l) til Nord-Makedonia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. mai 2023.

  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,052
    Likes mottatt:
    875,743
    Bonuspoeng:
    293
    SAS også ser jeg, avgang til VIE Kl 12:40 ..
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Haha, ja, Austrian code share med alt og alle, omtrent...
     
    Earl and Eddie47 like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,052
    Likes mottatt:
    875,743
    Bonuspoeng:
    293
    Du må ikke la deg forvirre av fakta …
     
    Earl and Kristian like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Pokker, eg går på den smellen heile tida!
     
    Earl and Eddie47 like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Medan vi ventar på Lufthansa... Eg får litt sovjetvibbar her på Skopje lufthamn (eller Аеродром Скопje) som staden heiter:
    20230516_151829.jpg

    20230516_152059.jpg
    Eg er lydig og ventar i loungen
     
    AirMags, RoadKing, Eddie47 and 6 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Skopje lufthamn køyrer opprop til innsjekking (over heile flyplassen) og opprop til kvar avgang (over heile flyplassen). Kvart opprop høyrast ut som ein kakafoni av fleire opprop grunna tonefall og ekkoet i terminalbygget.

    No er Lufthansa på bakken, alle er lempa av og ombordstigning er meldt. For å vera sikre gjekk dei rett på 'final call', men ingenting skjer. Flyet står der, skrankedama sørfar på telefonen og ein eller annan fyr gjekk inn ei dør.

    Så her står ein og blomstrar som hestehoven ein hustrig aprilmorgon ved ein sterkt trafikkert veg med solide mengder svevestøv... Kort sagt: Eg gler meg til å koma om bord!
     
    AirMags, RoadKing, ordnetseg and 8 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Medan vi står inne og ventar, har bensinbilen kome til, så Makpetrol fyller tankane hos Lufthansa. Den andre mannen har kome tilbake frå flyet og no sit begge med kvar sin mobiltelefon og småfniser og ser tidvis tomt ut i lufta.

    På tavla står det ikkje lenger 'Final call' til Frankfurt, men 'Welcome to Skopje international airport'... Men æ vil vækk hærifra! E d ingen som skjønne d???

    Luftwaffe, kor har effektiviteten gjort av seg? Han fekk seg kanskje eit alvorleg skot for baugen då han møtte austeuropeisk og balkansk litt annleise tenkemåte...?

    Ja-ja, dette er vel ein del av turen... Og ingen informasjon blir gitt, med mindre du spør -- på makedonsk... Dette kan bli spennande!
     
    AirMags, RoadKing, Eddie47 and 5 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Makpetrol har gjort sitt. Tavla ved utgang 203 ønskjer meg framleis velkomen til Skopje lufthamn. Eg ønskjer å be tavla ryka og reisa rett til ein viss plass...

    Siste utrop vart annonsert for 20 minutt sidan. Ingenting har skjedd... Skrankedama har snart runda Internett. Skrankemannen stakk av... Skulle han henta i barnehagen? Har dei to felles ungar? Er Lufthansa råka av skrankepersonalets familielogistikk?
     
    AirMags, RoadKing, indahla and 8 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Så, kl. 1635, bittelitt etter opphaveleg avgangstid, sit eg i sete 1D. Det viser seg at det ikkje er streikeivrige franskmenn, surrete makedonarar eller dumme passasjerar som er årsaka til at Luftwaffe er forseinka, men tyskarane er skulda: dei legg nytt dekke på den nordlege rullebanen på Frankfurt, så der er det forseinkingar i alle retningar i dag, visstnok...

    20230516_163611.jpg
    Straks adjø til Skopje lufthamn
     
    AirMags, RoadKing, Eddie47 and 7 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Fraulein kabinsjef har all tid i verda. Her er det ingen krav om effektiv ombordstigning. Fraulein kabinsjef småpratar villig vekk med alle som kjem om bord, oppgir forseinkingsårsaka til alle som spør og stressar ikkje.

    Vi luktar på ei totimars forseinking, seier fraulein kabinsjef. Det er jo litt, men eg har god tid på Frankfurt... Mange andre, derimot, er litt stressa... Fraulein kabinsjef smiler forståingsfullt til alle og forklårer at ho får all info rundt 20 minutt før landing.

    Det er fint å sjå folk visa omsorg! Eg blir litt rørt!
     
    AirMags, RoadKing, ordnetseg and 8 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Så, eg er einaste passasjer i C!

    Kapteinen forklårer problemet på Frankfurt. Der er det fire rullebanar: tre landingsbaner og éin take-off-bane. Éin landingsbane er stengt for renovasjon. Grunna nordleg vind er éin landingsbane ubrukeleg. Ergo er det berre éin landingsbane og éin take-off-bane i bruk på FRA i augneblinken, noko som reduserer kapasiteten der drastisk.

    No er det slik at vi har fått løyve til å starta motorane tidlegast kl. 1710 og så får vi sjå. Flytida blir på rundt to timar, men enn så lenge anar ikkje kapteinen når vi får ta av med kurs for FRA. Det er snakk om avgangstid 1725 per no, men det kunne endra seg...

    Spennande!
     
    AirMags, RoadKing, Eddie47 and 8 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Og der fekk kapteinen løyve til å starta motorane. Flyginga er i gang! Så no rullar vi ut på stripa og eg krysser fingrane for at vi får landa på FRA utan vidare mikk-makk. Kabinpersonalet gir kvarandre tommel opp frå akter til front og tilbake igjen. No kan vel dette berre gå oppover?
     
    AirMags, RoadKing, Eddie47 and 7 others like this.
  13. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,429
    Likes mottatt:
    8,041
    Bonuspoeng:
    183
    Når man ikke har vært særlig online på noen dager så kommer man sent inn med kommentar på reisebrevet fra denne turen, men ser ut til at dere har hatt det flott på tur så langt :)
    Håper bare flyturen opp til OSL ikke byr på altfor mye mer styr nå med alle forsinkelsene på FRA!
     
    Sunnfjordingen and Kristian like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    To svært trivelege damer foran i kabinen på LH C inn til Frankfurt frå Skopje. Det mangla ikkje på tilbod. Eg følte meg nesten frekk som til slutt takka nei. Sjokolade måtte eg ta. Då eg berre tok to, fekk eg ein sjokolade nummer tre som ei personleg gåve frå flyvertinna. Det var nesten sånn at eg vurderte å skifta fil, smilet var tilstadesverande og venleg, sørvisen var topp og profesjonaliteten upåklageleg. Herleg!

    Vel framme på Frankfurt fekk vi vita at flymannskapet ikkje hadde fått noko informasjon frå bakken om flygingar vidare. Slik det vart presentert var det Skopje flyplass som skulle koma med informasjonen, men som kabinsjefen sa: derifrå har det aldri kome informasjon om noko som helst, så òg i dag...

    Eigentleg skulle flyvertinnene til Hamburg, men kaoset på Frankfurt hadde endra planane til at dei no skulle til London for å overnatta der. Mange endringar i dag, altså.

    Med avgang vidare frå utgang A28 vart det sjølvsagt ein tur innom Luftwaffels panoramalounge ved A26. Dei hadde ikkje luftwaffel!

    20230516_205508.jpg
    Luftpannekaker hos LHs panoramalounge
     
    AirMags, Earl, Flymunda and 10 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Endeleg på plass i sete 1C på flyet som skal ta meg til Kykelikymoen (Galemoen (OSL)).

    Nordmann spør kabinsjef ved ombordstigning: Is my seat A28 or 10F? Svaret kjem kontant: A28 is the gate, you are seated in 10F.

    Ein kan lura på korleis slike folk kom seg ut av kongeriket i utgangspunktet... Kva med å senda slike folk (les: bermen) i lasterommet?

    Det vil kanskje ta seg dårleg ut om tyskarane igjen byrja med frakt av folk som om dei var kveg...? Don't mention the war...!
     
    AirMags, Earl, Flymunda and 8 others like this.
  16. Sofcha

    Sofcha EBD/NCPLATINUM

    Innlegg:
    82
    Likes mottatt:
    194
    Bonuspoeng:
    33
    Morsom lesning! Noen år siden skopje og den gangen var det tog som tok meg inn og ut av byen på en dagstur fra beograd.
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Luftwaffe(l) leverte på profesjonalitet og smil inn til Gardermoen, òg. Dei vart særs takksame for tips om at det er Noregs nasjonaldag i morgon, og dei hadde fri til litt utpå ettermiddagen. Elles var serveringa som vanleg, kanskje litt tam denne kjøtretten, men han går ned:
    20230516_225919.jpg

    Til slutt var ein tilbake i gamlelandet. Her skjer bagasjeutdeling etter kjent prinsipp: sakte og priobagasje til slutt... SAS som handterer LH stengjer kl. 0015, no er kl. 0040. Vel, mine fordommar mot utlevering av priobagasje vart gjort til skamme for det gjekk nokså fort då bagasjen først kom!

    Takk for følgjet!

    //Reisebrev slutt//

    20230515_105617.jpg
     
    Last edited: 17. mai 2023
    AirMags, tobeornot999, Earl and 13 others like this.
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,052
    Likes mottatt:
    875,743
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for nok en innholdsrik reise @Kristian
     
    Kristian liker dette
  19. Brukernavnet

    Brukernavnet EBD

    Innlegg:
    451
    Likes mottatt:
    3,644
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for turen! :)
     
    Kristian liker dette
  20. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,324
    Likes mottatt:
    33,918
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    Kristian liker dette

Del denne siden