Nyttårsaften i Sydney. Ei historie om Tor med hammaren og leit etter den siste paraplyen i Sydney

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 12. mai 2019.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Prelude
    Nyttårseftan er ein spesielt kveld, og ein møter dagen med ein spent nostalgi for å ære det gamle og håpe for det nye. Me skulle til Australia til jul, og då ynskjer ein så klart å vera i Sydney på nyttårseftan?

    Undersøkinga viste at det var folksomt, dyrt, travelt, men samstundes verdt det, og me fann ut at me tek oss råd til det! Me fann oss ein plass med utsikt på Kings Cross,
    utsikt leilighet top of the town.jpg
    Men før me kom dit, så hadde me også opplevd litt meir; https://insideflyer.no/forums/threads/ein-kjernefamilie-og-ein-østerskniv-reiser-under-jorda-for-å-minnast-eit-tidlegare-liv.12405/page-4, (målet er å fylle ut meir her)
    Og før me kom til Sydney, så starta turen frå ADL på lille nyttårseftan. Me avleverte vår store Kia hos Hertz, og fant omsider vegen til avganshallen. Flyplassen ADL har blitt oppgradert siden me har budde her for 15 år siden, noko som var naudsynt. Avgangshallen var stor og fin, og innenlandshallen var dominert av Virgin og Qantas. Me skulle fly i dei bakre klasser hos Virgin, og var litt spente uten status, då me hadde pakka for 4 veker og business-billetter tur/retur. Me hadde 3 store kofferter, eit bodyboard, eit bilsete i hockeybag fylt opp med diverse, og sekker og bager frå gulv til tak med oss inn. Det vil seie me hadde overvekt
    Me får etterkvart personleg hjelp, då bilsetet ikkje gjekk på automat, og ei litt striks dame av engelsk opphav blir tildelt oss. Me får til ein hyggeleg tone, og me får jo sagt at me har budd her og er 4 veker på Australia. Me er nokre kg over, men det går greit, men det er bilsetet som er problemet. Me har fylt opp bagen med det me har plass til, og når hos spør om det er meir der, så svarer eg ærleg på det, og forventer å betale. Men etter litt tenketid, så får me ein skarp kommentar om det, men at det går no. (uten at eg seier at dette var medviten, eller at eg viste bedre)
    Tida går, og når me kjem oss gjennom sikkerhetssjekken, så er det ikkje så mykje tid att, og noko loungebesøk er det ikkje tid til. Men me finn ein kaffiplass med brukbar kaffe, og ein leikeplass, og me går mot gate i korrekt tidspunkt. Flyplassen er litt trang, og det verste er at alle beskjeder om alt og alle boardinger går felles på høgtalerne, og dette var litt uvaneleg. Litt som å vera på ein travel stasjon.
    Men me ser flya godt:
    adl flyplass.jpg

    Flyturen var heilt ok i ein 737-800 med ein liten punsjbolle. Flyplassen SYD er alt for liten, og når ein gjennom kaoset av folk finner sin bagasjekarusell og finn ut at ein må betale $4 for ei tralle(uten å få noko attende) så kjem den opp på liste over mindre kjekke flyplassar. Heldigvis kan ein betale med kredittkort, men drosjeholdeplassen er 20 meter undå, og me finn to gratis ute. Turen til byen er litt treig, men ok, og me finn vårt litte krypinn på Kings Cross, Top of the Town.

    Angrer ikkje på valet, sjølv om lommeboka er litt usikker. (Eg kunne betale med Amex)
    leilighet.jpg utsikl basseng.jpg kjøkken og litt av meg.jpg

    Me tok det litt med ro, fekk oss ein topp pizza rett i nabolaget, og gjekk litt rundt i nabolaget, før me tok ein uber inn til sentrum.
    Sydney er fantastisk!

    by night.jpg harbour bridge by night.jpg operahus.jpg
     
  2. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Etter å ha opplevd Sydney by night, så vart det uber heimatt, og me fant ein nattopen coles, og maten var sikra.
    Dagen etter var av det uttrygge slaget, og me tok turen på ny ned i byen for å sjå kva som stod på,
    Me merka det dagen før at noko stort skulle igang, og no merka me det att og endå større monn. Byen var iferd med å få nokre jernringar av sperringar og folk, og det var tydelag at ein venta storinnrykk. Me hadde ikkje booka anna en nokre billetter i huset der me budde ved midnatt, og hadde ikkje planer om slå oss til i byen. Når me kom ned mitt på dagen, så var det mange som no tok av plasser og gjorde seg klar til den store kvelden og natta. Dette gjald både rundt operahuset, the Rock og i Darling Harbour.
    Vår plan var å sjå familiefyrverkeriet i Darling Harbour klokka 20 også reise heimatt for å sjå det store frå Kings Cross, då me hadde med to born.
    darligng harbour morgenen.jpg
    Dei rigga kraftig i byen, og me valgte å ta oss ein uinterresant lunsj og reise heimatt, og i dag brukte me det effektive undergrunnsystemet til Sydney. Me merka at det skya til, og når me kom til Kings Cross så var det regn og torden på veg. Det bytta ned, og me var glad me tok turen heimatt.
    Men i 6-tida var det på tur uttatt, og det hadde slutta og regne og yr(!) meldte om at det ikkje skulle regne meir.
    Men ved ankomst byen, så var det tydeleg at yr ikkje var til å stole på down under, og det bytta ned, og me hadde ikkje planlagt for dette. Me tok sjangsen på at det ga seg, og begynte å gå mot Darling Harbour i øsende regn. Etter at me var gode og våte, så gjekk me forbi ein 7-Eleven der det kom nokon ut med nye paraplyer, og me tenkte det var litt for godt til å vera sant, noko det også var. Og me 4 måtte dele på ein paraply. Men me er nordmenn, og me har takla verre vær, og turen fortsatte. Me gjekk for oss sjølv, då dei fleste prøvde å vente ut stormen, og kom oss gjennom sikkerheitsjekken og etterkvart til Darling Harbour
    det mørknes.jpg det nærmer seg nyttår.jpg
    Det var ikkje for mykje folk her, og me fant oss fine plasser. Men været var særs ustabilt, og det kom byge etter byge, og tordenskrell etter skrell. Me var ikkje spesielt kalde, men særs våte.
    rett før.jpg
    Me har ei trollsk stemning her, og det mørke skylaget demper byens lys mens me venter på at byen skal eksplodere i ein lysfest.
    Og klokka 20, så kjem det me har venta to timer på i kraftig regnvær og torden. Var det verdt det? No, ja, der og då, usikker.
    familie 2.jpg familie 3.jpg familie fyrverkeri.jpg
    Fyrverkeriet var flott, og det varte i rundt 20 minutt. Me sat midt i det, og fekk ei god kjensle av fest og nyttår. Rundt oss gjekk alt rolig for seg, og det var god stemning, Me kosa oss. Glømt var fokuset på klærne som var gjennomtrukket av regn, borte var følelse av å gå på svamper og borte var kjedsomheita av å sitte i to timer på samme plass på våte og kalde benker.
    Når det var ferdig, var også tanken på ein paraply, og den siste paraplyen i Sydney vart attglømt på ein krakk i Darling Harbour, for eigarane var på veg heimatt i tog.

    Vel heimatt, så var det full omskift, så litt nibbles og tapas, samt litt bobler både for store og små. Me fekk på TV-en og såg litt på nyttårsshowet. Og 2350, så tok me turen opp for å sjå på fyrverkeriet.
    Kings Cross ligg ikkje midt i byen, men det ligg litt på ein høgde og du har utsikt over brua og skylinen. Me reiste opp til bassenget, og her var det dekt til for høvet, og me delte det med eit 20 talls andre. Men rundt omkring i bygget, så hørte me at festen var igang, og terrassene i bygget var fylt opp. Nyttår kan komme
    1 på tolv.jpg
    Steminga var stemt, og me såg mot brua.
    Eg klarer ikkje dele video her, så det må klare dykk med lenke:

    https://photos.app.goo.gl/LnpugJqBCWsFiXMc7

    Bilder fekk eg ikkje tatt, og dette er berre fyrste del.

    Etter nye 25 minutt med fyrverkeri, så var me inne i 2019 med to trøtte born, og også litt trøtte foreldre, og me tusler ned etter nokre minutt med gratulasjoner, og avslutter kvelden.

    Sydney er fantastisk til nyttår.

    Er det verdt det?
    Det er ein fantastisk stemning i byen, og alt rundt det var topp. Med born, så var det me gjorde den beste løysinga, og eg anbefaler å bu i byen sjølv om det koster, då det tek lang tid å komme seg ut av byen. Får me moglegheiten til å gjera det att, så vil me nok velge å ein anna plass. Ikkje fordi me ikkje likte Sydney, men no har me liksom gjort det.

    Videre følger våre dager i Sydney, som me deler med millioner av andre som også tilbringer nyttårshelga her.
    vv
     
  3. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Virker som en uforglemmelig nyttårs feiring... Kanskje dette skal være med på the bucket list... Forsatt ung(tror jeg)...masse tid igjen :rolleyes:
     
  4. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Me hadde tre nye netter i Sydney, og me hadde no strålande vær desse dagane. Byen er merkbart full av turister, og sjølv om kontor er stengt, så er byen travel. Spesielt på turistdestinasjoner, så her er det berre å komma seg opp om morgonen! Det er kø over alt når det dreg på, eventuelt vente til seint.
    Me starta med ein tur til akvariet, og kom alt for seint. 2 timer kø, og me hadde kjøpt eit trippelpass som skulle hoppe over køene. Dream on. Heldigvis var det ikkje kø på den australske dyrehagen som låg vegg i vegg.
    blue tounge.jpg
    butterfly.jpg ta på diamond pyton.jpg tassie devil.jpg

    Og det var ikkje verdens beste Zoo, men det var fint for ungene! Du kunne få ta på litt reptiler, og kom ganske tett på andre dyr. Sommerfoglhagen i starten var også fin!
    Men koala fotografering var totalt bortkasta. Det er noko med kommunikasjon for disse stedene, spesielt når det er så mykje folk. Det var konstant lange køer, sjølv om dei solgte såkalte hopp over køen billetter, så var dette kun hopp over køen for å kjøpe billetter køen, ikkje inngang køen. På tide å selge billetter med tidspunkt for å komme inn, som mange andre.
    Men me fekk tatt bilete av oss med koala, sjølv om det var bortkasta tid og penger. (I NSW og Queensland så trur eg det er forbudt å halde ei Koala, men det skal vera lov i SA og Victoria. På Tassmania er vel alt lov med dyr...)
    koala.jpg

    Så var det på tide å få litt sand mellom tærne, og Manly neste.
    Men fyrst litt kjøtt
    litt waguy.jpg

    Så var det Manly, som er det eg liker kanskje best i Sydney.
    harbour brigde manly.jpg manly båt.jpg manly beach pakker ned.jpg manly mørkner.jpg city lights.jpg

    Så var det rett i seng, og dagen etter kom me oss opp om morgon, og kom oss på Akvariet.
    Me var veldig imponert over akvariet sist(i 2004) og det er fortsatt bra, men me har kanskje opplevd meir? Det var ingen kø når me kom 10 minutter etter opning, og det var veldig lite kø, men bra med folk.
    grey nurse.jpg

    Så var det tid for litt meir bading
    basseng.jpg

    Og ein kveldstur til Bondi og litt pizza!
    Bondi.jpg pizza bondi.jpg

    Elles hadde me fine dager i Sydney, og sjølv om me prøvde å komme inn på Sydney Tower klokka 15 der det var 2,5 timer kø, så gjekk det greit. Kom oss ned til havet og ein drage
    drage org.jpg

    Og neste dag, presis på opning, så var me attende i tårnet
    sydney tower 2.jpg sydney tower.jpg sydney tower3.jpg
    Dette var ganske ok, og du fekk god utsikt og føling med byen, og me angra litt på at me ikkje gjorde dette fyrst. Men eg anbefaler ein tur, då det ikkje er for dyrt.
    Men så var vårt Sydney eventyr over for denne gong, og sjølv om eg liker byen, så er det andre byer og plasser eg føler er meir Australia, og då er det på tide å finne desse.

    Og då må ein kjøre bil!
    the ride.jpg
     
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,659
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Da fruen og jeg var på en Koalapark up river i Brisbane for 5-6 år siden, så fikk hun holde en Koala. Brisbane er vel Queesland?
     
  6. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Husker feil.
    Det var Victoria det ikkje var lov, og overraskende nok Tassie og NT.
    Så i Queensland kan du kose koala
     
    RoadKing liker dette

Del denne siden