One night in Taipei, and a(night)marked Oyster, the lov'hotel is tempting, but the pearls ain't free

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 20. mars 2019.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    The kitty is boarding!
    15531161732842407003613823596394.jpg
    Litt forsinka, men boarding og trygt krølla saman i setet.
    IMG_20190320_210142.jpg

    Klar for avgang. Sjåast på andre sida og god natt!
     
  2. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Spoiler: Det blei ikkje nokon østers i Taipei!

    Etter ei lang reise, og litt uforskning i Taipei i går kveld og i dag tidleg, har det ikkje vore tid til å oppdatere noko reisebrev, men på Plaza Loungen som Thai bruker på TPE, så er det litt tid.

    Etter ein lang dag på onsdag, med tidleg opp, jobb, bil til Gardermoen, fly til LHR og 3 timer på flyplassen, så var me klare for å flyge. Det at ein skal ta flyet for å slappe av og for å sove, er jo ein rar kommentar for dei fleste, men me hadde 16 timer foran oss i noko av det ypperste i lufta. Forventingane var store!

    Det har vore litt ekstra arbeid for dei fleste flyselskap som normalt flyg over Pakistan, og dette gjeld også for EVA, og me kom i vegen ca 40 minutter forsinka.
    eva 77w.jpg boarding.jpg

    Eg er ikkje så veldig bevandra i alle ulike Biz-kabiner, men dette er då eintbakvendt fiskebein oppsett, og setene er over 2 meter, som tidligare er dokumenter med tommestokk.

    Setene er litt smalere en til dømes SQ sine seter, men dei er lengre. Eg er 194 cm og 105 kg, og setene var lange nok. Dei er smale, men ikkje for smale setet.jpg setet 2.jpg vindauge.jpg

    Det er ikkje dei beste setene for par, men det fungerer greit. Me satt i den bakerste biz-kabinen, som var ca 2/3 full. Fremste kabin var full.
    Det einaste som var litt negaitvt var at reisten av flyet boarder på dør L2, og går gjennom heile vår kabin, men den er mindre og dermed litt meir intim. Lite trafikk forbi setene våre på rad 9. Men det var ein del viftestøy i flyet, usikker på om det var kun i vår kabin eller generelt.

    Tok også ein titt på premium eco, som såg brukbart ut

    premium eco.jpg


    Katter kan sove opptil 18 timer i døgnet, men ikkje på tom mage. Det var tid for mat og drikke
     
    jgroneng, MilageRune, drsyk and 16 others like this.
  3. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Eg er litt over middels oppteken av mat, og har dømt mat og drikke på brukbart nivå. Det er sjelden eg blir imponert over mat på fly, og har stort sett blitt overraska over små retter og ting som er langssteikt eller med mykje umami. Boksen til SAS har overraska meg nokre gonger, Vietnam Airways i Eco har levert, men SQ har skuffa meg. Maten er god, men ofte så prøver ein litt for mykje.
    Når det gjeld EVA så hadde eg sjekka book the cook, men etter erfaringa med SQ, der eg bytta ut rettene eg fekk, så kjørte eg det dei hadde om bord.

    Menyen såg slik ut:
    meny mat.jpg meny 1.jpg frukost.jpg bkk til tpe meny.jpg

    Dette såg lovende ut! Ting som kan fungere, og ting som ikkje kunne fungere. Vinene er av god kvalitet, sjølv om det ikkje er alltid dei beste produsentane. Men eg overlever dette!

    Eg tek bobler ved boarding, men held meg til vatn, då eg veit det kjem betre ting i lufta
    den store damen.jpg
    Har hatt La Grande Dame mange gonger før, og også hatt den i kjellaren, men det er ei stund siden eg hadde smakt den no. Det fyrste glasset eg fekk var nok frå ei flaske som hadde vore open litt, men fortsatt så er det ein flott vin. Det er ein ganske fyldig Champagne, med preg av godt modne epler, lett sitrus og litt gjær og toast. Den har ein godt balansert vin, og har god lengde. Verkeleg ein god vin, og dette satte standarden!

    Så fekk me litt for å få opp appetitten:
    appetittvekjar.jpg
    Litt foie gras og litt brie. Gode smaker, og passer godt til champisen. Dette er mat som tåler å fly, og det var gode, reine smaker. Imponert

    Forrett fyrste rett.jpg

    Litt laks, med grynsalat og ein mouse under laksen med meir laks.
    Edit: Fortsettelse
    Heile retten bærer preg av at den er forlaga og stått lenge kaldt. Den treng verkeleg litt temperatur for å få fram litt smak. Etterkvart så kjem den fram, og sjølv om smakane er reine og gode, så er ein ikkje heilt imponert over laksen. Det er også i overkant mykje grapefrukt, og det gjer også at Champisen strever litt ekstra, men alt i alt ein godkjent rett

    No går flyet til BKK. Fortsettelse følger
     
    Last edited: 24. mars 2019
    jgroneng, MilageRune, drsyk and 22 others like this.
  4. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Hovudrettane
    Eg valgte pork tenderloin og scallops som hovudrett. Uvisst kvifor, men eg ville prøve kamskjell med seafood chowder saus, litt for at eg ikkje heil hadde trua
    pork og scallops.jpg
    Det viste seg at kamskjella hadde god steikeskorpe og var saftige, mens grisen hadde sett sine beste dager og var tørr og seig. Eg åt opp kamskjella og den litt kjedelige men greie chowderen og bestilte kylling i staden, noko som var mykje bedre og var ein saftig og god rett. Risen var litt tørr, men hadde ein rein, god smak og var av bedre kvalitet.

    Til kyllingen vart det ein Mersault, 1er cru men eg kjem ikkje i hug vi marka og bileta må komme seinare.

    Osten og desserten var også over pari, sjølv om eg fekk portvinen i eit shotglass.

    Litt spoiler før bileta kjem, så var EVA fantastisk bra. Fantastisk sørvis, som alltid var tilstades, god til super mat og god til super vin. Setene er litt trange, men god lengde og god privacy. Eg vil aldri ha problem med å fly EVA, og samanligna med THAI Biz frå TPE til BKK, så var det som natt og dag.

    I morgon så står Thai i F med A380 på programmet. Har middels forhåpninger, men gleder meg!
     
    jgroneng, SAJblue, kjeeli and 12 others like this.
  5. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Straks siste leg i de betre klasser IMG_20190325_115834.jpg
     
    kjeeli, Earl, Kristian and 10 others like this.
  6. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Den sjokoladen var av de bedre smakt på lenge! Kuba er det forsatt ingen kommentar til...GOD TUR
     
  7. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    For en nydelig Lounge!
     
  8. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Tigeren har landa og me har kommet til de tyske dragene. Litt kultursjokk etter tre dager i Bangkok, med nikking, smiling og vennlegheit som topper seg med Thai i first class.
    Det vart litt dragete og møte ei som skulle gå oss til loungen og dama i senatorloungen. Oppleves nok ikkje slik om to veker
     
    Modegard, Eddie47, Kristian and 2 others like this.
  9. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Fyrste gong i ekte first class.

    Eg har tidligere hatt billetter med SQ og TG i F, men måtte kansellere dei, og no var tida kommet for å sjå om first class verkeleg var så bra som ein skryt av her inne. Tidligere er SQ, EVA, LH, TG og SK sjekka ut i Biz, og EVA er den suverene vinner, men F skal testes no.

    Eg hadde lest meg opp på kva eg kunne forvente, og forventning var ein litt overdådig lounge og innsjekkoppleving. Eit litt eldre fly med store seter og brukbar mat. I tillegg til masse smil
     
    Modegard, Eddie47, Kristian and 5 others like this.
  10. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    First class:

    Me kjem oss til BKK etterkvart som me finn ein taxisjåfør som ikkje ville diskutere pris med oss, og var nok den ærligste sjåføren me hadde hatt, sett bort frå Grab-sjåfører. Han kjører oss inni taxi parkering, og me ser at det lyser first class mot oss rett bortafor. No nærmar det seg eit av måla med bonusjakta seg, og sjølv om det er gjennomplanlagt, så er gleda stor. Terminalen er rein og fin, men litt kald og upersonleg. Men me fann fort nok personlegheiter, og når dei forsto at me skulle inn i F delen, så hadde me stort sett folk rundt oss heile tida. Me fekk lov å bære eigne vesker, men alt anna blei overtatt for oss, og me trengte ikkje tenke reisten av reisa.
    ensom innsjekk.jpg innsjekk.jpg
    venteområde first class.jpg

    Me har aldri følt oss så ivaretake, og sjølv om det er litt i overkant for ein stakkars normann, så føles det ikkje falsk og tilgjort.
    Innsjekk var gjort undå kjapt, og sikkerhet/grensepassering var særdeles fort gjort, og me kom etterkvart til rulletrappa, der vår guide vinka på golfbilen. No var me klare for den surrealistiske turen med golfbil gjennom businessclass loungen, og det var godt det var lite folk her.
    Og plutseleg var me framme i ein lounge, der det iallefall var 3 tilsette for kvar gjest, og me fekk eit privat rom og bestilt oss massasje.
    Loungen var fantastisk flott ivaretatt. Flotte dekorasjoner og umulig å bevege seg uten at nokon skulle hjelpe deg, og sjølv om dei etterkvart forstår at eg kun er nysgjerrig og litt utålmodig, så er dei alltid til stades. Me fekk ikkje testa så mykje av maten eller drikka, då me viste at bedre ting venta oss når me kom ombord.
    Spaen var også flott, og me fekk eit flott time med lett vold i form av Thaimassage. Og etter ein kjapp tur for å få brukt opp Bahten sin på Thai Rom og litt andre suvernirer, så var tida kommet for å gå til flyet. Me hadde håp om å kjøre golfbil, men det vart berre personleg fulgt heilt til setet
    dagens fly.jpg A380 er eit snodig fly. Den kan vel ikkje kallast elegant, slik som ein A340 er, men ser meir ut som den er litt oppblåst. Men uansett, det er eit fantastisk fly, og dette blir vår tredje tur her, og etter to turer bakerst i andre etasje, blir det fint å sitte fremst. Boardingen var i sin siste fase, og me vart fulgt rett inn i vår lille Thai himmel.
    setet.jpg vindu rad 3.jpg grei beinplass.jpg kofferten.jpg
    Ein får eit vist inntrykk av at det er ein kabin som har sett nokon år, og eg er litt overraska at dei ikkje har fiksa små skader her og der. Men for oss så var det reint og fint, og det alt fungerte fint for oss. Setet er stort, og komfortabelt, men eg er litt overraska over at det ikkje er lengre. Eg tipper det er ca 2 meter, og eg veit det funger for dei fleste, og det fungerte også veldig fint for meg. Det er god plass til å ha dialog med sidemannen, eller denne gongen dama, som også var det einaste kvinna i denne kabinen i dag. Rundt oss satt det 6 menn på kvart sitt vindaugesetet, og me var dei einaste på dobbeltsetene i midten.

    Men setet og alt rundt det kjem eigentleg i andre rekke.
    For sørvisen om bord er nok det beste eg har opplevd. Me har ein særdeles oppvakt og lett vittig kabinsjef, og den hans kvinnelege motpart har ein måte å smile på, som gjer at ein må bli i godt humør. Det er litt synd å karrikere det, men det er det nærmaste eg har sett er når ein tekner Thaiar som smiler. Heile fjeset og heile kroppen var i bruk, men fortsatt veldig opptaken av oss, og me får til ein god dialog om mat og drikke.
    I glasset kjem det ganske fort litt munkebobler, DP, og me er fornøgde. Etter å ha blitt overraska over kvaliteten på La Grande Dame på EVA, så blir eg ikkje så blåst av stolen her. Champagnen er av særdeles god kvalitet, og har ein flott mineralitet og god konsentrasjon, så hadde eg forventa litt meir av denne vinen. Men for all del, den er litt ung, og hadde fortjent nokre år for å få fram litt modenhet.
    Me startar showet
    meny 2.jpg meny.jpg viner 2.jpg viner.jpg
    Gjennomgåande så lyser det kvalitet over viner og vestlig kvalitet over rettene frå vesten. Eg valgte bestemt Thai-retter, og vår fantastiske vertinne var også veldig fornøyd med at me gjorde det. Me drakk derimot franske viner.
    Vinene er også gode produsentar med gode vinmarker, og dei var generelt veldig gode. Det var ikkje alle vinene dei hadde, og ein Chablis Fevre Bourgros og Beaune 1er cru var ikkje med i dag, men eg overlevde då dei andre vinene var særdeles gode. Men DP var betre enn nokon av kvitvinene, og dette vart gjennomgåande val

    Maten følger
     

    Attached Files:

    Last edited: 26. mars 2019
    ordnetseg, jgroneng, SAJblue and 21 others like this.
  11. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Liten appetittvekker var tørka sopp med advocado, som eg synes var ein god start, og som var litt anderledes en det eg hadde tenkt
    appetittvekker.jpg
    Maten på fyrste klasse føler eg ofte har ein tendest til å bli lagd kun for å vera eksklusiv, og ikkje alltid så stor fokus på kvaliteten. Ofte bugner det over av fileter, hummer, gåselever og kaviar. Alt er godt, men ofte så kan det bli litt kjedelig om det kun er laga for å vera eksklusiv.
    Men me måtte ha kaviar
    klar for litt kaviar.jpg
    Kaviar og ein god champis er noko eg kan sette pris på, og eg skippa elegant over vodkaen, då eg synes denne kun blir leskende og ikkje komplementerande.
    Kaviaren var servert med eit tilbehør av smaksatt syrna melkeprodukt(usikker på om det var ein rømme eller yoghurtbase) finhakka sjalottløk, eggeplomme i terninger og eggehviter i terninger, samt melbatoast og sitron. Kaviaren var frå hvit stør, og var av ok kvalitet. Det var litt myke korn som ikkje var av verdens største, men smaken var ren og lett mineralsk. Og eg synes dette var ein grei start. DP fungerte også godt til dette

    "Fyrste" rett

    første rett.jpg
    Dette var tigerreker pakka inn i ein slags crepedeig. Nydelig presentert, men retten i seg sjølv var ganske kjedeleg. Smakene var reine, men ikkje noko som imponerte meg. Fungerte betre med DP enn med Chablis Grand cru

    hovedrett, ribbe og curry.jpg
    hummer.jpg

    Hovudrett en var ein Thai svineribbe curry med diverse tilbehør, blant anna ein hummerhalesalat.
    Eg valgte bort wagyufilet etter litt tankevirksomhet, men when in Rome.
    Ein av dei litt meir krevende reisende sendte denne attende to gonger.

    Retten var av god kvalitet, og curry en var av det elegante slaget uten å vera for sterk. Det var ris av beste kvalitet, og dei to variantene var svært gode. Tilbehøret var av litt varierende kvalitet, og hummerhalene var skuffende. Salaten var god
     
    Last edited: 26. mars 2019
  12. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    HELT FANTASTISK... MISUNNELIG I 1000!!!!! :D:D:D:D:D

    Er sååååååååååå lenge til juli:(:(:(
     
  13. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Også videre

    frukt og ost.jpg
    Det er oste- og frukttralle på Thai F klasse, og eg var ikkje slik voldsom sugen på ost, så det vart ikkje mykje. Og det var kanskje like greit. Ingen av ostene var overbevisende på utsjånad, og eg fekk beskjed om at blåmuggosten var ein danish blue, og tok litt brie. Denne hadde ein merkeleg overflate, men ein moden smak. Det verka som om den var vaska. Eg var litt slik i tvil på denne.
    Frukta var derimot moden, og fekk min beste dragefrukt på turen. Og både ananasen, pomeloen og vannmelonen var bortimot perfekt modne.

    Dessert
    Me fekk to desserter, noko eg trur var for alle
    dessert.jpg dessert2.jpg
    Me fekk som sagt to desserter, ein litt thai inspirert med sticky rice og nokre småretter. Dette smakte godt, sjølv om det var i overkant søtt før meg.
    Den vestlege desserten av av det litt større slaget, og det var ein slags sitronmousse med bringebær på siden. Bringebærsorbeten var god, og heile retten var god. Sakna litt konsentrasjon i smaken, og den framsto som litt masseprodusert.

    Til andre servering, så klarte eg kun å få med meg eit bilete
    maccademia.jpg
    Men eg synes heile den serveringa var av veldig god kvalitet.
    meny 2.jpg
    Den fyrste retten var litt kjedelig, men var godt som fyrste rett. Men suppa var svært god. Currysmaken var velinntegrert i suppa og creme fraichen ga den eit litt fyldigere preg. Krabba vart litt borte i smaken, men ga litt munnfølese til retten.
    Eg måtte berre prøve fylte kyllingvinger til hovudrett, og det var også ein god rett. Mild, men fyldig og konsentrert curry. Brukbar ris

    Desserten fekk eg bilete av, og sjølv om det var litt kraftig kost for meg etter nokre timer på ryggen, så var den av god kvalitet.
     

    Attached Files:

    EndreD, jgroneng, SAJblue and 20 others like this.
  14. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Neier og bukker for noen delikatesser, fy f@der det er bærre lækkert ;););)
     
    Sunnfjordingen and Eddie47 like this.
  15. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Oppsummering Thai F

    Overdådig og tullete bra sørvisgrad, med ekte, herlige folk.
    Gode, store og litt utdaterte seter og førsteklasse kabin, men med fantastiske toalett som var tipp topp heile vegen. Gjekk sjelden på toalettet uten at det hadde vore personell inne der mellom kvar enkelt, då det låg ein papirduk på ringen toa.jpg toa2.jpg

    Veldig bra kvalitet på vinutvalget, sjølv om eg sjølv hadde forventa litt meir av Dom Perignon 2009. Men champisen var topp kvalitet, og eg trur den vil bli fantastisk når den får 5-10 år til i kjelleren.
    Eg hadde ikkje dei største forhåpningene til maten, og vart difor positivt overraska. Kaviarsørvisen var bra, og alle retter var fantastisk pent presentert, og det var ikkje (alltid) berre brukt eksklusive råvarer for å bruke eksklusive råvarer. Risen på fyrste servering, spesielt den sorte, upolerte risen, var veldig bra, og dei leverer veldig bra på sine lokale retter, samt at det var ein stoltheit å spore når dei serverte sine lokale retter.
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det er mogleg at eg kjem frå enkle kår, men dette såg rett og slett herleg ut! Takk for at du deler, @ValdresBjarne :)
     
  17. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Inntrykk Bangkok bangkok by night.jpg bar saffron banyan tree 52 etasje.jpg by night.jpg elvecruice.jpg finerkaos.jpg Gullbuddha.jpg meny elvecruice.jpg palace by night.jpg reker elvecruice.gif saawaan dessert.jpg saawaan hovudrett.jpg saawaan mat2.jpg saawaan.jpg saawan mat.jpg tempel chinatown.jpg
     

    Attached Files:

    Lnbre, EndreD, jgroneng and 20 others like this.
  18. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
  19. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,684
    Likes mottatt:
    10,232
    Bonuspoeng:
    293
    Jøje meg, for en tur og FOR noen bilder! Tusen takk for at du deler med oss!
     
  20. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    323
    Likes mottatt:
    1,212
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for at du deler @ValdresBjarne.
    @drsyk får oppleve i juni. Jeg må vente til oktober.... og gleder meg ikke mindre nå etter din beskrivelse av TG F
     
    drsyk liker dette

Del denne siden