Orknøyene: En inspeksjon av Norgesveldet (levende saksdokument)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 06. juni 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Like ved jarlens palass ligg St. Magnus-kyrkja. Ikkje bland henne med St. Magnus-katedralen i Kirkwall. Kyrkja er enkel både utvendig og innvendig, nøkkelen hentar du i butikken like ved og du låser deg sjølv inn og ut av kyrkja.

    20180609_143210.jpg

    20180609_143900.jpg

    St. Magnus-kyrkja vart etablett i år 1064 og Sankt Magnus var vel blant dei første, om ikkje den første, biskopane på Orknøyane.
     
    Upsaker, jvsandem, paron and 3 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit kvarter til fots frå jarlens palass og kyrkja ligg det ei øy. Når det er fjære sjø er øya tilgjengeleg. Her ute ligg det ruinar av ein vikingelandsby, ei kyrkje og eit kloster i flotte omgjevnader:
    20180609_150146.jpg

    Igjen ser vi spor av ei fjern historie som orknøyingane veit å ta vare på. Infoplakatar om denne staden og andre er plassert ut og ein kjem heim litt klokare.

    20180609_150351.jpg

    På toppen av øya ligg ei fyrlykt:
    20180609_151401.jpg

    Neste stopp er Atlanterhavet:
    20180609_151347.jpg

    Følg med på tidevatnet, elles må du ringje 999 og få assistanse frå Kystvakta. Det er jo litt flaut...

    20180609_153041.jpg
     
    Last edited: 11. juni 2018
    Upsaker, jvsandem, milehigh and 6 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tips: Ta med gode ruslesko og labb i veg. Siste buss inn til Kirkwall går kl. 1800. Vi nådde mykje på dei nesten fire timane vi brukte i Birsay-området.

    20180609_155501.jpg

    Inspeksjonskonklusjon: Ein flott stad ut mot havet. @Earl sitt palass bar preg av tidas tann, men juniorinspektøren hang ikkje med nebbet av den grunn. Frodig og fredfull stad. Godkjent-stempel delast ut villig vekk.

    20180609_160137.jpg
     
    Upsaker, jvsandem, paron and 3 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kirkwall:
    Med sine 5 000 innbyggjarar er Kirkwall største by på Orknøyane. Han er slett ikkje usjarmerande. Inspektørane har kost seg her òg.

    St. Magnus-katedralen dominerer bybiletet:
    20180610_113232.jpg

    Vegg-i-vegg med kyrkja ligg biskopens hus, bygd på same tid som Håkonshall i Bergen, altså 1100-talet:
    20180610_110818.jpg

    @Earl har òg i Kirkwall sitt eige palass:
    20180610_110127.jpg

    Av naturlege grunnar er dette palasset litt sjabert fordi eigaren på 1500-talet levde så ekstragavant at han bygde seg opp ei gjeld på 150 000 pund. Det ville vel ha vore tilsvarande eit statsbudsjett eller to i dagens pengar.
     
    Upsaker, jvsandem, paron and 4 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Mat og drikke i Kirkwall:
    St. Ola's bar ved hamna byr på brillefin mat. Her blir ting laga frå botna, så dei ber om litt tolmod, men vi fekk fôr på bordet på rundt 20 minutt. Vanleg britisk pubmat.

    Lucano lagar òg mat på botna, grundig og fint. Her kan matlaginga fort ta 25 minutt. Italiensk. Knallgodt.
    - Tips: Bordbestilling kan vere lurt.
    20180609_203227.jpg

    Orkney hotel: God britisk pubmat. Ingenting å grue seg til.

    Ikkje prøvd: Helgi: Det var aldri plass her...

    Lokal mat, både fisk og kjøt er tilgjengeleg alle stadar. Det er lett å få fatt i og prisane er slett ikkje avskrekkande. Vi har vel ikkje vore mykje over 40 pund, då inkludert litt alkohylerande drikke.

    20180610_173647.jpg
     
    Upsaker, jvsandem, RoadKing and 5 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dyrisk intermesso:
    20180610_193505.jpg
     
    Upsaker and Eddie47 like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Når det gjeld overnatting har inspektørane i denne runden testa Hotel Orkney. Greie rom og triveleg stad. I frukostsalen var det lett kaotiske tilstandar som leia tankane i retning 'Hotell i særklasse', men slett ikkje like skandaleprega. Det vart berre litt mykje for dei to servitrisene med éin gong det var fleire enn fire gjestar til frukost på same tid. Vi hadde god tid og humra mykje for oss sjølv. God mat!

    Av uforståelege grunnar har vi ingen bilete frå hotellet per no, så vi tar eit bilete frå den lokale bensinstasjonen i staden:
    20180610_124131.jpg
     
    Last edited: 11. juni 2018
    Upsaker, jvsandem, RoadKing and 4 others like this.
  8. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,652
    Likes mottatt:
    34,854
    Bonuspoeng:
    293
    Ser dere er på busskjøret. Noe som ikke er dumt. Har dere utredet leiebilen fordeler og ulemper på Orkenøyene? eller utgikk det fra planleggingsstadiet?
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Hovudårsaka til at det vart bussing på oss er at eg gløymde att førarkortet mitt nordpå i Aust-Finnmark. I tillegg las vi oss fram til at busstilbodet er godt bygd ut her. Med tanke på at det bur litt over 20 000 menneske på Orknøyane er kollektivtilbodet veldig godt, sjølv om ein må planleggje litt. Leigebil gjer at ein får sett meir på kortare tid, heilt klårt, men å sjå utover landskapet frå bussvindauget er òg fint.
     
    jvsandem and Eddie47 like this.
  10. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,652
    Likes mottatt:
    34,854
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg er grunnleggende glad i offentlig transport ( selv om jeg bor i Oslo). Men tenker på ferietur med eldre familiemedlem, og da blir leiebil mer aktuelt.
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Slik eg har observert trafikkbiletet frå bussetet er det ikkje noko problem å bruke leigebil. Skiltinga er god og det er ikkje veldig mykje trafikk her ute.

    Ha in mente at alle dei lokale køyrer nesten alltid for fort. Høgste registrerte fart er 128 miles i timen (vedkomande vart aldri tatt). Den personen som har køyrd fortast og vorte tatt for det, låg i rolege 98 miles i timen (vedkomande vart dømt til evig fotgjengeri).

    Maksimal fartsgrense her ute på landeveg er 60 miles i timen, men 50 er minst like vanleg. I tettbygde strøk er 30 vanlegast.

    Bussjåførane er ofte tunge på gasspedalen, dei fyk gjerne forbi 'hattkallar/hattkjerringer' som følgjer fartsgrensa, og som oftast er dei tidleg ute, gjerne fem minutt allereie frå starthaldeplassen. Rett nok har vi ikkje opplevd uvøren køyring på noko vis, så alt er fryd og gammen.
     
    Upsaker, jvsandem, RoadKing and 2 others like this.
  12. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,652
    Likes mottatt:
    34,854
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for info. God tur videre og takk for flott dokument.
     
    Kristian liker dette
  13. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,909
    Likes mottatt:
    12,911
    Bonuspoeng:
    183
    Vet ikke hva du livnærer deg av i Aust-Finnmark, kan det være som dagpappa for naboens katt? Uansett, du har helt klart en fremtid (og for alt jeg vet også en baktid) som forfatter og utgiver av reiselitteratur. :) Keep it coming!
     
    rkvalvaa, Travellingalf and Kristian like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det!

    Ref. bilkøyring: Det er lett tilgang til parkering ved alle attraksjonar og i Kirkwall finst det langtidsparkering. Dei fleste ferjene tar òg med bilar (førehandsbestilling kan vere lurt).

    Så etter mitt ringe syn blir det nok ein bra og ganske så smertefri tur sjølv ved bruk av leigebil.
     
    Upsaker liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Juniorinspektøren @Earl påstår med rette at seniorinspektøren nok høver best i små doser i lukka fora, men det betyr ikkje at herrens ord ikkje varmar. Tvert om! Tusen takk! :)
     
  16. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,220
    Likes mottatt:
    17,304
    Bonuspoeng:
    293
    Å kjøre bil på Orknøyene er veldig uproblematisk. Var der for ca en måned siden, og hadde leiebil i 4 dager. Fordelen er at du kan kjøre hvor du vil, og stoppe der det passer deg.

    Største utfordringen de første timene var at jeg ikke har kjørt bil med manuell gir siden 2012, og heller ikke kjørt på feil side av veien i stor skala på ca 20 år :)
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    LM0433 frå KOI til GLA
    Flybussen går kvar halvtime, vår starta fem minutt seint frå sentrum av Kirkwall, men med regelmessige fartsgrenseoverskridingar ut til flyplassen kom vi hit i god tid. Innsjekk startar 10:40, avreise er 12:00.

    KOI byr på kiosk, bar og kafé og du går gjennom sikkerheitskontrollen når dei ropar opp flyet ditt. Veldig enkelt. På oss vart det is før avgang:
    20180611_105426.jpg

    Ute på stripa er det morosame fly:
    20180611_105113.jpg

    Loganair styrer skuta. Fin flyplass!
     
    Upsaker, Eddie47, Stuttfeiten and 2 others like this.
  18. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Tid for hjemreise

    Så var vi på Kirkwall airport etter noen flotte dager på Orknøyene. Returen starter ned Loganair til Glasgow kl 12 før BA frakter oss resten av veien til Oslo via Heathrow.
    Ventetiden på flyplassen brukes til å støtte der lojale meieri/ isfabrikk. Den anbefales absolutt og vi har i løpet av besøket testet de fleste smaker.

    Innsjekking foregår raskt og greit, og sikkerhetskontroll går man først igjennom når det annonseres og flyet er på vei inn for landing...


    Eneste som mangler er smaksprøver av lokale varer servert av søte guider fra destilleriet :p:oops:.. De har vel og merke bar her, men den ble ikke besøkt
     
    Upsaker, Stuttfeiten, Berlioz and 3 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Og veldig triveleg sikkerheitskontroll der dama på framsida av gjennomstrålinga jabba skit med alle og køyrde manuell sjekk av alle boardingkort. Eg synst slikt er mykje kjekkare enn alle desse automatane og slikt som gjer at ein ikkje har kontakt med menneske på reisa.

    På andre sida av kontrollen er det eit venterom. Ikkje noko meir. Fin utsikt til stripa, men ingen grunn til å be om å få gå tidleg gjennom sikkerheitskontrollen.
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dei har ein bokhandel i venterommet. Du henter ei bok i hylla og betalar i syltetøyglaset ved sidan av. Eit samfunn bygd på tillit er fint :)
     
    Eddie47, Stuttfeiten and Earl like this.

Del denne siden